#godefogn

Dei av lesarane som er på Instagram, veit gjerne kva ein hashtagg (#) er for noko. På godt norsk heiter det ein emneknagg, og er ein måte å merka bilete på, slik at bilete som passar inn i same kategori, kan visast som eit album eller i eit digitalt galleri. No er det etablert ein felles hashtagg for positive bilete frå Fogn, nemleg hashtaggen #godefogn. Bilete som vert merka med denne hashtaggen kjem opp på TV-skjermen på butikken, der dei fem siste bileta i denne kategorien vil visast. Det må også nemnast at det berre er bilete som er publiserte frå ein open konto (altså ikkje ein konto der folk må sende forespørsel for å kunna sjå bileta) som vil verta synlege på skjermen.

Instagrambrukarar kan også sjå etter hashtaggen #godefogn i Instagramprogrammet på telefonen sin. Her vil dei sjå bilete som er lagt ut frå opne kontoar, i tillegg til dei bileta som deira "Instagramvener" har lagt ut merka med #godefogn.

Då er det berre å knipsa flotte bilete frå Fogn og merka desse med #godefogn!

Rapport frå årsmøte i Fogn grendalag

Onsdag 6. april var det årsmøte i Fogn grendalag på oppvekstsenteret. Omlag 25 personar hadde møtt opp, mellom anna for å høyre kåseri av Frank Pedersen frå "Gledesfabrikken Pedersen". Pedersen, som ser på seg sjølv som ein slags julenisse, fortalte om livet sitt, og om korleis dei ulike vala han hadde gjort undervegs hadde ført han fram til dit han er i dag. Og Pedersen fortalte, med ein god dose humor og glimt i auga, at han ikkje var i mål enno, men at kanskje nettopp vegen var sjølve målet for han.

Sjølve årsmøtedelen var nokså raskt unnagjort. Kristoffer Østhus la fram årsmeldinga for grendalaget, medan rekneskapen vart presentert av Merete M Kindingstad. Begge vart godkjente utan kommentarar. 

I år var første gong den nye ordninga med valnemnd var i funksjon på årsmøtet, og det kunne virka som om valnemnda hadde gjort jobben sin. Deira innstilling gjekk i alle fall igjennom på alle punkter, og styret for det komande året ser difor slik ut:

Kristoffer Østhus (leiar, valt på årsmøtet, 1 år att)
Merete Meling Kindingstad (1 år att)
Harald Bøe (1 år att)
Kathrine Flesjå (1 år att)
Joar Sandanger (valt på årsmøtet, 2 år att)
Arnstein Bøe (valt på årsmøtet, 2 år att)
Håvard Østhus (valt på årsmøtet, 2 år att)
Arne Straumstein (varamedlem, 1 år att)
Ingeborg Bøe Rolfsen (valt på årsmøtet, 2 år att)

Det vart stilt spørsmål ved den spesielle varamannsordninga i grendalaget, der varamedlemmene blir valt for to år om gongen. Leiar noterte seg dette, og vil ta det opp i styret, for så å evt. koma tilbake med eit vedtektsendringsforslag til neste årsmøte. 

Valnemnda ser slik ut for det neste året:

Oddny Kjølvik (1 år att)
Jakob Bø (2 år att)
Øyvind Sandanger (valt av årsmøtet, 3 år att)

Ottar Sandanger vart valt til revisor.

Etter ein liten basardel vart møtet offisielt heva. Men i og med at klokka berre var omlag 20.45,  vart folk sittande att og drøsa. No byrja verkeleg samtalane å gå om Øyfast, kommunestruktur og ferjeruter. Jon Olav Runestad, som var forhindra frå å koma på sjølve årsmøtet, møtte også opp etterkvart, og kunne fortelje litt frå eit møte han denne dagen hadde hatt med samferdselssjef Gottfried Heinzerling. Eit signal derfra var at ferjerutene, som etter planen skal endrast frå mai i år, ser ut til å verta omlag slik som det forslaget fylket sendte ut på høyring mot slutten av 2015. Dette forslaget kan de sjå ved å klikka HER.

 

Ein fantastisk møteplass!

I ei bygd og på ei øy som denne er det viktig med gode sosiale møteplasser. Ved å lage dette nærmiljøanlegget får vi styrka den møteplassen som bingen og skuleområdet har blitt! 

