Nedst i saka er nokre fleire bilete frå både fredagen og laurdagen, og ein videoreportasje frå prologen, laga av Kristian Sandanger Iversen:
Fredag 23. juni - Prolog
Øs pøs regnvær hindra ikkje 20 tøffe syklistar å stilla opp på startstreken under prologen på årets utgåve av Tour de Fogn. Denne knapt 4 kilometer lange etappen tur/retur Pakkeriet - Misjonshumpen er ein kamp med klokka som fort blir til eit blodslit, og det vert ikkje lettare når asfalten er våt og regnet driv i ansiktet.
Per Steinsland, som måtte starte prologen halvannen time før "ordinær" start, sykla på 6:21, og sette med det standarden i herreklassen. Denne tida sto imot angrep frå mange sterke syklistar, og den vart ikkje slått før Ørjan Klev Ladstein kom susande i mål på tida 6:15. Sist startande, Anders Eike, gjorde eit solid forsøk på å slå Ørjan, men han måtte ta til takke med (nok ein) tredjeplass på prologen, med 6:29. Alle tre på pallen kjem altså frå andre øyar enn Fogn, i Finnøy kommune, men fognbuen kom i mål like bak. Trekløveret Ivar Opsal, Helge Magnar Iversen og Jakob Bø tok dei tre neste plassane på tidene 6:34, 6:34 og 6:35, så det er absolutt ingenting som er avgjort her!
I dameklassen var det kun to deltakarar. Heldigvis seier ryktene at det kjem ein tredje deltakar på laurdag, men på fredag var det kun Tora Sandanger og debutant Ragnhild Hartvedt som stilte til start. Ragnhild var også aller første syklist ut, og kom i mål på tida 8:22. Tora, som har sykla "Touren" mange gonger før, starta eit minutt etter Ragnhild, og klarte å kneppe inn på denne tida, slik at ho kom i mål på sterke 8:08, og vann med det prologen for damene!
I klassen 60+ var det også to deltakarar. Ryktene vil ha det til at Njål Hetlelid har trent hardt over lang tid for å vinne nettopp denne klassen i Tour de Fogn 2017. Njål sjølv snakka seg litt ned før start, og fortalte at sjukdom har forstyrra oppladinga, men det såg ikkje slik ut då han suste i mål på 8:08! Hans einaste konkurrent, Lasse Lunde, var ikkje mykje dårlegare, men måtte til slutt sjå seg slått med 7 sekunder, og kom i mål på 8:15. Det går altså mot ein spanande duell blant seniorane!
I år har vi, for første gong, ein deltakar på el-sykkel! Arne Torgersen leverte varene så til dei grader, og sykla historias raskaste prolog på Tour de Fogn! Med tida 5:33 hadde han til og med slått fjorårsvinnar Inge Holla med 9 sekunder, og då forstår ein at her har det gått fort! Men vil el-sykkelen klara seg godt over lengre tid? Det, og mykje meir, får vi svar på i morgon frå klokka 14.30, då det er fellesstart med to rundar rundt øya, i tillegg til eige barneritt etterpå!