Det nærmar seg visning!

Denne gjengen var tysdag samla hjå Kathrine og Kristoffer Østhus for å planleggja visningsdagen som skal vera på Fogn 27. august.

Denne gjengen var tysdag samla hjå Kathrine og Kristoffer Østhus for å planleggja visningsdagen som skal vera på Fogn 27. august.

Visningsdagen 27. august (klikk HER for informasjon) nærmar seg med stormskritt, og tysdag var ein heil gjeng samla for å gå gjennom programmet og sjå etter gode løysingar på dei utfordringane det måtte vere med eit slikt arrangement. I tillegg til gruppa som har jobba med visningen, og personane som skal stå på dei ulike stasjonane, var også ordførar Henrik Halleland og Asgeir Ladstein frå Ladstein Bygg med på møtet. Det er alt fleire (over 20 personar) som har meldt seg på visninga og no byrjar programmet å verta "spikra". 

Helgøy Skyssbåt henter folk på hurtigbåtterminalen i Stavanger klokka 10.00, og har ein sightseeing i Ryfylke på veg inn mot Fogn. 

Omlag klokka 11.30 går folk i land på ferjekaien på Fogn, der ein eller fleire bussar venter. Her vert det først guida tur rundt øya, før folk kan velgja kva for stasjonar dei vil gå på (klikk HER for å lese meir om dette). Opplegget med stasjonar varar fram til klokka 15.00, då det er tid for avsluttande matfest i Eidsvåg.

I Eidsvåg er det gratis mat til alle, både besøkande og fastbuande. Det kjem til å verta både tomatsuppe og grillmat. I tillegg til maten vert det ulike innslag i Eidsvåg, før Helgøy Skyssbåt henter dei besøkande og fraktar dei mot Stavanger ca. klokka 17.00. 

Vi som bur på Fogn ynskjer jo å vise fram dei flotte øya vår i all sin prakt denne dagen! Vèret er det lite vi kan gjere med, men det finnes andre ting vi kan bidra med. Det er flott om:

  • Vi heiser flagget denne dagen
  • Vi er synleg tilstades i "stasjonsøkta", særleg på oppvektsenteret (spesielt fokus på borna) og på butikken.
  • Vi møter opp på matfesten i Eidsvåg, slik at dei besøkande får treffa så mange av oss som mogleg!

Dette vert knallbra!

Nytt Alphakurs denne hausten

Kjersti Sandanger med Alphaplakaten i forkant av kurset som vart gjennomført hausten 2015.

Kjersti Sandanger med Alphaplakaten i forkant av kurset som vart gjennomført hausten 2015.

Hausten 2015 vart det gjennomført eit Alphakurs i kyrkja på Fogn. Alphakurs er i korte trekk 10 kveldssamlingar der dei frammøte får anledning til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Til hausten vert det nytt kurs, og vi har snakka litt med ein av initiativtakarane, Kjersti Sandanger, om både det føregåande og det komande kurset.

- Korleis gjekk kurset som vart gjennomført førre haust?
Eg trur at det gjekk veldig bra! Vi fekk i alle fall gode tilbakemeldingar på både undervisning, samtale og ikkje minst den gode maten! 

- Var kurset godt besøkt?
Det vart omlag 25 deltakarar, som vi fordelte på tre grupper. Dei fleste meldte seg på dei siste dagane før kurset, så vi var litt skeptiske ei stund, men det gjekk jo godt tilslutt!

- Og no vert det arrangert nytt kurs til hausten, er det eit liknande kurs som i fjor?
Ja, det er mykje likt. Det er dei same temaene og mange av dei same som skal ha undervisning. Samstundes vert det jo nye grupper og ikkje minst ny mat... Og så håpar vi at enno fleire blir med på weeekenden, som vert arrangert omlag midt i kurset. I fjor var vi for dårlege på å promotere denne, slik at det ikkje var så mange som meldte seg på. Vi som reiste hadde ei kjempehelg, så i år satsar vi på at ein enno større gjeng reiser til leirplassen "Nordlys", siste helga i oktober.

- Og har du litt meir praktisk informasjon om årets kurs?
Ja, kurset er framleis for alle som vil finna ut meir om kva den kristne trua går ut på og vi kjem igjen til å halde til i kyrkjekjellaren på onsdagar mellom klokka 19.00 og 21.00. Den første samlinga vert 7. september, og så held vi på i 10 veker framover. Deltakarane får både ei lita bok og kveldsmat kvar gong, difor kostar det 300 kroner å vere med på kurset. I og med at vi deler inn i grupper i forkant av kurset, er det ein fordel om folk melder seg på på førehand. Det kan dei gjera på sms til meg på nr. 928 63 130. Det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset.

Vi ynskjer lukke til med vidare planlegging og gjennomføring av sjølve kurset!

Klart for den 28. Fognamarsjen!

Foto frå fognamarsjen 2015. Foto: Helge Magnar Iversen

Foto frå fognamarsjen 2015. Foto: Helge Magnar Iversen

Søndag 14. august klokka 14.00 er det igjen klart for den særs tradisjonsrike Fognamarsjen! Som vanleg er det start og mål ved skulen, og løypa går på bilvegen rundt øya. 

Startkontingenten er 75 kr per deltakar, med ein makspris på 225 kr per familie. 

Premiering:

1. gong: Bronsemedalje
5. gong: Søvmedalje
10. gong: Gullmedalje
15. gong: Elitestaup
20. gong: Endå eit staup
25. gong: Kakespade

Dersom du lurar på kor mange gonger du har gått før, eller kor mange gonger naboen har gått, kan du sjå ei fullstendig oversikt ved å klikka HER.

Det vert høve til kjøp av forfriskningar ved Selvåg.

Fogn IL ynskjer nye og tidlegare deltakarar velkommen til ein vonleg fin søndagstur rundt øya!

Visningsdagen vert laurdag 27. august!

Som vi har skrive om tidlegare, vert det visningsdag på Fogn i august. Les meir om denne dagen ved å klikke HER. I utgangspunktet var det planlagt at visningsdagen skulle vere søndag 28. august, men av ulike grunnar er denne no flytta til laurdag 27. august.

Eit av trekkplastera under visningsdagen er dei prosjekterte eneboligane som Gordon Sunde snakkar om i videoen under. Sjå kva det er for eit kjempetilbod han har til dei som vurderer å flytte til Fogn!

Jørgen vann EM-konken, og var 5. best i landet!

Søndag 10. juli vart europmeisterskapet i fotball avslutta, med finalekampen mellom heimenasjonen Frankrike og utfordrarane frå Portugal. Etter ein dramatisk finale der Christiano Ronaldo måtte ut med skade, og sigersmålet kom i andre ekstraomgang, kunne til slutt dei raudkledde portugisarane løfta trofeet over hovudet, og kallast europameistarar 2016! 

Her på Fogn.org har vi hatt ein eigen tippekonkurranse, der deltakarane har tippa utfallet av alle kampar i gruppespelet, kva for lag som kom vidare til dei ulike rundane i sluttspelet, og sjølvsagt kven som sto igjen som vinnar til slutt. Når rekneskapen no er gjort opp, står Jørgen Bø jr igjen som vinnar, med den imponerande poengsummen på 95 poeng! Dette er ein så sterk poengsum at han vart nummer 5 av over 26 000 deltakarar i VG sitt opplegg "EM-profeten", som Fogn.org nytta til årets tippekonk. Denne sterke, nasjonale plasseringa, gjer at VG gir Jørgen to billettar til VM-kvalifiseringskampen mellom Noreg og Tyskland på Ullevål til hausten. Frå Fogn.org får han det same som alle vinnarar av våre tippekonkurransar får, nemleg ei innramma resultatliste som han kan ha som synleg bevis på at han slo alle saman!

Då vi snakka med Jørgen dagen etter finalen, var han framleis særs godt nøgd med eigen innsats. Særleg at han slo både far Jakob, bror Josef og søskenbarn Marius trakk Jørgen fram som eit høgdepunkt frå dette EM-et. Det var faktisk slik at dei tre som sat og såg finalen saman på Trevland søndag kveld, Jørgen, Josef og Marius, tok dei tre øvste plassane blant dei 24 som deltok i Fogn.org sin tippekonk. Jørgen kunne fortelja at Marius, som hadde vunne konkurransen dersom Frankrike hadde vunne EM-finalen, tok tapet med fatning. Jørgen understreka likevel at dersom Frankrike hadde vunne, og Marius då hadde vunne over Jørgen, ville det ikkje vore aktuelt at Marius overnatta hjå Jørgen etter finalen, slik han nå gjorde. På spørsmål om kva som gjorde at nettopp Jørgen hadde levert det beste tipset, kom svaret nokså kontant: "Eg har mest kunnskap". 

Kunnskap eller flaks, Jørgen leverte i alle fall eit imponerande godt tips, og vi vil gratulere både med siger i Fogn.org sin konkurranse, og 5. plassen på landsplan!

Under er den komplette resultatlista i vår tippekonk:

  1. Jørgen Bø jr - 95
  2. Josef Bø - 91
  3. Marius Svellingen - 69
  4. Eirik Runestad - 61
  5. Håvard Østhus - 61
  6. Karl Magne Frafjord - 61
  7. Jakob Bø - 59
  8. Helge Magnar Iversen - 58
  9. Bjørnar Svellingen - 56
  10. Leif Thorsen - 54
  11. Kristian Sandanger Iversen - 54
  12. Anders Sandanger - 52
  13. Gudrun Mella - 52
  14. Tor Kristian Kjølvik - 51
  15. Kristel Borgemyr - 51
  16. Anne Strøm Østhus - 50
  17. Christian Tyssøy - 50
  18. Trond Arne Borgemyr - 50
  19. Ivar Opsal - 49
  20. Stig Morten Sangedal - 49
  21. Kjell Jomar Aune - 47
  22. Anders Halgunset - 46
  23. Gary Gary - 45
  24. Ørjan Klev Ladstein - 44