Ei takk frå Hovda

Torsdag 3. mars døydde Johannes Hovda, som mellom anna har vore rektor ved skulen på Fogn i mange år. Johannes vart gravlagt fredag 11. mars, og familien vil gjerne koma med ei takk i dette høvet:

"Me vil gjerne få takka hjarteleg alle dykk som så velvillig stilte opp, og hjalp med alle praktiske og tekniske detaljer i høve gravferda til vår kjære Johannes Hovda.

Varm helsing frå Solveig med familie"

Ny fartsgrense i "sentrum"

Det er kanskje litt drøyt å omtale det som "sentrum", men i og med at øyas einaste butikk, skule, barnehage, leilighetskompleks, bedehus, eldresenter, idrettsanlegg og største byggefelt er å finna på den aktuelle strekningen, kan uttrykket "sentrum" til ei viss grad forsvarast. Uansett, det er altså på fylkesvegen langs denne delen av Fogn det har kome ny, nedsett fartsgrense. Frå og med 1. mars 2016 vart det som dei siste åra har vore ei 50-sone, endra til å vere ei 30-sone.

Bakgrunnen for endringa, var at Samarbeidsutvalet (SU) ved Fogn oppvekstsenter hausten 2015 henvendte seg til Statens Vegvesen og uttrykte bekymring for bilar som køyrer fort på vegen forbi oppvekstsenteret, der elevar gjerne går til og frå skulen, og borna i barnehagen ofte går tur. Vegvesenet støtta oppvekstsenteret i bekymringa, og sendte eit forslag om redusert fartsgrense ut på høyring. Enden på det heile fekk vi sjå med eigne auge tysdag 1. mars, då dei gamle 50-skilta vart erstatta med nye 30-skilt.

Så er det sikkert dei som kjenner seg litt irriterte over å måtta køyra såpass seint gjennom heile den gamle 50-sona. Til desse kan vi informera om at forskjellen på å køyre i 50 km/t og 30 km/t på den aktuelle strekningen utgjer 29 sekunder, altså ikkje veldig lang tid, når alt kjem til alt... 

Masse folk og god mat på kafèen!

Ikkje lenge etter at dørene opna for helselaget sin årlege søndagskafè på Fogn oppvekstsenter, så var bestillings- og betalingskøen lang! Men både køen og ventetida på maten gjekk fort, takka være flinke folk i helselaget! På menyen sto kjøttkaker, svinesteik og pølser, i tillegg til eit flott dessertbord, der servitørane fylte på med nye skåler heilt til kafèen stengte klokka 15.00. Då hadde dørene vore opne sidan 13.00, og godt over 100 personar hadde blitt mette og meir til!

Under er nokre bilete frå det flotte arrangementet!

Flott feiring for Fogn IL!

Då leiar Heidi Bø Sangedal ynskja velkomen til årsfest i Fogn IL, fredag 26. februar, var nesten 100 personar samla i foajeen ved Fogn oppvekstsenter! Heidi kunne fortelja at det i kveld ikkje vart delt ut noko til dei som hadde vore med og bidrege i Idrettslaget det siste året, men at heile festen var til for å feire både deltakarar, trenarar, instruktørar og alle andre som bidreg på ulike måtar for å gjere Fogn IL til det flotte idrettslaget det er! Og det var ein flott fest dei frammøtte fekk vera med på!

Ole Jakob Kjølvik hadde eit inspirerande foredrag der han var innom mellom anna trening, målsetjing og glimt frå sin siste tur, til fjellet Denali (tidlegare Mount McKinley) i Alaska. Dette fjellet er det fjellet i verda der høgdeforskjellen frå startpunkt til toppen er størst, og Ole Jakob gjennomførte turen på 11 dagar! 

Etter at Ole Jakob hadde svart på eindel spørsmål frå salen, og før maten vart servert, viste Kristian Iversen ein flott bildefilm frå det som har skjedd i Fogn IL det siste året! Vi vil prøve å få lagt denne filmen ut på Fogn.org så fort som råd er!

I matpausen vart det servert pizza, brus, is og kaffi. I og med at eit slikt kosthold ikkje harmonerer så godt med rein stillesitjing, vart heile forsamlinga med og bevega seg til ei lita økt med "Juztmove", leia av Oddny Kjølvik.

Deretter gjekk det slag i slag med presentasjon av nærmiljøanlegget som skal stå klart i løpet av eit par månadar, loddsal med påfølgande trekning, informasjon frå dei ulike aktivitetene i idrettslaget, og elles vanlege årsmøtesaker som rekneskap, årsmelding og val. Heidi Bø Sangedal takka for seg som leiar av idrettslaget, og overlet dette vervet til lillebror Jakob Bø, som vart valt ved akklamasjon. Styret i Fogn IL ser slik ut for det komande året:

Leiar: Jakob Bø
Nestleiar: Pål Rune Grønås
Styremedlemmer: Ottar Sandanger, Helene Bø, Kristel Borgemyr, Helge Magnar Iversen
Varamedlemmer: Janne Grethe H Rørheim og Rasmus Bø

Elles må det nemnast at kasserar Ottar Sandanger var storleg nøgd med det økonomiske resultatet for idrettslaget det siste året. Inntekter på nesten ein kvart million må sjåast på som historisk, konkluderte Ottar, utan at nokon hadde innvendingar mot denne påstanden.

Då festen vart avslutta, og folk skulle gå kvar til sitt, fekk alle borna med seg kvar sin fotball heim. Dette var ei sponsorgåve frå Grieg Seafood, som dei unge såg ut til å setja stor pris på!

Sjå fleire bilete frå festen i serien under: 

Open kafè på søndag!

På søndag 28. februar er det igjen klart for helselaget sin årlege søndagskafè på oppvekstsenteret! Dørene er opne frå klokka 13.00-15.00 og menyen er, som alltid, upåklageleg!

Reidunn Østhus i helselaget melder om at det vert servert skinkesteik med surkål og kjøttkaker med ertestuing, i tillegg til pølse i brød, dersom nokon heller vil ha den typen mat. Dessutan er det eit variert dessertbord og kaffi!

Når det gjeld prisane, så kostar det maks kr. 500 per familie. Enkeltpersonar betaler 150 kr, medan prisen for born under skulealder er 50 kr. Pølse i brød kostar 20 kr. 

Velkommen til open kafè på søndag!

Juztmove på onsdagar!

Folkehelsekoordinator Oddny Kjølvik har fått eit nytt "hjartebarn"! Det handlar om nettsida Juztmove.no, der det ligg mange ulike filmar for dei som ynskjer å bevege seg litt. Her kan ein få tilpassa "trimtimar" som ein kan gjennomføre foran PC-en, iPaden eller noko anna som kan gå på nett. Og på toppen av det heile er det gratis for alle i Finnøy kommune, og ein kan registrere seg på nettsida Juztmove.no ved å klikka HER.

Onsdag 17. februar inviterte Oddny alle Fognbuar over 60 år til ei samling på Fogn oppvekstsenter. Ein fin gjeng møtte opp, og dei hadde det så kjekt at dei vil samlast til liknande samlingar onsdagar framover, klokka 15.00 på oppvekstsenteret!

Oddny ynskjer alle over 60 velkommen til samlingane, og elles kan folk i alle aldrar registrera seg på Juztmove.no og starta med treninga i dag!