Storfint besøk på finfin visningsdag!

Når ein inviterer folk på fest, og planlegg å ha heile festen utandørs, set ein gjerne pris på fint vèr. Det var også tilfelle då Fogn grendalag inviterte alle som ville på visning av Fogn, laurdag 27. august, og vèret leverte så til de grader! Men det var ikkje berre vèret som leverte denne dagen! Omlag 60 personar hadde meldt seg på som deltakarar på visninga, og dei fleste av desse kom med den innleigde Helgøybåten frå Stavanger klokka 10.00. På båten møtte dei lokale folk frå Fogn, fekk informasjon gjennom både samtale og film, og kunne elles få høyre mange muntre kommentarar frå skipper Jon Arne Helgøy! I tillegg var det jo mykje å sjå på innover fjorden, så den drøye timen som sightseeingen varte, føltes kort, fortalte fleire av dei besøkjande!

På Fogn venta tre bussar som først tok alle med på ein guida tur rundt øya, før bussane gjekk i rute mellom dei ulike stasjonane som folk kunne velgje mellom denne dagen. I tillegg til å sjå på ledige tomter og hus/hytter, kunne dei frammøtte ta turen innom tomatpakkeriet, familiegarden på Bø, Erås museum, Galleri Bjørn, Lars Selvåg sitt gartneri, Fogn oppvekstsenter, guida tur til Peråsen og Joker Fogn med gratis lappar, kaffi og saft. Alle stasjonane var godt besøkte, som de kan sjå i serien med bilete under!

Det heile vart avslutta med ein flott matfest i Eidsvåg. Her var det tomatsuppe og grillmat til alle, og maten vart eten akkompagnert til lyden av glade barnestemmer som leika i strandkanten! På matfesten var det helsing frå ordførar Henrik Halleland, som hadde teke turen til Fogn denne laurdagen, i tillegg til ein quiz og eit lite intervju med ein av dei fastbuande på Fogn. 

Då klokka vart 17.00, var det tid for å seie takk for no, og til lyden av The Monroes med "Cheerio", køyrde Helgøybåten roleg ut av Eidsvåg, medan Fognbuen sto igjen og vinka til besøket etter ein flott dag! Og blant dei som kom til Fogn denne dagen var det fleire som gjekk og vurderte å anten skaffa seg hytte, eller flytta inn til øya. Og med ein dag som dette, så fekk dei nok ikkje mindre lyst til å bli enno betre kjent med Fogn!

Les kva Stavanger Aftenblad skreiv om dagen, ved å klikke HER (krev innlogging).

Bileta i serien like under er knipsa av Jørgen Bø og Håvard Østhus. Bileta i serien under dette igjen er knipsa av Karianne Nordbø Østhus.

Omlag 60 personar påmeldt, hugs flagget!

Påmeldingane til visningsdagen laurdag 27. august strøymer på, og no er vi oppe i omlag 60 påmeldte personar! Vi vil gjere alt vi kan for at desse skal få ein flott dag, mellom anna ved at vi som bur eller har hytte her heiser flagget denne dagen! Men det er ikkje berre dei som kjem på besøk som skal få ein god dag, også vi som alt er her har mykje å sjå fram til! Vi oppfordrar alle til å ta turen på butikken og til oppvekstsenteret ein (eller fleire) gonger mellom klokka 11.45 og 15.00. Då kjem det til å vere ein god del folk på desse plassane, mellom anna grunna gratis saft, kaffi og lappar på butikken. Klokka 15.00-17.00 er det matfest i Eidsvåg, og her er ALLE VELKOMNE! Det er eit enkelt program i Eidsvåg, i tillegg til god mat til alle som møter opp!

Vèrmeldingane ser også gode ut for laurdagen, så no er det berre å gle seg!

Informasjon om "Bedehusløftet"

Som mange heilt sikkert har fått med seg, så skjer det for tida ei nokså omfattande "ansiktsløfting" på Fogn bedehus. Leiaren av byggekomiteen, Joar Sandanger, har sendt inn både bilete og tekst til Fogn.org, slik at lesarane kan få vita litt meir om det som skjer.

------------------------------------

Vedlikehald med ansiktsløft på Bedehuset

Før ferien starta arbeidet med utskifting av kledning, takrenner og vindskier på heile bedehuset. No etter ferien, så ser ein den store endringa, med at det gamle flate taket over inngangspartiet nå er møna opp, og vil gi eit skikkeleg fint ansiktsløft mot "sentrum", og ein arealutvidelse med dette fine rommet på snaut 30 kvadratmeter.

Ombygginga er teikna av Gordon Sunde, og arbeidet er utført av Miljøbygg AS. Det er bedehusforeningen på Fogn som er ansvarlig oppdragsgjevar og dugnadsarbeidet vert organisert av Aud Aano. Alle som ynskjer å bidra anten med dugnadsarbeid eller midler til finansiering er sjølvsagt hjarteleg velkomne til dette! Ta i så fall kontakt med Aud Aano på 93263756 eller Joar Sandanger på 92047436.

Under er nokre bilete som syner prosjektet frå ulike vinklar, i tillegg til eit bilete av sperra som vert heist på plass, og eit glimt frå "sperrekakefesten".

Strålande bryggefest i Sæbøvåg!

Fredag 19. august inviterte Sæbøvåg båtforening sine medlemmer og leigetakarar med familie og vener til bryggefest for heile familien! Omlag 50 personar møtte opp, og fekk nyta den flotte sommarkvelden i båthavna, som no framstår som veldig fin, etter utbetring av skadane som har skjedd på moloen.

Båtforeningen sjølv omtalte programmet som "ikkje halsbrekkande", men her var det i alle fall mykje som skjedde! Det heile starta med grilling, før Gisle Torgersen fekk overrakt ei gåve frå båtforeningen v/ Joar Sandanger, etter at Gisle har gjort ein kjempejobb som leiar dei siste åra. Deretter var det tid for fiskekonkurranse for borna med premiering til den som fekk den minste fisken, og den som fekk flest fisk. I sistnemnde kategori måtte det "omfisking" til for å kåra ein vinnar, så det var ikkje noko å seia på innsatsen! Etterkvart vart det også quiz og pilkastkonkurranse, noko som verka til å vera til glede for både store og små! 

Gjennom heile kvelden vart drøs, grilling og konkurransar gjennomført med den fine bakgrunnslyden av born som bada i Sæbøvågen, noko som var med og gjorde dette til ein nærmast perfekt seinsommarkveld!

Fleire bilete frå bryggefesten ser de under:

Første skuledag på Fogn oppvekstsenter!

Torsdag 18. august var det tid for skulestart på Fogn oppvekstsenter dette skuleåret. I år er det 37 elevar på skulen, der heile 21 av elevane går i 4. og 5. klasse. Det er 3 elevar som startar opp i årets 1. klasse.

Mellom anna takka vere ei sol som etterkvart varma godt, vart det ein flott første skuledag med mykje god aktivitet både innandørs og utandørs! Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikke HER!

Årets førsteklassingar, frå venstre: Jonatan, Håkon og Samuel!

Årets førsteklassingar, frå venstre: Jonatan, Håkon og Samuel!