Glimt frå søndagsskuleavslutninga

Søndag 12. juni var det søndagsskuleavslutning på Selvåg, ved naustet til Helga og Ståle Østhus. Vèret er viktig slike dagar, og med lettskya, opphaldsvèr og lite vind, vart det ei flott ramme rundt det som føregjekk!

Dei borna som går frå søndagsskulen til søndagsringen (3. klassingane) og dei som gjekk ut av søndagsringen (konfirmantane) fekk ei helsing frå leiarane, i tillegg til at det var andakt, grilling og diverse aktivitetar!

Under er nokre bilete, knipsa av Jørgen Bø:

Bli med på Tour de Fogn!

Helga 24.-26. juni går sykkelrittet Tour de Fogn av stabelen for 6. gong. Påmeldinga har vore open ei stund, men det er framleis ledige plassar! Mange av dei store sykkelritta opplever nedgong i talet på påmeldte dette året, la oss visa at dette ikkje er tilfelle for Tour de Fogn!

Så er det jo slik at El-syklar er i vinden for tida. Difor ynskjer vi å opna opp for ein eigen el-sykkelklasse i år, slik at enno fleire kan få vere med på denne folkefesten! Dersom du ynskjer å sykle på el-sykkel, kan du gjerne skrive det i kommentarfeltet når du melder deg på.

Påmelding skjer på skjema som de kjem til ved å klikka HER. Det kostar 100 kr per deltakar, kontant betaling ved oppmøte på fredagen. Under fylgjer litt informasjon om dei ulike dagane:

Etappe 1 - Prolog med individuell start

Tid: Fredag 24. juni kl. 18.30
Start og mål: Pakkerietet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake. Syklistane startar ein og ein, med eit minutts mellomrom. Den som fullførar på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart og barneritt

Tid: Laurdag 25. juni kl. 14.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle startar samla, og den som kjem først i mål (Fogn oppvekstsenter) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

Når alle har kome i mål, er det tid for barneritt. Då kan barn i alle aldrar koma med sykkelen sin, og sykla ulike løyper, alt etter kor gamle dei er. 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

Tid: Søndag 26. juni kl. 12.30
Start og mål: Fogn oppvekstsenter (start), Kyrkja (mål)

Denne avsluttande etappen er lagt litt om i år. Syklistane startar på Fogn oppvekstsenter, og syklar i retning Varland. Deretter går turen via Sæbøkrossen til Sørvåg og Runastad, før dei svingar av og syklar opp bakken til Høgaste. Frå Høgaste går turen forbi kyrkja, før dei syklar ein heil runde rundt Fogn, og har målgang når ved kyrkja. Denne omlegginga gjer at syklistane passerer kyrkja tre gonger (publikumsvennleg), og dei må sykle heile bakken frå Sørvåg-Høgaste, noko som gjer at etappen lever opp til namnet "Klatreetappe". 
Den som samla sett har best tid etter tre etappar, vinn rittet!

 

I og med at Tour de Fogn no har vore arrangert i fleire år, kan ein byrja å føra litt statistikk over løype- og personlege rekordar. Dyrlege og fast tidtakar Dag Aasland har laga ein slik oversikt der ein kan sjå ulike rekordar, og kva for eit år dei er sette. Og berre slik at folk er infomert, bokstavane "do" i reknearket til Dag, tyder "den over". Klikk HER for å sjå den fullstendige oversikta.

Kristian Iversen har laga ein Tour de Fogn film med høg "frysningar på ryggen-faktor". Er du i tvil om du skal melde deg på eller ikkje, sjå filmen under! Og dersom du ikkje er i tvil, så sjå filmen likevel, den er veldig god!

Søndagstur til Kvitsøy, 19. juni!

Idrettslaget arrangerer søndagstur til Kvitsøy med Helgøy Skyssbåt søndag 19-Juni, samtidig som A-laget skal spille seriekamp. Avreise vil være etter kirketid, ca klokken 1230 med retur fra Kvitsøy i 5-6 tiden. Reisetiden er beregnet til omtrent 45 minutter. Kampen er satt opp med starttidspunkt klokken 1400, men de reisende velger selv om de vil nyte Kvitsøy eller om de vil se kamp.

Prisen vil være 200 NOK per voksen, og gratis for barn. For å avgjøre hvilken båt vi leier inn må vi kjøre bindende påmelding, og påmeldingen gjøres til paal190479@hotmail.com eller på melding til telefon 970 40 089 innen onsdag 15-Jun-16.

