Sterkt poeng i Sigves rekordkamp!

Fogn - Voll 2: 1-1 (1-1). Topplaget Voll 2 hadde vunne alle sine ni kampar i 7. divisjon i år, men den rekka tok slutt då dei laurdag møtte eit hardtkjempande heimelag frå Fogn!

Denne laurdagskampen, som vart spelt i strålande sommarvèr i andre halvdel av september, var Sigve Bø sin 330. seriekamp for Fogn. Dermed er han åleine på toppen av Fogn IL sin adelskalender, etter at han tangerte Berge Sandanger sin rekord i førre kamp mot Hognestad. Men Sigve har på ingen måte hatt dei same medspelerane i alle kampane han har utkjempa, og i bataljen mot Voll 2, måtte Fogn grava uvanleg djupt for å få tak i dei 13 spelarane som til slutt utgjorde kamptroppen. Det er nemleg nokså lenge siden Jon Østhus, Jon Håkon Østhus, Tobias Sunde og Gordon Sunde har ikledd seg den blå drakta, og spelt kamp for Fogn, men slik vart det altså denne gongen!

Voll 2 kom som nemnd til denne kampen med ni strake sigrar i 7. divisjon. Det kan vere dei tok litt for lett på motstandaren, for dei stilte nok med eit meir ungt og urutinert mannskap enn vanleg. Mannskapet verka også til å vera uvanleg rause, for då Fogn mangla ein mann då kampen skulle blåsast i gang, tilbaud Voll 2 seg å gi frå seg ein av sine reservar, for at det skulle verte 11 mot 11. Heldigvis kom Andreas Hagenes Bøe seg ut av garderoben tidsnok til å forhindra dette trekket frå Voll 2 si side, og kampen kunne starte opp. 

Det verka tidleg klart at det var Voll 2 som kom til å ha initiativet og banespelet i denne kampen, men Fogn var også farlege, særleg på kontringar, då bortelaget sto generelt høgt oppe på banen med sin forsvarsfirer. Og det var nettopp dette bakrommet som skulle føre til kampens første mål, etter drøyt 10 minutters spel. Jakob Bø såg Håvard Østhus på løp framover, og la ein pasning over forsvaret. Keeper kom ut, men virka til å feilberekna akkurat nok til at Håvard fekk heada ballen forbi sisteskansen, og krangle ballen vidare inn i det tomme buret i duell med ein midtstoppar, 1-0! 

Det tok ikkje lang tid før Voll 2 svara på Fogn si nokså tidlege skåring. Eit hjørnespark frå venstre vart slått inn i feltet, der ein markeringsfeil gjorde at ein av bortelagets spelarar fekk altfor gode arbeidsvilkår då han stanga inn utlikninga, 1-1.

Resten av første omgang gjekk utan dei heilt store sjansane, sjølv om det nok var Voll 2 som var det farligaste laget. Etter pause kom sjansane tettare og tettare, og vart større og større, særleg for bortelaget. Heldigvis for dei blåkledde, og for dei mange som hadde møtt opp på sidelinja, hadde keeper Trond Egil Sivertsen ein knalldag i mål! Han redda det som kom av skudd, både høgt og lågt, og dei gongene Trond Egil ikkje redda, traff ballen anten tverrliggar, eller suste like til side for mål. Fogn hadde også sine moglegheiter i andre omgang, men dersom heimelaget hadde stukke av med alle poenga, ville det kunna karakteriserast som eit nokså stort ran. Men 1-1 og poengdeling vart det, noko som gjorde slutt på Voll 2 si sterke sigersrekke!

Fogn ligg no på ein fjerdeplass på tabellen, berre eit poeng bak Sviland på tredje. Og nettopp Sviland er motstandar i sesongens siste bortekamp, onsdag 21. september. Deretter venter Riska 4 til den siste heimekampen laurdag 24. september klokka 14.00.

Kampfakta

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Andreas Hagenes Bøe
Ivar Opsal
Sigve Bøe
Martin Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Håvard Østhus
Jakob Bø
Jon Håkon Østhus
Malvin Skartveit
Jon B Østhus

Benytta reservar:
Tobias Sunde
Gordon Sunde

Mål: Håvard

Assist: Jakob

Gule kort: Håvard og Jakob

Kulturell laurdag i vente!

