Tur til Karmøy

Eldresenteret arrangerer busstur til Avaldsnes på Karmøy måndag 9. mai. Me reiser med ferja til Nedstrand kl 08.00 og kjem heim over Arsvågen 18.15. Det blir middag på Nordvegen Historiesenter, der me m.a. møter både Gyda og Harald Hårfagre. Det blir og omvisning i Olavskyrkja. Pris: ca 400 kr (avheng litt av kor mange som blir med.)

Det er framleis ledige plasser i bussen, så har du lyst, er du velkommen til å bli med. Ta kontakt med Anne Marie (47287445) eller Reidunn ( 90508993) før 4. mai.

Klart for felles søndagstur i helga!

På søndag 1. mai er det klart for ein ny fellestur! Starten går frå butikken klokka 14.00, og første mål er Osvald-dammen. Finn vi nokre rumpetroll her tru? Vi går etterkvart vidare over Peråsen, før vi set kursen mot "uteplassen" til speidaren/barnehagen. Her vert det laga bål, slik at dei som vil kan grilla og ta seg ein drøs.

Vi håper at så mange som mogleg vil vera med på denne kjekke turen!

Arr: Fogn IL, Helselaget og Speidaren 

Søndagsskuletur

Søndagsskulane i Finnøy hadde ei kjempeflott samling på Sjernarøy oppvekstsenter søndag som var.
Me blei velsigna med nydeleg vèr. Sola skein og det var ganske så stilt på skuleområdet denne dagen.
 
Rundt 170 stk store og små var med på denne samlinga. Kristen Helgøy henta oss tilreisande med Helgøy Glimt på dei forskjellige kaiane, og sette oss i land ca 100 m fra skulen. Lettare og finare tur kunne me ikkje fått.
 
Leiarane i Finnøy Sundagsskule stod for organisering, bibelfortejing, song og grilling.
Sjernarøy Sundagsskule (Barnelag) hadde ansvar for plass, kaffi, gode kaker og mange grillar! Talgje og Fogn Sundagsskule stor for sporleik.
 
Ungane leika på det flotte skuleområdet, medan vaksne anten leika med, eller slo av ein prat og tok seg ein kopp kaffi i solveggen.
 
Dette må seiast å være ein særs vellykka dag for både liten og stor!
Ekstra takksame var me då me oppdaga snøfnugg dalande i lufta, i det me gjekk om bord i Helgøybåten på returen, og kunne snu oss konstantera skikkelige snøbyga over Sjernarøyane då me var vèl heime.
 
Takk til alle som var med på turen fra Fogn!
 
- Fogn Søndagsskule og Søndagsring -

Surt poengtap i serieopninga!

Fogn - Kvitsøy: 2-2 (1-0). Når du leier både ein og to null, og slepp inn utlikningsmålet på overtid, så må ein få lov til å seie at det er eit surt poengtap. Slik vart det for Fogn i serieopninga av 7. divisjon avdeling 2, 2016.

I skiftande vèr, med alt frå sol til sludd, barka Fogn og Kvitsøy saman til årets første seriekamp. På førehand var det vanskeleg å seie kven som var favoritt, mellom anna grunna at Fogn ikkje hadde spelt ein einaste treningskamp, og heller ikkje hadde hatt meir enn ei trening på graset før Kvitsøy kom på besøk. Samstundes hadde ikkje bortelaget imponert i treningskampar i vinter, så det var duka for ein open kamp!

Utover det skiftande vèret var det flotte rammer rundt kampen! Mange hadde møtt opp, det lukta vafler frå kiosken som no står fint plassert blant publikum ved midtstreken, og både speakerar (Kristian S Iversen og Jørgen Bø) og musikk var på plass!

Førsteomgangen bølga fram og tilbake med sjansar til begge lag. Tempo og kvalitet var nok så som så, men fleire av sjansane var i alle fall store og gode, sjølv om ingen av desse vart omsett i skåringar. Ikkje før på overtid av første omgang. Då fekk Fogn corner, og spelande trenar Jakob Bø sendte fram det som var av "luftskyts", for no skulle Fogn ha eit mål før pause. Som sagt, så gjort. Johannes Hovda jr slår ein perfekt corner til Jakob på bakre stolpe. Sistnemnde stig til vers og stangar inn 1-0 til heimelaget, og han har ikkje meir enn landa før dommaren bles av til pause, med heimelaget i leiinga!