Kom og bli med på tur for å heie guttene til nok en seier!

Ny vri på EM-tippinga...

Vanlegvis under store fotballmeisterskap som EM og VM, er det eigen tippekonkurranse på Fogn.org. I år vart det rett og slett litt for tidkrevande for redaktøren å arrangera ein slik konkurranse på "tradisjonell" måte, så her kjem ein ny vri...

VG har laga ein tippekonkurranse som dei kallar for "EM-profeten". Her kan ein opprette private ligaer, slik at lesarane av Fogn.org kan konkurrera mot kvarandre. Ein liga med namnet "Fogn.org" er oppretta, og alle som ynskjer kan bli med i denne ligaen ved å klikka HER (krev Facebookprofil).

For dei som tenkjer at det vert litt "stress" å tippa utfallet av alle dei 51 kampane i EM, så finnest det ein eigen knapp som fyller ut alle tippetips automatisk, så er det sagt...

Ingen kan sjå kva andre har tippa før fristen for tippinga går ut, fredag 10. juni kl. 21.00!

Bli med og tipp, og gjer EM mykje meir spanande!

 

Solid heimesiger!

Fogn - Sviland: 4-2 (1-0). Sviland låg på tredjeplass på tabellen då dei kom til Fogn laurdag 4. juni. Etter kampen var det det blåkledde heimelaget som hadde overteke denne plasseringa!

Sviland kom til denne bortekampen med berre 11 spaelarar, noko som etterkvart skulle visa seg å verta skjebnesvangert i sommarvarmen, der dommaren kommanderte spelarane til å ta drikkepause kvart kvarter. 

Kampen starta i og for seg nokså jamnt, men det vart tidleg klart at Fogn var det sterkaste laget på banen. Etterkvart kom også sjansane, og det var på ingen måte ufortent då Fogn gjekk opp i leiinga like før pause. Martin Østhus kom seg fint fri på sin venstrekant, og sette fart inn mot 16-meteren. Martin såg opp og oppdaga Trond Arne Borgemyr inne i feltet. Ein fin pasning og ein klinisk avslutning seinare var det jubel på Fogn stadion, 1-0!

Utover i andreomgang gjekk Sviland nokså tomme for krefter. Fogn produserte fleire sjansar, og etter å ha bomma på eindel av dei kom den berømte "ketchupeffekten" frå omlag 60-75 minutter.  Først var det Jakob Bø som la inn med venstrefoten frå høgrekanten. Ballen gjekk gjennom heile feltet, og skrudde rett i mål, 2-0! Deretter spela Ole Jakob Kjølvik ein fin gjennombrotspasning til Håvard Østhus som runda keeper og sette ballen i det tomme målet, 3-0! Til slutt var det back Pål Rune Grønås som sette fart framover på ei kontring. Han spela ut til Ørjan Klev Ladstein på venstrekanten. Pasningen frå Ørjan vart møtt av Pål Rune som avslutta i ein Svilandspelar, via stolpen, og så i beina på Martin Østhus, som fekk æren av å settje inn 4-0 til Fogn!

Mot slutten av kampen fekk Sviland to trøstemål, utan at det tok bort gleda til heimelaget over å ha vunne ein viktig kamp, og å ha klatra opp på tredjeplass på tabellen!

Kampfakta:

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Trond Arne Borgemyr
Kristoffer Runestad
Lars Olav Bøe
Martin Østhus
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Malvin Skartveit
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Sigve Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bøe

Fogn sine mål: Trond Arne, Jakob, Håvard og Martin
Assist: Martin, Ole Jakob, Pål Rune

Gule kort: Sigve, Kristoffer

Under er fleire bilete frå kampen, alle knipsa av fotograf Kristian S Iversen!
 

Kjapp rapport frå turen til Skinnvika

Søndag 29. mai var arrangerte Fogn IL, Speidaren og Helselaget søndagstur til den flotte Skinnvika! Folk kom seg til Skinnvika ved hjelp av både bil, sykkel, båt og til fots, slik at det etterkvart vart ein god gjeng som var samla under det spredte skydekket. Dei tøffaste (altså borna) våga seg også uti vatnet, som ifølge usikre kjelder "ikkje var såååå kaldt". 

Bål vart tent, pølser og marshmallows grilla, og praten gjekk lenge og vel, slik at alle var einige om at det nok ein gong hadde vore ein kjekk søndagstur!

Under er nokre få bilete frå turen: