Veldig fortent medalje!

Tysdag 18. oktober skjedde det noko som i fylgje "lokalhistorikarane" Reidunn Østhus og Ottar Sandanger ikkje har skjedd før, nemleg at ein Fognbu fekk kongens fortenestemedalje! Anne Marie Bøe mottok medaljen av ordførar Henrik Halleland under ein seremoni i foajeen på Fogn oppvekstsenter. Anne Marie fekk medaljen for hennar store engasjement og innsats i lokalmiljøet på Fogn! Ho har i mange år vore aktiv og primus motor i helselaget og ikkje minst på eldresenteret, i tillegg til at ho stiller opp når det er noko ho kan bidra med! 

Ordførar Halleland, som aldri hadde delt ut ein slik medalje før, tok seg tid til å skryta over Anne Marie sitt engasjement, og festa til slutt medaljen på henne, slik at alle kan sjå at ho har gjort seg fortent til den. Vi vil stilla oss i køen av gratulantar, og gratulera Anne Marie med ein særs fortent fortenestemedalje!

Under er nokre fleire bilete frå samlinga:

Etterlyst: Bøssebærarar!

Merete er på jakt etter fleire bøssebærarar!

Merete er på jakt etter fleire bøssebærarar!

Sundag 23. oktober er det tv-aksjon, og då plar det å vera bøssebærarar som tar ein tur rundt Fogn med bøsser. Merete Meling Kindingstad, som koordinerer innsamlinga, har kun fått to frivillege til aksjonen, noko som er for lite til å koma rundt til alle. Difor ynskjer ho å få med fleire! Viss nokon kan tenkje seg å bli med, eller veit om nokon andre som kan ha lyst å gå med bøsse, så kan dei anten kontakta Merete på 957 78 277, eller registrera seg på blimed.no.

Bli med!

Oppvekstsenteret på tur!

Nokre av deltakarane på turen tek seg ein kvilepause på eit velta tre på veg ned mot Holevågen.

Nokre av deltakarane på turen tek seg ein kvilepause på eit velta tre på veg ned mot Holevågen.

Fredag 30. september var Fogn oppvekstsenter på sin årlege hausttur. Det var ikkje veldig gode vèrmeldingar, men tur skulle det uansett verta, det var berre ikkje heilt klart kvar turen skulle gå! Planen var nemleg å reise til Rossøy med privatbåtar, men då det blès som mest på torsdag, var det ikkje mogleg å komme rundt øya for å leggje båtane klare til turen som skulle starte fredag morgon. Difor vart det alternativ plan. Oppmøte på Hovda, og så gjekk vegen over dei tre toppane Eikhaug, Borgaråsen og Himråsen, før ferda gjekk vidare til uteplassen bak drivhusa til Rasmus. Her vart det både grilling og leiker, og både barnehageborn og skuleelevar virka til å kosa seg ein heil del! At vi opplevde det aller meste av vèr denne dagen, sette heller ingen dempar på stemningen. Borna var godt kledde, og hadde det heilt topp!

Klikk HER for å sjå mange fleire bilete på oppvekstsenteret sine nettsider.

- Håvard Østhus

Topp tur!

Mellom 80-90 deltakarar møtte opp og gjennomførte 4- eller 7-toppsturane som Fogn IL arrangerte, søndag 26. september. Dei 7 toppane som vart besøkte denne dagen, var Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug. I strålande vèr med over 20 grader i skyggen fekk turgåarane seg ei flott oppleving, i tillegg til små overraskingar på fleire av toppane. Som om ikkje det var nok, så vart det blant deltakarane også trukke ut ein vinnar av eit gåvekort på 500 kroner på Kiwi, og det var Rasmus Bø som vart den heldige her!

Under er ein video frå turen, filma og redigert av Kristian Sandanger frå Opsal TV. I tillegg finn de nokre fleire bilete frå turen nedst i saka, knipsa av Helge Magnar Iversen.

Toppturar til helga!

Søndag 25. september vert det igjen arrangert 4- og 7-toppstur i regi av Fogn IL. Det er toppane Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug som skal bestigast denne dagen, dei fire siste toppane inngår i 4-toppsturen.

Start for 7-toppsturen vert klokka 12.00 i Auglendsdalen på Hovda, medan 4-toppsturen startar frå skulen klokka 12.30. Målgong vert i år ved kyrkja.

Det vert delt ut ei lita overrasking på fleire av toppane. Det er lokale bedrifter på Fogn og Finnøy som sponsar dette. Det er fjerde gongen turen vert arrangert. Fogn IL har eit mål om at turen både skal vera av sosial karakter og at den skal motivera til fysisk aktivitet. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke!

Spørsmål om turen kan rettast til Helge Iversen på mobil 41085524.

13 635 kroner til borna i India!

Laurdag 17. september var det igjen klart for kulturbasar i Erås museum. Som vanleg møtte mange opp, og fekk informasjon om kva pengane skulle gå til (prosjekt blant born i India), før sjølve basardelen tok til. I og med at det var flott sommarvèr denne haustlaurdagen, sat folk både inne og ute, og høyrde kulturgeneral Malvin Sandanger kunngjere kva for nummer som var trekte ut som vinnarar. Så godt som alle årene vart selt ut i dei tre ulike trekningsrundane, og når det i tillegg kom inn godt med pengar på ei eiga basarbok og i sal av overraskingspakkar, kunne økonomiansvarleg Merete Meling Kindingstad til slutt telje opp 13 635 kroner som skal få vere med og gjere ein forskjell for born i India!