Ny redaktør på Fogn.org!

Grendalaget er glade for å kunne melde om at Kristian Sandanger Iversen no er ny redaktør på Fogn.org! Kristian har, trass sin unge alder, lang erfaring frå si eiga nettside Opsalnyhende og han er ein ivrig brukar av både foto- og videokamera. Han er no klar for å laga mange gode reportasjar og artiklar på Fogn.org, og set pris på tips og innspel anten på mobil 45 11 54 33, mail kristian.sandanger.iversen(a)gmail.com eller via kontaktskjemaet på Fogn.org. Kristian har også tilgang til kalenderen på Fogn.org, og kan kontaktast dersom det er noko som skal inn der.

Den gamle redaktøren, Håvard Østhus, går no inn i ei meir rådgjevande rolle.

 

Påminning om ope museum på laurdagar

Erås Museum har i det siste vore ope på laurdagar frå klokka 13.00 til 15.00, i anledning utstillinga til Kåre Holm: "Ein bit av Fogn". Fleire har vore og sett på utstillinga, men du har framleis høve til å få den med deg, om du ikkje har kome så langt enno. Museet er nemleg ope både laurdag 5. august og laurdag 12. august frå klokka 13.00-15.00. 

Alle er hjarteleg velkomne!

Ordføraren kjem på besøk, fredag 14. juli

Ordførar Henrik Halleland har bestemt seg for å besøke dei ulike øyene i kommunen i sommar, rett og slett for å slå av ein prat med dei som ynskjer å snakke med han. Har du ei sak du ynskjer å lufte for ordføraren, eller vil du berre nytte høvet til å veksle nokre ord med den øvste leiaren i kommunen, så kan du gjere det på Joker Fogn, fredag 14. juli, frå klokka 13.00. 

Velkommen!

For ein folkfest!

Måndag 10. juli kom "sirkuset" Tour of Norway for kids til Fogn, og for ein folkefest det vart! Over 500 personar møtte opp, der nesten halvparten var deltakarar i alderen 0 til 13 år. Folk kom frå heile Finnøy kommune og frå Strandalandet, i tillegg til at mange ferierande tok turen, og både store og små såg ut til å kosa seg masse på Fogn denne dagen! 

Joker Fogn og Fogn IL hadde laga til ei spanande løype på Runestad, der deltakarane fekk prøve seg på ulike underlag som asfalt, grus og gras undervegs i rittet. Først ut var dei aller minste, og her var det mang ei mor, ein far eller ein besteforelder som måtte slite med å halde følge med fartsglade småbarn, særleg inn på det raske oppløpet! Deretter kom dei eldre barneklassane, gjerne med eit enno større konkurranseinstinkt... Men likevel var det så godt som berre smil, latter og glede å sjå i ansiktet til syklistane som trilla i mål i sine nye, raude t-skjorter, og mottok ein sekk med solbriller, refleks og drikkeflaske til premie.

Når alle var komne vel i mål var det tid for den endelege premieseremonien. Her skulle det, i ekte Tour de France-stil, delast ut fem farga trøyer til dei heldige innehavarane av fem tilfeldig valgte startnummer. I tillegg vart det lodda ut ein sykkel heilt til slutt, og denne var det Una Mjølsnes som var så heldig å vinne!

På førehand var det knytta stor spenning til vèret, som lenge såg ut til å kunne bli plaskande vått, dersom ein skulle tru dei ulike vèrmeldingane på internett. Heldigvis kan vi ikkje alltid stole på desse, for det vart opphald, vindstille og etterkvart ein høgst akseptabel temperatur, som skapte ei flott ramme rundt ein sjeldan stor folkefest på Fogn! Det var som nemnt god stemning blant syklistane, og kiosken til Fogn IL, der ein fekk kjøpt både is, kaffi, brus, pølser og tomatsuppe, var med og bidrog sterkt til at stemningen var minst like god blant alle dei som var møtt opp for å heie fram dei unge og håpefulle!

Klikk HER for å lese Tour of Norway for kids ein eigen reportasje frå rittet, og sjå fleire bilete i serien under:

Berre dagar til Tour of Norway for kids!

Vi er godt i gong med juli månad, og om kun kort tid er det klart for tidenes første Tour of Norway for kids på Fogn! Måndag 10. juli blir det sykkelfest for heile familien, der born frå 13 år og ned til dei på trehjulsykkel kan få bli med på sjølve "rittet". 

Møt opp ved Ivar Opsal sitt kyllinghus på Runestad frå klokka. 16:00 for registrering og utdeling av startnummer. Det vert trekt seks flotte premiar, mellom anna ein sykkel (!) tilfeldig på startnummer, einaste kriteriet for å kunne vinne er at vinnaren er tilstades under premieseremonien. I tillegg vil alle deltakarane verta premierte!

Det vert sal av pølser og tomatsuppe, i tillegg til andre kioskvarer og spinnerar. Det kan også nemnast at det er tilgjengelege toaletter på plassen, så ein kan trygt leggja opp til å vere her så lenge ein vil (det er lov å koma før klokka 16.00 også). 

Har du spørsmål om sjølve løpet er det berre å kontakta rittleiar Ivar Opsal på tlf 99567320.

Ynskjer du båttransport frå Hjelmeland/ Strand kommune, så ta kontakt med Øyvind Sandanger på tlf 92090918. 

Det er mogleg å melde seg på på førehand (via denne sida HER), men ein må uansett møte opp ved registreringa for å få utdelt startnummer og t-skjorte. Arrangørane set likevel pris på om dei som veit at dei skal koma, klikker "deltek" på Facebook, slik at dei har ein viss peiling på kor mange som kjem til å møta opp til denne sykkelfesten! Klikk HER for å kome til den aktuelle sida på Facebook.

 

Kunstustillingen "En bit av Fogn"

IMG_5469.JPG

Kunstutstillingen "En bit av Fogn" består av akvareller av Kåre Holm. 18 arbeid fra Fogn der han på en særegen måte  har fanget miljøet og våre kulturelle røtter. Åpning av utstillingen lørdag 01.07 kl.13.00 i Erås museum.

Kåre Holm har hytte og atelier på Folhammar.

Han er landskapstegner og maler. Holm har laget akvareller og tusjtegninger fra Stavanger av stor kulturhistorisk verdi.

Salg av kaffe og kaker.

Arr. Et samarbeid mellom Erås museum og Kåre Holm.