Nytt opplegg i gymsalen!

Etter at grendalaget fekk overta pengane som for lenge sidan var samla inn til Fogn bygdehus, gjekk det ikkje lang tid før dei hadde funne noko å investera i. Når frivilligsentralen ved Ragnhild Valand også stilte med 10 000 kroner, kunne det kjøpast inn ny og god projektor, i tillegg til eit stort lerret til gymsalen på Fogn oppvekstsenter. Tanken er at det nye utstyret skal kunne nyttast av så mange som mogleg. Alt er no montert, og bruksanvisning for korleis det nye opplegget vert nytta, heng i gymsalen. Der ligg og nødvendige kablar og fjernkontrollar, slik at ein berre må ha med ein PC, og så kan storskjermen nyttast.

Kvar veke er det Juztmove for dei i kategorien 60+ i gymsalen, frå klokka 15.15. Det er Oddny Kjølvik som står som ansvarleg for denne satsinga, men ho er ikkje instruktør på samlingane. Den oppgåva overlet ho til personar som er filma på førehand, og som vert vist på storskjermen i gymsalen. Oppkobling med både lyd og bilete, klarar Oddny å gjere på eiga hand, så lenge ho har med eigen PC.

Dersom andre av dei som lånar gymsalen vil nytta dette nye utstyret er dei velkomne til dette! Lån av gymsalen, ut over det som er avtala per i dag, må avklarast med rektor Håvard Østhus (mob: 93445913)

Søndagskafè til helga!

Søndag 19. februar arrangerer Fogn helselag sin årlege søndagskafè med sal av middag, dessert og kaffi i foajeen på Fogn oppvekstsenter. Dørene er opne frå klokka 13.00 til 15.00.

På menyen kan ein velgje mellom kjøttkaker m/ertestuing og steik m/waldorfsalat, eller så kan ein gå for pølse i brød, dersom det er meir fristande... I tillegg er det dessertbord med eit godt utval:)

Middagen kostar 150 kroner per person, 50 kroner for barn under 10 år og max 500 kroner per familie. 

Betaling kan gjerast kontant, med kort eller VIPPS.

Velkommen!

Kjempestemning på isen!

Etter ein lengre kuldeperiode, kom endeleg Facebookmeldinga frå Arne Torgersen, der han meldte om 10 cm is på Torvmyrå! Dette skjedde omtrent midt på dagen, tysdag 14. februar, og kun kort tid etter var isen full av leikande born og vaksne som kosa seg ein heil del! Særleg det faktum at vèrmeldingane meldte om stigande temperatur dagen etter, gjorde at mange tok seg ut akkurat denne tysdagen!

Omlag 60 personar var innom isen i løpet av ettermiddagen. Anten du var ein av desse eller ikkje, kan det vere kjekt å sjå den lille videoreportasjen, og serien med bilete under:

PC til kvar elev!

Fogn oppvekstsenter starta nyleg opp eit pilotprosjekt i kommunen, knytta til bruk av såkalla "Chromebook" i skulen. "Chromebook" er ein type PC, som er billig i innkjøp, og som treng tilkobling til internett for å kunna fungera godt. Den modellen som er kjøpt inn til elevane på oppvekstsenteret har i tillegg ein "touch-skjerm" som kan vris heilt rundt tastaturet, slik at dette på sett og vis er ein kombinasjon av PC og nettbrett. 

Det er kjøpt inn nok PC-ar slik at alle dei 40 elevane får låna ein PC kvar. 3.-7. klassingane har høve til å ha maskinen med heim, medan 1.-2. klasse har sine maskinar ståande i klasserommet. 

Det har lenge vore tett mellom PC-ar og nettbrett på oppvekstsenteret, etter at firmaet Windoornet for nokre år sidan gav mange iPadar til bruk i skulen og barnehagen. Ut frå dette hausta oppvekstsenteret erfaringar knytta til å ha eit 1:1 forhold mellom elevar og datamaskinar, noko som har vore med og bana veg for det prosjektet dei no er i gong med.

I løpet av den siste veka har datamaskinane blitt delt ut til elevane, og det har vore, og kjem til å vera, eit særleg fokus på nettvettreglane for tida. Elevane må mellom anna skriva under på at dei vil følgja nettvettreglane, før dei får låna maskinen med seg heim. Dette, og meir, kan du sjå i serien med bilete nedst i denne saka.

Dei "gamle" PC-ane kjem til å verta nytta andre stadar innan oppvekstsektoren i kommunen. Oppvekstsenteret kjem til å behalda eindel iPadar til bruk i dei typane undervisning der iPad er meir tenleg enn PC. Det kan i tillegg verta aktuelt å selga nokre iPadar.

Då 1.-2. klasse fekk prøva sine maskinar for første gong, var Øyposten på besøk og skreiv sak. Denne kan de lesa i Øyposten som kjem ut 9. februar.

Tekst og foto: Håvard Østhus (rektor på Fogn oppvekstsenter)

Fognbu leier an i ungdomsrådet!

Foto: Øyposten

Foto: Øyposten

Tysdag 31. januar hadde det nye ungdomsrådet i kommunen konstituerande møte i formannskapssalen på Finnøy. Rådet er sett saman av ungdom mellom 14 og 18 år frå øyane i kommunen, etter at kandidatar er spelte inn frå mellom anna ulike grendalag. Halvard Bøe er representanten frå Fogn, med Rebecka Bø Rolfsen som personleg vara. Halvard vart valt til leiar av rådet for dei to neste åra, og vi tok ein prat med han då vi gratulerte med vervet!

Foto: Privat

Foto: Privat

Då er første møte unnagjort, var det eit lærerikt møte?
Ja, det var lærerikt, samstundes som at det var mykje som var kjent frå før. Eg er nemleg med i politikken frå før, gjennom mitt verv som politisk nestleiar i Rogaland senterungdom.

Kva er oppgåvene i ungdomsrådet?
Vi skal først og fremst ta opp saker som er av interesse for ungdommane i Finnøy.

Og kva tenkjer du er det aller viktigaste for rådet?
Vi må få klart fram kva ungdomen i Finnøy vil og meiner.

Vi ynskjer Halvard lukke til som leiar av ungdomsrådet, og håper at ungdomane både lærar mykje, og får fram dei sakene som dei brenn for!