I andre omgang fekk Fogn fordelen av medvind, noko som nok bidrog til at dei blåkledde styra første halvdel av omgangen. Likevel måtte dei ha hjelp for å få sett inn det andre målet, då Kvitsøy sin høgreback plasserte ballen heilt inne ved stolpen, etter at Ole Jakob Kjølvik hadde slått eit fint innlegg frå si høgreside, 2-0!

Framleis var det Fogn som styra kampen, men Kvitsøy var også farleg frampå nokre gonger. Eit kvarter før slutt fekk dei også ein corner, som vart utnytta på beste måte. Heimelaget "sov litt" og glapp i markeringane, slik at ballen først vart stussa vidare av ein Kvitsøyspelar, før den traff ein Kvitsøyfot, og vart forlenga vidare inn i mål, 2-1.

Ikkje lenge etter vart Kvitsøy redusert til 10 mann, då ein nokså frustrert midtstoppar, som hadde vore framme på ein corner, sparka ned Jakob Bø som var i fint driv framover på ei kontring. Likevel, med 10 mann og med motvind i fjeset, så skulle Kvitsøy få si utlikning.

Dommaren hadde nettopp gitt beskjed om at 3 minutter var lagt til, då Sigve Bø hamna bak ein Kvitsøyspelar inne i Fogn sitt 16-meterfelt. Dette stoppar ikkje Sigve frå å sette inn ei takling, og vips, så vart det straffe til bortelaget. Straffa vert sett sikkert ned til høgre for keeper Trond Egil Sivertsen, som elles gjorde ein veldig god figur i det som var hans 200. kamp for Fogn.

Resten av overtida vart eit stormløp mot Kvitsøy sitt mål, men heimelaget kom ikkje nærare enn eit par gode sjansar, før dommaren bles av til poengdeling, 2-2. 

No ventar Lura 2 på bortebane på tysdag for Fogn. Lura 2 vann sin opningskamp 2-1 på bortebane, så det kan fort vera eit godt lag Fogn skal opp mot i neste kamp.

Sjå fleire bilete frå kampen ved å scrolla ned under kampfakta! Bileta er knipsa av Kristian Sandanger Iversen, med unnatak av det siste biletet, som er knipsa av Janne Aano Bø. Takk for bileta!

KAMPFAKTA:

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Lars Olav Bøe
Vadim
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Ole Jakob Kjølvik
Trond Arne Borgemyr
Håvard Østhus

Benytta reservar:
Malvin Skartveit
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bøe

Fogn sitt mål: Jakob

Fogn sine assists: Johannes og Ole Jakob

Gule/raude kort: Ingen!

Seriestart i helga!

Laurdag 23. april klokka 14.20. Det er berre å sette av tidspunktet, for då er vert 7. divisjon avdeling 2 sparka i gang på Fogn stadion! Og det er ikkje kven som helst som kjem på besøk for å spela mot A-laget denne laurdagen. Det vert ein ekte øyduell mellom dei blåkledde frå Fogn og dei kvitkledde frå Kvitsøy! 

Nytt av året er at kiosken har blitt flytta slik at den no er plassert midt blant publikum på sida av banen. Her er det også lagt inn straum slik at det vert sal av nysteikte vafler og kaffi, i tillegg til sjokolade under seriestarten på laurdag! 

Så må det nemnast at det er mykje spenning knytta til denne kampen. Kvitsøy har, etter kva ryktene seier, spelt fleire treningskampar, utan dei heilt store resultata. Samstundes har ikkje Fogn spelt ein einaste treningskamp, og grasbanen har heller ikkje vore nytta før på treninga sist tysdag. Fogn har også mista ein av stjernespelarane frå i fjor, nemleg Rasmus Robson Skartveit, som har meldt overgang til Siddis i 5. divisjon. 

Det er altså umogeleg å seie på førehand kva som kjem til å skje i seriestarten, så det tryggaste er nok berre å møte opp når mennene frå Kvitsøy og Fogn barkar saman til kamp!

Siste frist for påmelding til søndagsskulefest

I fjor vår fekk søndagsskulen på Fogn besøk frå dei andre søndagsskulane i kommunen. I år skal denne same søndagsskulefesten arrangerast i Sjernarøyane, søndag 24. april. Det er sett opp båttransport med Helgøy Skyssbåt, noko som gjer at ein må melda seg på til turen. Frist for påmelding er i dag, 19. april.

Sjå elles plakaten under for informasjon: