Omlag 60 personar påmeldt, hugs flagget!

Påmeldingane til visningsdagen laurdag 27. august strøymer på, og no er vi oppe i omlag 60 påmeldte personar! Vi vil gjere alt vi kan for at desse skal få ein flott dag, mellom anna ved at vi som bur eller har hytte her heiser flagget denne dagen! Men det er ikkje berre dei som kjem på besøk som skal få ein god dag, også vi som alt er her har mykje å sjå fram til! Vi oppfordrar alle til å ta turen på butikken og til oppvekstsenteret ein (eller fleire) gonger mellom klokka 11.45 og 15.00. Då kjem det til å vere ein god del folk på desse plassane, mellom anna grunna gratis saft, kaffi og lappar på butikken. Klokka 15.00-17.00 er det matfest i Eidsvåg, og her er ALLE VELKOMNE! Det er eit enkelt program i Eidsvåg, i tillegg til god mat til alle som møter opp!

Vèrmeldingane ser også gode ut for laurdagen, så no er det berre å gle seg!

Informasjon om "Bedehusløftet"

Som mange heilt sikkert har fått med seg, så skjer det for tida ei nokså omfattande "ansiktsløfting" på Fogn bedehus. Leiaren av byggekomiteen, Joar Sandanger, har sendt inn både bilete og tekst til Fogn.org, slik at lesarane kan få vita litt meir om det som skjer.

------------------------------------

Vedlikehald med ansiktsløft på Bedehuset

Før ferien starta arbeidet med utskifting av kledning, takrenner og vindskier på heile bedehuset. No etter ferien, så ser ein den store endringa, med at det gamle flate taket over inngangspartiet nå er møna opp, og vil gi eit skikkeleg fint ansiktsløft mot "sentrum", og ein arealutvidelse med dette fine rommet på snaut 30 kvadratmeter.

Ombygginga er teikna av Gordon Sunde, og arbeidet er utført av Miljøbygg AS. Det er bedehusforeningen på Fogn som er ansvarlig oppdragsgjevar og dugnadsarbeidet vert organisert av Aud Aano. Alle som ynskjer å bidra anten med dugnadsarbeid eller midler til finansiering er sjølvsagt hjarteleg velkomne til dette! Ta i så fall kontakt med Aud Aano på 93263756 eller Joar Sandanger på 92047436.

Under er nokre bilete som syner prosjektet frå ulike vinklar, i tillegg til eit bilete av sperra som vert heist på plass, og eit glimt frå "sperrekakefesten".

Strålande bryggefest i Sæbøvåg!

Fredag 19. august inviterte Sæbøvåg båtforening sine medlemmer og leigetakarar med familie og vener til bryggefest for heile familien! Omlag 50 personar møtte opp, og fekk nyta den flotte sommarkvelden i båthavna, som no framstår som veldig fin, etter utbetring av skadane som har skjedd på moloen.

Båtforeningen sjølv omtalte programmet som "ikkje halsbrekkande", men her var det i alle fall mykje som skjedde! Det heile starta med grilling, før Gisle Torgersen fekk overrakt ei gåve frå båtforeningen v/ Joar Sandanger, etter at Gisle har gjort ein kjempejobb som leiar dei siste åra. Deretter var det tid for fiskekonkurranse for borna med premiering til den som fekk den minste fisken, og den som fekk flest fisk. I sistnemnde kategori måtte det "omfisking" til for å kåra ein vinnar, så det var ikkje noko å seia på innsatsen! Etterkvart vart det også quiz og pilkastkonkurranse, noko som verka til å vera til glede for både store og små! 

Gjennom heile kvelden vart drøs, grilling og konkurransar gjennomført med den fine bakgrunnslyden av born som bada i Sæbøvågen, noko som var med og gjorde dette til ein nærmast perfekt seinsommarkveld!

Fleire bilete frå bryggefesten ser de under:

Første skuledag på Fogn oppvekstsenter!

Torsdag 18. august var det tid for skulestart på Fogn oppvekstsenter dette skuleåret. I år er det 37 elevar på skulen, der heile 21 av elevane går i 4. og 5. klasse. Det er 3 elevar som startar opp i årets 1. klasse.

Mellom anna takka vere ei sol som etterkvart varma godt, vart det ein flott første skuledag med mykje god aktivitet både innandørs og utandørs! Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikke HER!

Årets førsteklassingar, frå venstre: Jonatan, Håkon og Samuel!

Årets førsteklassingar, frå venstre: Jonatan, Håkon og Samuel!

Det nærmar seg visning!

Denne gjengen var tysdag samla hjå Kathrine og Kristoffer Østhus for å planleggja visningsdagen som skal vera på Fogn 27. august.

