Noko til kalenderen?

Hovudtanken bak Fogn.org, er at folk som bur på, eller som har ein eller annan form for tilknytning til Fogn, skal få vita kva som skjer på øya. Då er det viktig med ein oppdatert kalender, og no ved oppstarten av eit nytt år, er det heilt sikkert mange arrangementer og aktiviteter som er under planlegging. Det er flott med ein mail til hosthus@gmail.com, eller informasjon via kontaktskjemaet her inne på Fogn.org, der det kjem informasjon om ting som skal inn i kalenderen, eller oppretting av feil i det som alt står i kalenderen vår. 

Tusen takk til alle som bidreg på så mange ulike måtar til å gjere Fogn til ein flott plass å bu, og vera på!

Det skjer ved juletider på Fogn - 2016

Det skjer, som vanleg, ein heil del på Fogn i jula! Under er ei liste med eindel høgdepunkt:

Lille julafta - klokka 23.00
Fogn kristelege ungdomslag arrangerer midnattsamling i kyrkjekjellaren. Her er det god stemning med mykje drøs, i tillegg til høgtlesing av juleevangeliet. Det vert servert klementiner, pepperkaker og twist.

Julafta - klokka 13.00
Gudsteneste i kyrkja, ved prest Anders Kvalevåg. Her vil nokre born ha eit julespel, i tillegg til at Silje Sandanger skal syngja for oss. Det vert takkoffer til Talgje Sokn sitt misjonsprosjekt.

1. Juledag - klokka 12.00
Fogn bedehusforening arrangerer høgtidsmøte på bedehuset, ved Arne Straumstein. Det vert kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion".

2. Juledag - klokka 12.00
Gudsteneste i kyrkja, ved prest Terje Engstrøm. Det vert musikalsk innslag ved Kjell Emil Berge og Jon Håkon Østhus. Nattverd. Det vert takkoffer til Kirkens Nødhjelp.

3. Juledag - klokka 17.00
Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset. Anne Martha Straumstein har andakt. Elles vert det gong rundt juletreet og det som elles høyrer med på ein tradisjonell juletrefest.
50 kroner per person, maks 150 kroner per familie.

Fredag 30. desember - klokka 17.00
Fogn IL arrangerer marsj med start frå skulen. Løypa går over Bø, Høgaste og Erås, før ein går attende til skulen, der det vert servert gløgg og pepperkaker. 
50 kroner per person, maks 150 kroner per familie.

Fredag 30. desember - klokka 19.00
Tradisjonen tru så er jula også tid for å måla krefter i volleyball. Romjulscupen vert som vanleg arrangert i gymsalen på skulen. Påmelding skjer enten på Fogn IL si Facebookside, eller til Pål på telefon 970 40 089. Får vi et Østhuslag, et Familielag, et Bondelag, et Gartnerlag, et Butikklag, et Bedehuslag, et Kirkelag, et Grendalag, et Ungdomslag, et Nabolag, et Taperlag, et Superlag og ikke minst, kjem Vinnerlaget fra i fjor og i forfjor? 
Dersom nokon ikkje har lag, men ynskjer å spele, meld frå til Fogn IL, så skal dei nok finne andre som er i same situasjon. 
Kvart lag bestå av minst 6 spelarar, og det må vere minst to frå kvart kjønn på banen heile tida. Spelarane må vera frå 8. klasse og oppover.

Velkommen på alle arrangement i jula!

 

Julestemning i boks!

Diverse arrangement som kan setta ein i julestemning, har kome på rekke og rad på Fogn dei siste dagane. Sist ut var julefesten på Fogn oppvekstsenter, der både barnehagebarn og skuleelevar imponerte med flotte innslag! Omlag 150 personar var samla i gymsalen på oppvekstsenteret, og nesten alle var også med og gjekk rundt juletreet i foajeen. Og fekk ein ikkje julestemning denne kvelden, må ein nok spørje seg om den stemningen kjem dette året i det heile...

Under er ein serie med bilete knipsa av Anne Strøm Østhus, Jørgen Bø jr og Håvard Østhus.

Stemningsfull innsynging av jula!

Søndag 18. desember vart jula sungen inn i Fogn kyrkje. Sjølv om gradestokken viste godt over på plussida og det var meir grønt enn kvitt, kom mange i julestemning alt før dei kom inn i kyrkja. Utanfor var det nemleg både faklar, og ein liten "stall" i fjellet, med ei krybbe i (sjå biletet over). På innsida av kyrkjedørene venta flott korsong og gruppesong frå både vaksne og born, i tillegg til både forteljing- og diktlesning. Når det i tillegg var lagt inn fleire allsongar som mange song for første gong denne jula, kan vi ikkje forstå anna enn at dei aller fleste fekk seg ein god dose julestemning denne kvelden! 

Under er det som vistnok skal seie meir enn 21 000 ord, nemleg 21 bilete frå arrangementet:

Populær nisse!

Laurdag 17. desember var det annonsert både julegraut, quiz, sal av juletre og besøk frå Nordpolen til Fogn, noko som trakk mange folk ut denne siste laurdagen før julaften. Fogn Handel hadde rigga til med bord, graut og julemusikk inne i lageret utanfor butikken. Der var det også quiz i regi av Øyposten sin utsending Oddvar Vignes. Den same Oddvar var ikkje å sjå då julenissen dukka opp like før klokka 13.00, saman med ein kasse full av godteposar. Då flokka borna seg saman på eit blunk, og det kunne sjå ut som om dei hadde vore snille i år, heile gjengen. Dei svara i alle fall ja på julenissen sitt obligatoriske spørsmål før han delte ut godteposar til alle borna!

Det er vanskeleg å seie kor mange som var innom arrangementet i løpet av dei to timane det sto på, men at det var godt over 100 personar er det ingen tvil om! Under er fleire bilete frå den kjekke samlinga:

Kjempekjekk juleverkstad!

Torsdag 8. og fredag 9. desember gjekk årets juleverkstad av stabelen på Fogn oppvekstsenter. Dette er eit av dei absolutte høgdepunkta gjennom året for mange blant både born og vaksne, noko det også vart i år!

Som vanleg skulle elevane innom fire varierte stasjonar i løpet av dei to dagane verkstaden varte. Det var baking på kjøkkenet, produksjon av treleike på formingsrommet, på 5.-7. klasserommet fekk dei laga eit trespel av drivved, medan det på 3.-4. klasserommet skulle produserast ein figur som skulle førestilla Maria, Josef og Jesusbarnet. Alle viste god innsats og resultata vart flotte! Nokon vart fort ferdige, og då var det lov å halda på med alternative aktivitetar som t.d. stikkball i gymsalen eller sjakk på SFO-rommet.

På fredagen var også barnehagen involvert i juleverkstaden. Først kom dei gåande utkledde som Santa Lucia, song for alle elevane, og delte ut lussekattar. Deretter spiste heile oppvekstsenteret julegraut saman i foajeen. To mandler var gøymt i grauten, og det var Elin og James som fann dei dette året!

Tusen takk for ein flott juleverkstad til både born og tilsette! Ein ekstra stor takk til føresette som har vore med og bidrege med kakedeigar, julegraut og dugnadsinnsats gjennom juleverkstaden!

Nedst i saka er fleire bilete frå dei to dagane.

Tekst: Håvard Østhus, rektor Fogn oppvekstsenter