Program for 17. mai på Fogn

17. mai

Fogn 2017

Klokka 09.30: Samling ved flagget på oppvekstsenteret. Deretter går toget.

Klokka 10.30: Samling i kyrkja. Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over.

Klokka 11.30: Matøkt. Ta med stolar og bord slik me pleier å gjere. Kiosk med bla. kaffi, brus, pølser og is!

Klokka 12.30: Leiker for små og store

Klokka 14.30: Premieutdeling

Klokka 19.30: Folkefest for dei ifrå 8. klasse og oppover. Magnhild Meltveit Kleppa er festtalar i år. Dørene opnar klokka 18.45. 

Inngongspengar til festen er kr 250,- per person, max 750 kr per fam (barn t.o.m. 19 år)

Vel møtt til ein festdag!

Turstigruppe og dugnad

Under styremøte i grendalaget 9. mai 2017, var det oppe ei sak om turstiane på Fogn. Det vart gjort ein stor innsats knytta til rydding og merking av stiar for nokre år sidan, og no trengs det vedlikehald. Grendalaget vil settje ned ei gruppe som har eit spesielt ansvar for dette med vedlikehald av turstiane. Frå grendalagsstyret vil Ingeborg Bø Rolfsen og Solfrid Torgersen vera med i gruppa, men dei vil gjerne ha med seg fleire som er glade i turstiane våre! Dersom du ynskjer å vere med i gruppa, er det berre å kontakte Ingeborg (482 86 387) eller Solfrid (415 10 003)

Vi vil samstundes oppmoda dei som nyttar turstiane til å gjerne ta med ei ryddesaks eller ein hammar på enkelte turar, og gjera ein liten dugnad med å klippe greiner som er i vegen, og slå ned merkepinnane langs stien. 

Når det gjeld stien ned til Skinnvika, og stranda der nede, så vil grendalaget gjennomføra ein eigen dugnad laurdag 20. mai frå klokka 10.00-13.00. Her er både store og små velkomne til å vere med, og ta gjerne med ei saks, ei rive, ei motorsag eller anna utstyr du tenkjer kan vere tenleg på ein slik dugnad! Har du spørsmål om dugnaden, kan Heidi Bø Sangedal kontaktast på 470 10 909.

Konfirmantane 2017

Søndag 7. mai var det konfirmasjonsgudsteneste i Fogn kyrkje. Ramma rundt festdagen var flott med både sol og ein temperatur som må vera bortimot optimal for dei som har investert i bunad! Dei fire konfirmantane var Ellen Hole Runestad, Silje Nordvik Akselberg, Ida Selvåg Sunde og Jørgen Bø.

Det var "offisiell" fotografering av konfirmantane like før gudstenesten byrja, og under er eit par andre bilete av konfirmantane.

Påmeldinga til Tour of Norway for kids er open!

Som vi tidlegare har informert om, så kjem sykkelrittet Tour of Norway for kids til Fogn måndag 10. juli. I Rogaland er det Stavanger, Sauda, Egersund, Bryne og Fogn som er så heldige å få besøk av dette "sirkuset", så Fogn er så absolutt i godt selskap!

Ivar Opsal, som er rittansvarleg på Fogn, melder frå om at det no er mogleg å melda seg på sykkelrittet. Det kan du gjere ved å klikka HER.

Elles kan det nemnast at rundløypa som skal nyttast på Fogn, vert lagt til Runestad, der det er både idylliske forhold rundt løypa, og gode moglegheiter til parkering. Meir informasjon kjem etterkvart.

Seriestart for A-laget på fredag!

Fotballbanen, som vert klippa av to robotar, ser nok finare ut enn kva den eigentleg er for tida.

Fotballbanen, som vert klippa av to robotar, ser nok finare ut enn kva den eigentleg er for tida.

Fredag 28. april startar Fogn IL sitt A-lag i fotball serien med heimekamp mot Kvitsøy. A-laget har fått gjennomført fleire nysigneringar i vinter, og det er både gamle og nye a-lagsfjes som no står registrert som spelarar i klubben. Andreas Svela gjer comeback etter fleire år i Buøy, medan Ørjan Bø Måkestad har fått nok av storbyfotballen,  og vender heim til Fogn IL igjen. I tillegg er dei fire unge Fognbuane Karl Magne Frafjord, Tom Arne Straumstein, Tor Olav Bø Måkestad og Jørgen Bø registrert som A-lagsspelarar, og det vil heilt sikkert vere fleire av desse som får sin debut når serien no vert sparka i gong!

Fogn er i år i ei pulje med 10 lag, noko som betyr heile 9 heimekampar, mot berre 6 slike i fjor. Ambisjonane til laget er også i år å hamne på øvre halvdel av tabellen. Då bør gjerne Kvitsøy slås, for dei hamna bak Fogn på tabellen i fjor. Det var faktisk den same kampen som rulla i gong fjorårssesongen, og då vart sluttresultatet 2-2. Så får vi sjå korleis det går på fredag, i kampen som vert sparka i gong ca. klokka 18.45!