Denne gjengen var tysdag samla hjå Kathrine og Kristoffer Østhus for å planleggja visningsdagen som skal vera på Fogn 27. august.

Visningsdagen 27. august (klikk HER for informasjon) nærmar seg med stormskritt, og tysdag var ein heil gjeng samla for å gå gjennom programmet og sjå etter gode løysingar på dei utfordringane det måtte vere med eit slikt arrangement. I tillegg til gruppa som har jobba med visningen, og personane som skal stå på dei ulike stasjonane, var også ordførar Henrik Halleland og Asgeir Ladstein frå Ladstein Bygg med på møtet. Det er alt fleire (over 20 personar) som har meldt seg på visninga og no byrjar programmet å verta "spikra". 

Helgøy Skyssbåt henter folk på hurtigbåtterminalen i Stavanger klokka 10.00, og har ein sightseeing i Ryfylke på veg inn mot Fogn. 

Omlag klokka 11.30 går folk i land på ferjekaien på Fogn, der ein eller fleire bussar venter. Her vert det først guida tur rundt øya, før folk kan velgja kva for stasjonar dei vil gå på (klikk HER for å lese meir om dette). Opplegget med stasjonar varar fram til klokka 15.00, då det er tid for avsluttande matfest i Eidsvåg.

I Eidsvåg er det gratis mat til alle, både besøkande og fastbuande. Det kjem til å verta både tomatsuppe og grillmat. I tillegg til maten vert det ulike innslag i Eidsvåg, før Helgøy Skyssbåt henter dei besøkande og fraktar dei mot Stavanger ca. klokka 17.00. 

Vi som bur på Fogn ynskjer jo å vise fram dei flotte øya vår i all sin prakt denne dagen! Vèret er det lite vi kan gjere med, men det finnes andre ting vi kan bidra med. Det er flott om:

  • Vi heiser flagget denne dagen
  • Vi er synleg tilstades i "stasjonsøkta", særleg på oppvektsenteret (spesielt fokus på borna) og på butikken.
  • Vi møter opp på matfesten i Eidsvåg, slik at dei besøkande får treffa så mange av oss som mogleg!

Dette vert knallbra!

Nytt Alphakurs denne hausten

Kjersti Sandanger med Alphaplakaten i forkant av kurset som vart gjennomført hausten 2015.

Kjersti Sandanger med Alphaplakaten i forkant av kurset som vart gjennomført hausten 2015.

Hausten 2015 vart det gjennomført eit Alphakurs i kyrkja på Fogn. Alphakurs er i korte trekk 10 kveldssamlingar der dei frammøte får anledning til å utforska den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Til hausten vert det nytt kurs, og vi har snakka litt med ein av initiativtakarane, Kjersti Sandanger, om både det føregåande og det komande kurset.

- Korleis gjekk kurset som vart gjennomført førre haust?
Eg trur at det gjekk veldig bra! Vi fekk i alle fall gode tilbakemeldingar på både undervisning, samtale og ikkje minst den gode maten! 

- Var kurset godt besøkt?
Det vart omlag 25 deltakarar, som vi fordelte på tre grupper. Dei fleste meldte seg på dei siste dagane før kurset, så vi var litt skeptiske ei stund, men det gjekk jo godt tilslutt!

- Og no vert det arrangert nytt kurs til hausten, er det eit liknande kurs som i fjor?
Ja, det er mykje likt. Det er dei same temaene og mange av dei same som skal ha undervisning. Samstundes vert det jo nye grupper og ikkje minst ny mat... Og så håpar vi at enno fleire blir med på weeekenden, som vert arrangert omlag midt i kurset. I fjor var vi for dårlege på å promotere denne, slik at det ikkje var så mange som meldte seg på. Vi som reiste hadde ei kjempehelg, så i år satsar vi på at ein enno større gjeng reiser til leirplassen "Nordlys", siste helga i oktober.

- Og har du litt meir praktisk informasjon om årets kurs?
Ja, kurset er framleis for alle som vil finna ut meir om kva den kristne trua går ut på og vi kjem igjen til å halde til i kyrkjekjellaren på onsdagar mellom klokka 19.00 og 21.00. Den første samlinga vert 7. september, og så held vi på i 10 veker framover. Deltakarane får både ei lita bok og kveldsmat kvar gong, difor kostar det 300 kroner å vere med på kurset. I og med at vi deler inn i grupper i forkant av kurset, er det ein fordel om folk melder seg på på førehand. Det kan dei gjera på sms til meg på nr. 928 63 130. Det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset.

Vi ynskjer lukke til med vidare planlegging og gjennomføring av sjølve kurset!