Kjempestemning på isen!

Etter ein lengre kuldeperiode, kom endeleg Facebookmeldinga frå Arne Torgersen, der han meldte om 10 cm is på Torvmyrå! Dette skjedde omtrent midt på dagen, tysdag 14. februar, og kun kort tid etter var isen full av leikande born og vaksne som kosa seg ein heil del! Særleg det faktum at vèrmeldingane meldte om stigande temperatur dagen etter, gjorde at mange tok seg ut akkurat denne tysdagen!

Omlag 60 personar var innom isen i løpet av ettermiddagen. Anten du var ein av desse eller ikkje, kan det vere kjekt å sjå den lille videoreportasjen, og serien med bilete under:

PC til kvar elev!

Fogn oppvekstsenter starta nyleg opp eit pilotprosjekt i kommunen, knytta til bruk av såkalla "Chromebook" i skulen. "Chromebook" er ein type PC, som er billig i innkjøp, og som treng tilkobling til internett for å kunna fungera godt. Den modellen som er kjøpt inn til elevane på oppvekstsenteret har i tillegg ein "touch-skjerm" som kan vris heilt rundt tastaturet, slik at dette på sett og vis er ein kombinasjon av PC og nettbrett. 

Det er kjøpt inn nok PC-ar slik at alle dei 40 elevane får låna ein PC kvar. 3.-7. klassingane har høve til å ha maskinen med heim, medan 1.-2. klasse har sine maskinar ståande i klasserommet. 

Det har lenge vore tett mellom PC-ar og nettbrett på oppvekstsenteret, etter at firmaet Windoornet for nokre år sidan gav mange iPadar til bruk i skulen og barnehagen. Ut frå dette hausta oppvekstsenteret erfaringar knytta til å ha eit 1:1 forhold mellom elevar og datamaskinar, noko som har vore med og bana veg for det prosjektet dei no er i gong med.

I løpet av den siste veka har datamaskinane blitt delt ut til elevane, og det har vore, og kjem til å vera, eit særleg fokus på nettvettreglane for tida. Elevane må mellom anna skriva under på at dei vil følgja nettvettreglane, før dei får låna maskinen med seg heim. Dette, og meir, kan du sjå i serien med bilete nedst i denne saka.

Dei "gamle" PC-ane kjem til å verta nytta andre stadar innan oppvekstsektoren i kommunen. Oppvekstsenteret kjem til å behalda eindel iPadar til bruk i dei typane undervisning der iPad er meir tenleg enn PC. Det kan i tillegg verta aktuelt å selga nokre iPadar.

Då 1.-2. klasse fekk prøva sine maskinar for første gong, var Øyposten på besøk og skreiv sak. Denne kan de lesa i Øyposten som kjem ut 9. februar.

Tekst og foto: Håvard Østhus (rektor på Fogn oppvekstsenter)

Fognbu leier an i ungdomsrådet!

Foto: Øyposten

Foto: Øyposten

Tysdag 31. januar hadde det nye ungdomsrådet i kommunen konstituerande møte i formannskapssalen på Finnøy. Rådet er sett saman av ungdom mellom 14 og 18 år frå øyane i kommunen, etter at kandidatar er spelte inn frå mellom anna ulike grendalag. Halvard Bøe er representanten frå Fogn, med Rebecka Bø Rolfsen som personleg vara. Halvard vart valt til leiar av rådet for dei to neste åra, og vi tok ein prat med han då vi gratulerte med vervet!

Foto: Privat

Foto: Privat

Då er første møte unnagjort, var det eit lærerikt møte?
Ja, det var lærerikt, samstundes som at det var mykje som var kjent frå før. Eg er nemleg med i politikken frå før, gjennom mitt verv som politisk nestleiar i Rogaland senterungdom.

Kva er oppgåvene i ungdomsrådet?
Vi skal først og fremst ta opp saker som er av interesse for ungdommane i Finnøy.

Og kva tenkjer du er det aller viktigaste for rådet?
Vi må få klart fram kva ungdomen i Finnøy vil og meiner.

Vi ynskjer Halvard lukke til som leiar av ungdomsrådet, og håper at ungdomane både lærar mykje, og får fram dei sakene som dei brenn for!

Noko til kalenderen?

Hovudtanken bak Fogn.org, er at folk som bur på, eller som har ein eller annan form for tilknytning til Fogn, skal få vita kva som skjer på øya. Då er det viktig med ein oppdatert kalender, og no ved oppstarten av eit nytt år, er det heilt sikkert mange arrangementer og aktiviteter som er under planlegging. Det er flott med ein mail til hosthus@gmail.com, eller informasjon via kontaktskjemaet her inne på Fogn.org, der det kjem informasjon om ting som skal inn i kalenderen, eller oppretting av feil i det som alt står i kalenderen vår. 

Tusen takk til alle som bidreg på så mange ulike måtar til å gjere Fogn til ein flott plass å bu, og vera på!

Det skjer ved juletider på Fogn - 2016

Det skjer, som vanleg, ein heil del på Fogn i jula! Under er ei liste med eindel høgdepunkt:

Lille julafta - klokka 23.00
Fogn kristelege ungdomslag arrangerer midnattsamling i kyrkjekjellaren. Her er det god stemning med mykje drøs, i tillegg til høgtlesing av juleevangeliet. Det vert servert klementiner, pepperkaker og twist.

Julafta - klokka 13.00
Gudsteneste i kyrkja, ved prest Anders Kvalevåg. Her vil nokre born ha eit julespel, i tillegg til at Silje Sandanger skal syngja for oss. Det vert takkoffer til Talgje Sokn sitt misjonsprosjekt.

1. Juledag - klokka 12.00
Fogn bedehusforening arrangerer høgtidsmøte på bedehuset, ved Arne Straumstein. Det vert kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion".

2. Juledag - klokka 12.00
Gudsteneste i kyrkja, ved prest Terje Engstrøm. Det vert musikalsk innslag ved Kjell Emil Berge og Jon Håkon Østhus. Nattverd. Det vert takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

3. Juledag - klokka 17.00
Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset. Anne Martha Straumstein har andakt. Elles vert det gong rundt juletreet og det som elles høyrer med på ein tradisjonell juletrefest.
50 kroner per person, maks 150 kroner per familie.

Fredag 30. desember - klokka 17.00
Fogn IL arrangerer marsj med start frå skulen. Løypa går over Bø, Høgaste og Erås, før ein går attende til skulen, der det vert servert gløgg og pepperkaker. 
50 kroner per person, maks 150 kroner per familie.

Fredag 30. desember - klokka 19.00
Tradisjonen tru så er jula også tid for å måla krefter i volleyball. Romjulscupen vert som vanleg arrangert i gymsalen på skulen. Påmelding skjer enten på Fogn IL si Facebookside, eller til Pål på telefon 970 40 089. Får vi et Østhuslag, et Familielag, et Bondelag, et Gartnerlag, et Butikklag, et Bedehuslag, et Kirkelag, et Grendalag, et Ungdomslag, et Nabolag, et Taperlag, et Superlag og ikke minst, kjem Vinnerlaget fra i fjor og i forfjor? 
Dersom nokon ikkje har lag, men ynskjer å spele, meld frå til Fogn IL, så skal dei nok finne andre som er i same situasjon. 
Kvart lag bestå av minst 6 spelarar, og det må vere minst to frå kvart kjønn på banen heile tida. Spelarane må vera frå 8. klasse og oppover.

Velkommen på alle arrangement i jula!