Interessert i betre internettlinje?

I løpet av veke 12 vil representantar frå Fogn grendalag koma rundt på dørene i både hus og hytter på Fogn, for å få oversikt over kor mange som er interesserte i å knytta seg til eit mogleg fibernett for rask internettlinje inn/ut av huset/hytta. Fiber taklar heilt andre hastigheiter enn dei nettlinjene som finnest på Fogn per i dag, og no vil Lyse finna ut om det er marknad for å satsa på Fogn. I den aktuelle fiberrn kan Lyse levera både internett, TV og telefoni.

Dei som skriv seg opp på desse listene, binder seg IKKJE til å faktisk seie ja til tilbodet om fiber, dette er berre ei undersøking for å sjå om folk verkar interesserte eller ikkje.

Dersom representantane frå grendalaget kjem til tomt hus/hytte, så finnest det lister på Joker Fogn som folk kan skriva seg på, dersom dei er interesserte i dette med fiber. 

Det kjem meir informasjon frå Lyse om mogleg fiberutbygging på Fogn, under grendalaget sitt årsmøte onsdag 29. mars klokka 18.30 på Fogn oppvekstsenter.

Viktig møte onsdag 5. april!

Onsdag 5. april klokka 18.00-20.00, arrangerer føresette og tilsette ved Fogn oppvekstsenter eit utvida foreldremøte der organisasjonen Barnevakten kjem og har foredrag. Barnevakten er ein organisasjon som gir råd om barn og medier, noko som er aktuelt for både foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og andre som har med barn og unge å gjere. Difor er dette møtet opent for alle vaksne, og det er særs ynskjeleg at så mange som mogleg klarar å kome seg ut denne kvelden! 

Det er Kristian Berntzen frå Barnevakten som kjem og har programmet denne kvelden, i tillegg til at det vert enkel servering. 

Alle er hjarteleg velkomne, så rydd kalenderen og/eller skaff barnevakt alt no :)

For Samarbeidsutvalet (SU) ved Fogn oppvekstsenter: Håvard Østhus

Nytt opplegg i gymsalen!

Etter at grendalaget fekk overta pengane som for lenge sidan var samla inn til Fogn bygdehus, gjekk det ikkje lang tid før dei hadde funne noko å investera i. Når frivilligsentralen ved Ragnhild Valand også stilte med 10 000 kroner, kunne det kjøpast inn ny og god projektor, i tillegg til eit stort lerret til gymsalen på Fogn oppvekstsenter. Tanken er at det nye utstyret skal kunne nyttast av så mange som mogleg. Alt er no montert, og bruksanvisning for korleis det nye opplegget vert nytta, heng i gymsalen. Der ligg og nødvendige kablar og fjernkontrollar, slik at ein berre må ha med ein PC, og så kan storskjermen nyttast.

Kvar veke er det Juztmove for dei i kategorien 60+ i gymsalen, frå klokka 15.15. Det er Oddny Kjølvik som står som ansvarleg for denne satsinga, men ho er ikkje instruktør på samlingane. Den oppgåva overlet ho til personar som er filma på førehand, og som vert vist på storskjermen i gymsalen. Oppkobling med både lyd og bilete, klarar Oddny å gjere på eiga hand, så lenge ho har med eigen PC.

Dersom andre av dei som lånar gymsalen vil nytta dette nye utstyret er dei velkomne til dette! Lån av gymsalen, ut over det som er avtala per i dag, må avklarast med rektor Håvard Østhus (mob: 93445913)

Søndagskafè til helga!

Søndag 19. februar arrangerer Fogn helselag sin årlege søndagskafè med sal av middag, dessert og kaffi i foajeen på Fogn oppvekstsenter. Dørene er opne frå klokka 13.00 til 15.00.

På menyen kan ein velgje mellom kjøttkaker m/ertestuing og steik m/waldorfsalat, eller så kan ein gå for pølse i brød, dersom det er meir fristande... I tillegg er det dessertbord med eit godt utval:)

Middagen kostar 150 kroner per person, 50 kroner for barn under 10 år og max 500 kroner per familie. 

Betaling kan gjerast kontant, med kort eller VIPPS.

Velkommen!