Rapport frå årsmøtet i grendalaget

Omlag 65 medlemmer møtte fram då Fogn grendalag inviterte til årsmøte i foajeen på Fogn oppvekstsenter, onsdag 29. mars klokka 18.30. Samanlikna med dei siste årsmøta i laget, var dette stort frammøte, og det kunne virka som om mange kom for å høyra meir om moglegheita for fiberutbygging på Fogn. Representantar frå Lyse var nemleg inviterte til møtet for å informere om  framdrifta i eit prosjekt knytta til "bygdefiber" til Fogn. Dei frammøtte fekk sjå eit kart over Fogn der dei ulike grøftene var teikna inn, i tillegg til ein presentasjon av kva for ulike tilbod Lyse kan gi, knytta til internett, TV og telefoni. Ordførar Henrik Halleland var også invitert til møtet, og han fortalte litt om korleis det låg an med det kommunale fiberprosjektet, som det vart løyvd omlag 10 millionar kroner til for to år sidan. Ordføraren kunne fortelja at det var mange uavklarte ting enno, men han var interessert i å få mest mogleg ut av pengane, og skulle ta med seg innspela frå årsmøtet i Fogn grendalag vidare. 

Det neste som skjer i fibersaka, er at Lyse vil samarbeide med Vegvesenet, knytta til asfaltering av Fogn, slik at dei kan gjennomføre dei aktuelle vegkryssingane i samband med at den nye asfalten kjem i løpet av våren/sommaren. I tillegg vil det verta eit salsmøte der Lyse informerer og får folk til å teikna seg på bindande lister for fiber, slik at dei veit kva dei har å forholda seg til. Lyse vil nemleg gå inn med 18 000 kroner per tilknytning i prosjektet.

Elles informerte Jon Olav Runestad litt om situasjonen i arbeidsgruppa som er sett ned for å arbeida med Øyfast. Her er det representantar frå fleire øyar i kommunen, og dei registrerer at det vert dyrare og dyrare å drive ferjesamband. Gruppa sakna gjerne litt meir engasjement knytta til Øyfast, mellom anna frå folket på Fogn, noko enkelte meinte kunne ha med eit godt ferjetilbod å gjera. 

Sjølve årsmøtet vart gjennomført utan den heilt store dramatikken. Både årsmelding og rekneskap gjekk gjennom utan dei store kommentarane, og valnemnda si innstilling til nytt styre gjekk rett gjennom. Det nye styret for grendalaget ser då slik ut:

Kristoffer Østhus - Leiar - 1 år
Solfrid Torgersen - 2 år
Heidi Bø Sangedal - 2 år
Kathrine Flesjå - 2 år
Joar Sandanger - 1 år
Arnstein Bøe - 1 år
Håvard Østhus - 1 år
Ingeborg Bøe Rolfsen - Vara - 1 år
Merete M Kindingstad - Vara - 1 år

Elles vart Margit Bøe valt til nytt medlem for 3 år i valnemnda, der Øyvind Sandanger (2 år att) og Jakob Bø (1 år att) sit frå før, og Ottar Sandanger vart valt til revisor.

Møtet vart, som vanleg, avslutta med ein liten utlodning til inntekt for grendalaget.

Hugs årsmøte i grendalaget på onsdag!

Onsdag 29. mars er det klart for årsmøte i Fogn grendalag. Møtet vert i foajeen på Fogn oppvekstsenter, og her er noko av det du kan forventa deg, om du tek turen til møtet som startar klokka 18.30:

  • Servering av pizza, kaffi og frukt
  • Informasjon om mogleg fiberutbygging på Fogn
  • Årsmøtesaker som styreval, årsmelding og rekneskap
  • Utlodning til inntekt for grendalaget (ta gjerne med ein gevinst:)

Alle er hjarteleg velkomne!

Interessert i betre internettlinje?

I løpet av veke 12 vil representantar frå Fogn grendalag koma rundt på dørene i både hus og hytter på Fogn, for å få oversikt over kor mange som er interesserte i å knytta seg til eit mogleg fibernett for rask internettlinje inn/ut av huset/hytta. Fiber taklar heilt andre hastigheiter enn dei nettlinjene som finnest på Fogn per i dag, og no vil Lyse finna ut om det er marknad for å satsa på Fogn. I den aktuelle fiberrn kan Lyse levera både internett, TV og telefoni.

Dei som skriv seg opp på desse listene, binder seg IKKJE til å faktisk seie ja til tilbodet om fiber, dette er berre ei undersøking for å sjå om folk verkar interesserte eller ikkje.

Dersom representantane frå grendalaget kjem til tomt hus/hytte, så finnest det lister på Joker Fogn som folk kan skriva seg på, dersom dei er interesserte i dette med fiber. 

Det kjem meir informasjon frå Lyse om mogleg fiberutbygging på Fogn, under grendalaget sitt årsmøte onsdag 29. mars klokka 18.30 på Fogn oppvekstsenter.

Viktig møte onsdag 5. april!

Onsdag 5. april klokka 18.00-20.00, arrangerer føresette og tilsette ved Fogn oppvekstsenter eit utvida foreldremøte der organisasjonen Barnevakten kjem og har foredrag. Barnevakten er ein organisasjon som gir råd om barn og medier, noko som er aktuelt for både foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre som har med barn og unge å gjere. Difor er dette møtet opent for alle vaksne, og det er særs ynskjeleg at så mange som mogleg klarar å kome seg ut denne kvelden! 

Det er Kristian Berntzen frå Barnevakten som kjem og har programmet denne kvelden, i tillegg til at det vert enkel servering. 

Alle er hjarteleg velkomne, så rydd kalenderen og/eller skaff barnevakt alt no :)

For Samarbeidsutvalet (SU) ved Fogn oppvekstsenter: Håvard Østhus