No kan du melda deg på kurset!

Som vi skreiv om for ei drøy veke sidan, så er det planar om eit båtførarkurs på Fogn i vår. No har planane blitt veldig konkrete, og kurset vert gjennomført laurdag 19. mars frå klokka 10.00-18.00 på Fogn oppvekstsenter. 

Kursleiar Jarleiv Bjørklund melder frå om god interesse for kurset, men at det framleis er plass for dei som ynskjer å bli med og lære om alle dei viktige emna som skal opp denne dagen. Så er det altså slik at eksamen vert gjennomført den siste timen på kurset, så her er det verkeleg snakk om intensiv opplæring!

Meir informasjon om kurset og påmelding finn ein på waypointmaritime.no si nettside ved å klikke HER.

Klart for årsfest i Fogn IL

Fredag 26. februar klokka 18.00 er det igjen klart for årsfest i Fogn Idrettslag. Årsfesten, som dei siste åra har vore særs godt besøkt, er full av høgdepunkt, berre sjå her:

  • Ole Jakob Kjølvik fortel frå ein av turane sine
  • Informasjon om Frisklivssentralen og "Juzt move"
  • Informasjon og bilete frå dei ulike aktivitetane
  • Servering av pizza, brus, is og kaffi
  • Val og årsmøte
  • Informasjon om framdrift av nærmiljøanlegget.
  • Utlodning der kvart lodd kostar 10 kr. Styret set pris på gevinstar

I tråd med retningslinjer frå Norges friidrettsforbund har styret i år valt å slutta av med utdeling av vandrepokalar knytta til Fognameisterskapet.

På årsmøtet vil både årsmelding og ei ny "lovnorm for idrettslag" verta lagt fram. Begge desse dokumenta kan ein lese ved å klikke på lenkene under, så kan dei som ynskjer det stilla ekstra godt førebudde til årsmøtedelen av årsfesten!

Framlegg til årsmelding for Fogn IL 2015

Lovnorm for idrettslag

Velkommen til årsfest i foajeen på Fogn oppvekstsenter!

Positivt folkemøte om Øyfast!

Omlag 55 personar møtte opp i foajeen på Fogn oppvekstsenter då Grendalaget inviterte til folkemøte om Øyfast. Joar Sandanger, som er medlem av grendalagsstyret, ynskja velkomen, før ordførar Henrik Halleland fekk ordet. Halleland gjekk gjennom ein presentasjon frå IRIS der ein får sjå kva Øyfast går ut på, og korleis finansieringsgrunnlaget er. Politikar Jon Olav Runestad supplerte ordføraren, før det var tid for tilbakemeldingar og spørsmål frå salen. 

Her var meiningane mange, og det var ikkje berre "halleluja-stemning" knytta til prosjektet. Fleire trakk fram utfordringar knytta til dette med høge betalingssatsar for å passera bommen mellom Fogn og Finnøy, i tillegg til bekymringar knytta til eit redusert hurtigbåttilbod. Likevel var det eit overveldande fleirtal av dei frammøtte som rakk handa i veret mot slutten av folkemøtet, då Joar Sandanger ba dei rette opp handa, dei som ville "gå for Øyfast". Grendalagsleiar Kristoffer talte 44 hender for og ingen mot i den uhøgtidlege avstemminga. 

Mange tok som sagt ordet under møtet, og her er nokre sitat frå kvelden:

"Fastlandsforbindelse er undervurdert."
Henrik Halleland

"For mange år sidan hadde vi det veldig bra med båtar på Byre. Vi såg ikkje at vi trengte noko meir, men då såg vi ikkje framover. Sjå på oss i dag. Fogn står i fare for å hamna i same situasjon som Bokn og Byre om dei ikkje får til dette prosjektet"
Gudmund Byre

"Å mista hurtigbåten ville vore tragisk"
Ottar Sandanger

"Vi veit ikkje korleis framtida ser ut. Kan hurtigbåtar då gå på batteri? Kvar er kommunesenteret vårt då? Kor mange av dagens kommunar må vi køyre gjennom for å kome til det nye senteret? Vi har ikkje alle svara i dag".
Gordon Sunde

"Mange seier at det er dyrt med 150 kroner i bompenger til Finnøy, men vi må hugse på at ferja ikkje er gratis den heller. Vi betalar nesten like mykje når vi reiser heile familien med ferja til Finnøy"
Øyvind Sandanger

"Vi kan ikkje ha alle svar og fasiten her i dag. Vi kan ikkje diskutera detaljene. Då vert det som om vi planlegg eit stort bygg, men vert ståande fast fordi vi diskuterer kva for ein tapet som skal vere på barnerommet".
Joar Sandanger

Velkommen til folkemøte om Øyfast!