På laurdag den 17. september går årets kulturbasar av stabelen i Erås museum. Det er høve til å få omvisning i museet, og kjøpa seg kaffi med "noko attåt" frå klokka 12.00, medan sjølve basardelen med informasjon om årets prosjekt (arbeid blant born i India) og åresal med påfylgjande trekning, startar ca. klokka 13.00. Gevinstar tas imot med takk! I tillegg til basar, vert det sal av små "overraskelsespresangar" til 20 kr per stk. 
Det er Fogn grendalag og Erås Museum som samarbeidar om arrangementet, og alle er hjarteleg velkomne til å ta turen!

Tidlegare på dagen, nærmare bestemt klokka 11.30, møtes fotballaga til Fogn og Voll 2 til seriekamp i 7. divisjon på "Fogn stadion". Bortelaget frå Jæren toppar tabellen i gruppa etter å ha vunne alle kampane i år, medan dei blåkledde frå Fogn kjempar for å sikra seg tredjeplassen i den same gruppa. Kampen er slutt like over klokka 13.00, så med litt flaks vil ein rekka å få med seg både fotballkamp og kulturbasar denne dagen!

Sol og over 25 grader i vente!

Det er ikkje så ofte vi har reine "vèrsaker" her på Fogn.org, men når temperaturane skal stiga til over 25 grader midt i september, då kan det vere greit å gi beskjed. For dersom du ikkje har fått det med deg, så er det sikkert kjekt å høyra at det denne veka er meldt rundt 25 grader frå tysdag til torsdag, og over 20 grader også på fredag. Det er også meldt om særs høge temperaturar på natta, med fleire tilfelle av ca. 20 grader rundt midnatt. Du kan sjølv så ei kombinert vèrmelding for Yr og Storm ved å klikka HER.

Så no er det berre å planleggja slik at ein får nytta seg av godvèret som skal koma, for dette kan fort verta dei siste restene av sommaren 2016, som elles var nokså laber, reint vèrmessig...

Felles oppstart på måndag 12. sept!

Måndag 12. september klokka 17.30 vert det felles oppstart for gutte- og jentelaget på Fogn. Oppstarten vert på bedehuset, og det vert andakt av Ola Aasland Vold, i tillegg til mat og leiker. Samlinga varer til klokka 18.45, og er open for gutar og jenter frå 2. klasse og oppover (yngre born er velkomne til Hobby og tru i kyrkja på same tidspunkt). 

Velkommen!

Fogn gutte- og jentelag

Strålande løp og meisterskap!

Smila kjempa om kapp med sola om å stråla mest, då årets Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett gjekk av stabelen, søndag 4. september! I Fognaløpet stilte totalt ca. 25 deltakarar i dei ulike klassane, og det må ha vore bortimot deltakarrekord i Fognameisterskapet, kor over 40 store og små gav alt! Og når vi snakkar om store og små: tre av fire klassar i Fognaløpet vart vunne av deltakarar frå 8. klasse og nedover, imponerande innsats av Thea, Gaute og Kristian! Under er resultatliste (topp 3) for dei ulike løpsklassane, i tillegg til ein stor serie med bilete knipsa av Ingunn og Øyvind Sandanger, Arnstein Bøe og Håvard Østhus.

5 KM - DAMEKLASSEN
1. Thea Hovda Rørheim - 26.10
2. Anne Sunde - 29.18
3. Anne Martha Straumstein - 29.40

5 KM - HERREKLASSEN
1. Gaute Emil Semb - 24.59
2. James Alexander Kvamsøe Stensnes - 25.10
3. Arne Straumstein - 25.14

10 KM - DAMEKLASSEN
1. Janne Grethe Hovda Rørheim - 51.52
2. Solfrid Torgersen - 57.18
3. Anna Iversen - 1.08.16

10 KM - HERREKLASSEN
1. Kristian Iversen - 41.34
2. Håvard Østhus - 42.23
3. Martin Østhus - 44.00

Dramatisk siger då Sigve tangerte klubbrekorden!

Fogn - Hognestad: 5-4 (3-1). Fogn gjorde det nesten unødvendig spanande då dei tok tre poeng i kampen kor Sigve Bø tangerte klubbrekorden i talet på kampar, med 329!

I mange år er det Berge Sandanger som har regjert åleine på trona på A-laget sin adelskalender, med sine 329 kampar. Men fredag 2. september tangerte Sigve Bø rekorden i ein særs dramatisk heimekamp! 

Men det byrja på ingen måte dramatisk, heller nærmare koseleg, då spelande trenar, Jakob Bø, tok mikrofonen før kampstart, for å seie nokre fine ord til Sigve. Sistnemnde fekk ikkje berre fine ord, men også blomar og to drakter det sto "Sigve Bø - 25 sesonger" på. Ei drakt til seg sjølv, og ei til dottera! Sigve var ikkje snauare enn at han ikledde seg tok på seg drakta med ein gong, og spelte heile kampen i den.