Slik ordla leiar i Fogn IL, Jakob Bø, seg under opningsfesten for det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. Og det var nettopp ein god møteplass nærmiljøanlegget var denne søndags ettermiddagen, då omlag 100 personar hadde møtt opp for å vera med når anlegget skulle takast i bruk for første gong. I tillegg til apell frå Jakob Bø, holdt Pål Rune Grønås, på veigne av ansvarsgruppa som har jobba med nærmiljøanlegget, ein takketale der han også fortalte eindel om prosessen som har leia fram til det flotte resultatet ein kunne sjå og prøve i dag. Det er Fogn IL som har vore "primus motor" bak det nye anlegget, og dei har fått støtte frå både Sparebankstiftelsen SR-bank, Gjensidigestiftelsen, forhåndsgodkjenning av tippemidler, fleire lokale bedrifter og enkeltpersonar, i tillegg til villige dugnadshender! Pål avslutta med å slå fast at: "Når vi løftar saman, så får vi til akkurat det vi vil", og nettopp denne haldninga trakk Ordførar Henrik Halleland fram då han fekk ordet like etterpå. Halleland var imponert over det Fognbuen hadde fått til, og han var glad for å kunna erklæra det nye nærmiljøanlegget for opna, og klippa snora, slik at borna kunne sleppe til! På det omlag 160 kvadratmeter store området kan dei boltra seg i eit klatrenett, ein "Supernova" (roterande hjul dei kan sittje, stå, gå og springe på), ei svingstang, to ballanseliner og seks ballar som kan både rotera og svinga frå side til side!

Dei første 10 minutta var det berre borna frå 0 år og opp til og med 3. klasse som fekk bruke leikeplassen, saman med Vidar Skavland frå Talgjefirmaet Rampline, som har levert mykje utstyr, og designa heile leikeplassen. Skavland presenterte og demonstrerte dei ulike apparata, og etter kun kort tid var også eldre born, vaksne og ordførarar med i leiken!

I tillegg til dei ulike programpostane var det servering av marsipankake, frukt, kaffi og brus. Og når vèret etterkvart letta, og sola stakk fram, førte det til at festen varte og rakk i fleire timar!

No står anlegget der, klart til å takast i bruk av både fastbuande og ferierande på Fogn! Under kan de sjå bilete frå anlegget og opningsfesten!

Høyring om ny elbilfordel

(For dei som evt. ikkje har skjønt det; dette var årets aprilsnarr på Fogn.org)

I Finnøy kommune er det tett mellom elbilane, og mange hevder at dette skuldast dei mange elbilfordelene som blant anna billig årsavgift og gratis bom-passeringar. Særleg dette siste er særs aktuelt i vår kommune grunna dyr Finnfastbom, men no kan det koma ein ny fordel, som også vil gjera seg gjeldande her på Fogn. Det har seg nemleg slik at elbilane ligg langt framme på teknologi, og seinast i dag såg vi dette på lanseringa av Tesla Model 3, som kjem med såkalla "autopilot". Denne funksjonen gjer at bilen i praksis køyrer seg sjølv, gjennom kamerateknologi som gir computeren det den treng for å svinga, gassa og bremsa betre enn kva som er tilfelle for dei fleste menneske. 

Nettopp funksjonen "autopilot" står sentralt i høyringa, som no er sendt ut frå Samferdselsdepartementet. I høyringa kan vi lese at:

"Elbilene har lenge hatt fri ferje og fri bom, men nå kan de også få fri fart. Gjennom datastyrt teknologi vil bilene kunne kjøre langt over dagens fartsgrenser, og samtidig være mindre trafikkfarlige enn vanlige biler som holder de gjeldende fartsgrensene."

I og med at vi nettopp har fått ei ny, og nokså omdiskutert 30-sone på Fogn, vil nok denne elbilfordelen for somme Fognbuar vere det som gjer at dei kvittar seg med den gamle bilen, og går over til å køyre på strøm. Men sidan dette berre er ei høyring, så er det ikkje sikkert at denne siste elbilfordelen vil verta ein realitet. Høyringsfristen er sett til 15. mai, og grendalaget vil senda inn ei oppsummering av dei svara som har kome inn her på Fogn.org innan denne datoen.

Sei di meining om elbilfordelen "fri fart" under:

Opningsfest på søndag!

Søndag 3. april klokka 15.30 vert det opning av det nye nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter. I desse dagar vert det lagt falldekke under leikeapparata, og på laurdag vil dei siste apparata verta monterte. På søndag klokka 15.30 kjem ordførar Henrik Halleland for å klippe snora, det vert musikk og servering av kaffi og kake, i tillegg til at ein sjølvsagt får prøve det nye nærmiljøanlegget vårt!

Legg søndagskaffien til det nye nærmiljøanlegget 3. april!