Fogn Grendalag inviterer til folkemøte vedr. Øyfast og IRIS-rapporten som er blitt utført på oppdrag fra Finnøy Kommune.

Møtet vert på Oppvekstsenteret tysdag 9. februar kl. 19.00.

Ordførar Henrik Halleland og vår eigen Jon Olav Runestad m.fl. kjem for å informera.

Kva meiner du om Øyfast? Bom? Ferjer? Bruer? Kom og sei di meining, eller berre kom for å bli litt visare i saka - forhåpentlegvis...

Hjarteleg velkommen!

Arr: Fogn Grendalag

Båtførarkurs og eksamen, alt på ein dag på Fogn!

I og med at vi bur på ei øy med vatn på alle kantar, er det kjekt å kunne ferdast i båt på sjøen. Utan båtførarbevis kan ein i dag berre føre ein mindre båt med liten motor. Er båten over 8 meter, eller motoren over 25 hk, må ein ha båtførarbevis , så lenge ein er født etter 1. januar 1980. Difor er det blitt meir og meir vanleg med båtførarkurs, der ein får intensiv opplæring, med påfylgjande eksamen. Grendalaget arrangerte eit slikt kurs her på Fogn for nokre år sidan, og no kjem det tilbod om eit nytt kurs, dersom behovet er tilstades.

Jarleiv Bjørklund er overstyrmann, og sertifisert til å ha slike kurs. Han kan koma til Fogn ein helgedag i vår for å gjennomføra 6 timars intensiv opplæring, der den siste timen går med til eksamen. Kurset kostar 1500,- og i tillegg kjem det ei eksamensavgift på 685,- 

På kurset får du mellom anna læra om:

  • Navigering
  • Godt sjømannskap
  • Signaler for sikker navigering
  • Ord og uttrykk brukt på sjøen
  • Sjøens lovar og regler
  • Grunnleggande navigasjon
  • Sjøkart
  • Kompass
  • Sjømerker
  • Fyr og lykter
  • Bruk av instrumenter og seilas i kartet

Kurset vert gjennomført i eit klasserom på oppvekstsenteret, og ein tek altså eksamen direkte etter kurset. Jarleiv melder også om at kurset har ein "bestått garanti".

I første omgang vil vi høyre om det er mange som er interesserte i å vere med på eit slikt kurs i vår. Deltakarane må ha fylt 14 år når kurset vert avholdt. 14-åringar kan også ta eksamen, men beviset vert ikkje sendt ut før dei er 16 år. Det er ikkje nokon øvre aldersgrense, og det er anbefalt å ta eit slikt kurs sjølv om du er født før 1980. Kurset må vera betalt på førehand, informasjon om betaling kjem til dei som melder seg på.

Alle som er interesserte i å vere med på eit slikt kurs, kan sende ein sms til Kjell Terje Roverud på 901 47 811, og melde frå om si interesse. Så kjem det meir informasjon etter kvart.

Bidraga tikkar inn!

Grendalaget har, som vi tidlegare skreiv om, annonsert ein konkurranse der vi vil kåra årets beste vinterbilete frå Fogn! Fristen for innsending av bilete er 1. mars, men vi har alt fått mange fine bidrag! Desse ser du i serien under. Men det er framleis plass til mange fleire bilete! Har du knipsa eit du er godt nøgd med, eller kanskje du fangar eit flott motiv i løpet av februar månad? Send det i så fall inn til fogngrendalag@gmail.com, merk mailen med "Vinterbilete" og skriv kven som har teke bilete, i tillegg til kvar biletet er knipsa.