Bordtennis for alle!

For ein drøy månad sidan vart det sett opp to bordtennisbord utanfor Fogn oppvekstsenter. Desse er kjøpt inn gjennom eit samarbeid mellom Fogn IL og oppvekstsenteret. Borda vert flittig brukt i så godt som alle friminutt på skulen, men dei kan nyttast av alle som ynskjer det, også på fritida.

Folk kan ha med eigne racketar og ballar om dei ynskjer det, eller så kan dei låna dette frå ein kasse som heng på veggen til oppvekstsenteret (sjå biletet). 

Som mykje anna på Fogn er denne ordninga basert på tillit, og det er viktig at utstyret vert lagt tilbake på plass etter at det har vore i bruk:)

Velkommen, både til å spela bordtennis, og elles nytta det flotte uteområdet ved Fogn oppvekstsenter!

Håvard Østhus
- rektor Fogn oppvekstsenter

Det skjer i påska!

Fredag 7. april klokka 18.30 - Jentelagsbasar på bedehuset
Norene Frafjord fortel frå Bibelen. Det blir boller, saft og kaffi, i tillegg til mange flotte gevinstar!
Arr: Jentelaget Vårvon, NLM

Søndag 9. april klokka 12.00-13.00 - Påskevandring på Finnøy
Søndagsskulen på Fogn anbefaler store og små å reise på påskevandring til Nordre Vignes på Finnøy. Start mellom klokka 12.00 og 13.00. Ferje frå Fogn går klokka 11.40. 
Arr: Søndagsskulen på Finnøy

Onsdag 12. april frå klokka 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn idrettslag kjem på dørene i både hus og hytter for å driva loddsal til basaren som dei skal ha på laurdag.

Torsdag 13. april klokka 11.00 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med innleiing, song, vitnesbyrd og nattverd.

Torsdag 13. april klokka 14.00 - Eggkoking i Domfjelldalen
Fogn Helselag, Speidaren og Fogn IL arrangerer eggkoking i domfjelldalen. Parkering ved Erås museum, eller gå frå der du vil, så møtest vi ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt.

Fredag 14. april klokka 10.30 - Gudsteneste i kyrkja
Terje Engstrøm er prest under pasjonsgudstenesten i kyrkja på Langfredag.

Laurdag 15. april klokka 09.00-15.00 - Påskebasar ved butikken
Loddsalet startar alt klokka 09.00, og det er i tillegg servering av lappar, kake, saft og kaffi fram mot trekninga, som er klokka 14.00. 
Arr: Fogn IL

Søndag 16. april klokka 11.00 - Høgtidsmøte på bedehuset
Stein Sandvik kjem og talar på møtet. Kollekt til NLM.

Søndag 16. april klokka 18.30 - Høgtidsgudsteneste i kyrkja
Anders Kvalevåg er prest på høgtidsgudstenesten. Song av TøfF OG Nådig. Nattverd. Takkoffer til misjonsprosjektet.

Glimt frå påskegudsteneste for oppvekstsenteret

Det har etterkvart blitt ein tradisjon at kyrkja inviterer oppvekstsenteret til påskegudsteneste like før både born og vaksne får den etterlengta ferien sin. I år var besøket lagt til torsdag 6. april, og både store og små var sporty nok til å gå opp og ned til kyrkja i det nokså våte vèret. I kyrkja var både prest, kyrkjetenar og organist med på programmet, men også borna fekk vere med på ulike måtar. Innsatsen var upåklageleg i både innslag og fellessong, og det er lett å høyre at det er mange som liker å syngje blant årets barnehageborn og elevar!

Under er nokre glimt frå det som skjedde i kyrkja denne torsdagen:

Lukke til, Ole Jakob!

I dag, tysdag 4. april, starta Ole Jakob Kjølvik på turen som forhåpentlegvis skal føre han heilt til toppen av Mount Everest rundt 17. mai. Kjølvik, som er født og oppvaksen på Fogn, vart intervjua av TV-Vest på flyplassen på Sola i dag, og i intervjuet verkar han så klar for oppgåva som han kan bli! Vi ynskjer Ole Jakob lukke til på turen, og vert ikkje overraska dersom han snart er å finne på den nokså korte lista over nordmenn som har klart å kome seg til toppen av verdas høgaste fjell!

Intervjuet på TV-Vest kan de sjå ved å klikka HER.

Tour of Norway for kids TIL FOGN!

Under årsmøtet i grendalaget, onsdag 29. mars, vart det offentleggjort at Noregs største sykkelritt for barn, Tour of Norway for kids, kjem til Fogn måndag 10. juli 2017! Det er Fogn Handel med Ivar Opsal i spissen, som har arbeida med dette, i og med at Joker er hovudsponsor i rittet. 

I 2016 var Tour of Norway for kids innom 56 stadar i Noreg, men at dei kjem til ei øy, og ikkje minst ei såpass lita øy som Fogn, verkar nokså unikt. Dei kjem med eit ferdig opplegg med sykkelritt for ulike aldersklassar, proff ramme rundt det heile, premiar til alle og utlodning av flotte gevinstar mot slutten av arrangementet. TV2 har også faste innslag frå Tour of Norway for kids, på sine sendingar frå Tour de France. 

Meir informasjon om dette arrangementet, som nok vil lokka mange familiar på besøk til Fogn, kjem ut over våren. I mellomtida kan de lesa meir om arrangementet på sykkelrittets eigne nettsider ved å klikka HER.