På den blaute og tunge banen fekk Fogn ein sjelden pangstart med eit tidleg mål etter berre tre minutter. Jakob Bø chippa ballen gjennom til lynraske Sergej Kononov, som ikkje gjorde nokon feil åleine med keeper, 1-0!

Etter dette heldt Fogn fram med å pressa, men Hognestad var også farleg frampå ved nokre anledningar. Det var også dei som skulle få det neste målet, etter at bortelaget sin spiss fekk vende opp inne i 16-meteren, og plassere ballen lågt i mål, 1-1.

Men resten av omgangen handla det meste om Fogn, som fekk både sjansar og mål i fleiral før dommaren bles av til pause. Først var det litt klabb og babb i feltet, før Malvin Skartveit fekk lagt ballen til rette for Håvard Østhus, som sendte Fogn opp i leiinga med venstrefoten, 2-1!

Ikkje lenge etter kasta ein Hognestadforsvarar tilbake til eigen keeper, som plukka ballen opp med hendene. Regelen som seier at dette ikkje er lov, er gammal, men det verka ikkje som om Hognestadspelarane kjente til den. Dommaren gjorde det einaste rette, og dømte indirekte frispark til Fogn, omlag 7 meter frå mål. Det kunne nesten sjå ut som om Fogn hadde trent på denne typen frispark, for måten Jakob Bø finta pasning framover, før han brukte sålen til å trille ballen til Johannes Hovda jr, som dundra ballen i nettaket, såg rett og slett vakker og innøvd ut, 3-1!

I pausen var det som vanleg fokus på at "denne kampen er ikkje avgjort enno", og utover i andreomgang skulle det vise seg at den kommentaren var heilt på sin plass. Men det starta særs godt for Fogn, også i denne omgangen. Etter ca. 10 minutter slo Kristoffer Runestad eit flott innlegg over forsvaret og til Håvard Østhus, som styrte inn 4-1 leiinga til Fogn!

Men Hognestad gav seg ikkje. Eit innlegg frå deira venstreside vart kontant heada i mål til 4-2. Men ikkje lenge etter trudde nok dei fleste at kampen var avgjort, ein gong for alle. Sergej Kononov sette fart på venstresida, og la inn til spissmakker Håvard Østhus, som hadde ein nokså enkel jobb med å sette inn sitt tredje mål for dagen, 5-2! 

Så kan ein seie mykje om syting og klaging frå bortelaget sine spelarar og trenar, men kampmoralen skal dei så definitivt ha for. Sjølv på stillinga 5-2 var det 100% innsats, noko som raskt gav resultater. Først då ein retur frå keeper Trond Egil Sivertsen vart heada i mål, og deretter på eit frispark som nemnde Trond Egil berre fekk fingertuppane på, slik at ballen gjekk på innsida av nettveggen. Plutseleg sto det 5-4, og det var framleis nokre minutter igjen av kampen... Fogn hadde gjort fleire bytter, slik at mellom anna debutanten Olav Magnus Måland fekk sine første minutter på A-laget. Olav Magnus, med si fart og sitt gode venstrebein, var ein av faktorane som gjorde at Fogn likevel kunne jubla for tre poeng då dommar Osvald Høyland endeleg bles av kampen, etter eit sterkt press frå bortelaget mot slutten! 

Etter kampslutt vart Sigve igjen feira, denne gongen gjennom ei innkjøpt kake med påskrifta: "Sigve Bø - Klubblegende - 25 Sesonger - 329 Kamper". Kaka metta både spelarar og publikum, som hadde god tid til å "drøsa" om den spanande kampen medan haustmørket sakte la seg over Fogn stadion!

Denne viktige sigeren mot tabellnabo Hognestad, sender Fogn opp på 3. plass på tabellen, i alle fall i skrivande stund. No er det slik at dei to topplaga, Voll 2 og Lura 2, er i ein klasse for seg, så 3. plass må vere det realistiske målet for Fogn denne sesongen!

Jørgen Bø knipsa bilete både før, under og etter kampen. Sjå serien med bilete under kampfakta.

KAMPFAKTA

Fogn sine mål: Håvard (3), Sergej, Johannes

Fogn sine assists: Jakob (2), Malvin, Kristoffer, Sergej

Gule kort: Sigve og Johannes

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Andreas Hagenes Bøe
Ivar Opsal
Sigve Bø
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Malvin Skartveit
Sergej Kononov
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Kristoffer Runestad
Olav Magnus Måland
Vadim Rukmans
Ørjan Klev Ladstein