No er det litt tryggare på Fogn!

Helselaget og idrettslaget på Fogn hadde laurdag 16.januar invitert til kurs i HLR og bruk av hjartestartar. Me haddebesøk av Ronny Fjelde som leia oss gjennom kurset. Det var 14 deltakerar og me hadde praktiske øvelsar kombinert med erfaring og teori frå Ronny som er ein erfaren ambulansesjåfør. Me øvde først på hjarte, lungeredning som no er 30 kompresjonar og 2 innblåsingar.

Deretter viste han oss i bruk av hjartestartar og me øvde med dokker og treningshjartestarterar. Det var godt å kunne trykke litt på maskinen og bli kjent med den. Dette gjere ein tryggare i ein situasjon kor ein verkeleg treng å bruke den.

På Fogn har me hjartestartar ved Fogn oppvekstsenter og på Joker Fogn. Den på skulen er tilgjengeleg alltid og du finn den på toalettet  ved sida av garderobeinngangensom vender mot fotballbingen. Alle som treng den kan hente den og ved å trykke inn påknappen  til maskinen vil den instruere deg i kva du skal gjere. Ein treng ikkje å ha gått på kurs for å bruke maskinen.

Den ved butikken er tilgjengeleg i butikkens åpningstid og ligg på kontoret.

Den neste månaden har me fått låne to dokker og to hjartestarterar til trening. Desse ligg på skulen og ved å ta kontakt med Reidunn i helselaget eller Heidi i idrettslaget kan enkeltpersonar, bedrifter eller lag låne dette utstyret for trening.

Det viktige å gjere om du finn ein livlaus person er å varsle det vil seie ringe 113, starte HLR (30x2) og evt få nokon til å hente hjartestartaren. Når du ringer 113 har dei der ei liste over namn på Fogn som dei ringer til.

 Tekst: Heidi Bø Sangedal                               Foto: Øyvind Sandanger


Grendalaget vil premiera årets vinterbilete!

Snøen er i ferd med å smelta vekk for denne gong, etter eit par veker med kaldt vèr, skøyteis og etterkvart nok snø til å både gå langrenn og renna på akebrett. Når det i tillegg har vore sol frå skyfri himmel fleire dagar, så vert det knipsa mange fine bilete i slike periodar.

Grendalaget vil ha ein konkurranse der Fogn.org sine lesarar skal stemma fram årets vinterbilete frå Fogn. Fotografen som vinn kåringa, vil få overrekt ein kopi av vinnarbiletet forstørra på ei aluminiumsplate under årsmøte i grendalaget i april.

Fram til og med 1. mars kan ein senda inn bidrag til konkurransen. Dersom det er veldig mange bidrag, vil ein jury nedsett av grendalagsstyret plukka ut dei kandidatane som er med i "finalen", og vert presentert på Fogn.org, der ein kan stemma på sin favoritt.

Ein kan delta ved å senda bilete til fogngrendalag@gmail.com, og merke e-posten med "Vinterbilete". Hugs å skrive kven som har knipsa biletet og kvar det er teke.

Så no er det berre å bla i bileta frå dei siste vekene, eller håpe på ein ny kuldeperiode før fristen 1. mars. Eller kanskje eit typisk vinterbilete frå Fogn ikkje nødvendigvis må ha snø eller is på seg? Her er det berre å finna fram kreativiteten og bli med i konkurransen!

Kjempestemning på snøfestivalen!

Mallin og Mathilde yrer av glede i det dei renn saman nedover bakken!

Mallin og Mathilde yrer av glede i det dei renn saman nedover bakken!

Søndag 17. januar inviterte Fogn IL, Fogn Helselag og Fogn Handel A/S til snøfestival i Opsalbakkane. Og Fognbuen trassa dei 10 kuldegradene og skuggen som var i bakkane, då dei møtte opp i hopetal! Ingen var ansvarlege for å telja, men det må ha vore minst 100 personar innom i løpet av dei drøyt to timane festivalen varte! 

Dei aller fleste var opp og ned bakken fleire gonger, medan somme helst ville bruke tida rundt bålpanna som var fyrt opp i toppen av bakken. Fogn Handel stilte med kakemenner og kanelsnurrar, og hadde i tillegg ein populær konkurranse i ei løype i bakken. Her handla det om å renne ned til butikksjef Ivar Opsal, som sto med eit ringspel. Deretter måtte ein treffa med minst ein ring, før ein fekk lov å renna vidare, under eit sperreband og vidare inn mellom målsegla som var sett opp i botnen av bakken. 

Kristian Sandanger Iversen vann konkurransen for borna, medan mora hans, Mallin, gjekk av med sigeren i klassen ungdom/vaksne. I konkurransen om å ha den mest kreative måten å koma seg gjennom løypa på, vann Janne og Jakob Bø som segla av stad i ein liten plastbåt, ikledd redningsvestar som ikkje akkurat var i rett størrelse...

Heilt til slutt gjennomførte karane i Fogn Handel A/S ein liten internkonkurranse. Det var ikkje så mange som fekk med seg kven som vann denne, då kostymet til Pål Rune Grønås tok det meste av merksemda til tilskodarane...

Så får vi håpe at komande vintrar også byr på gode forhold og fleire snøfestivalar! 

Sjå fleire bilete i serien under:

Snøfestival på søndag!

Komande søndag, altså 17. januar, vert det snøfestival i Opsalbakkane (Øystein/Tor Gunnar) frå klokka 14.00. Joker Fogn/Fogn Handel deler ut gratis kakemenn og har ein konkurranse der det gjeld om å køyre fortast ned ei løype på tid. Eigen klasse for born/vaksne, i tillegg til at den/dei som har den mest oppsiktsvekkande/oppfinnsame måten å ta seg ned løypa på også får ein premie!

Elles vert det tent opp i bålpanna med tanke på grilling av pølser etc.

Det er meldt sol og silkeføre, så her er det berre å kle på seg og ta turen til Opsalbakkane på søndag!

Arr: Fogn IL, Fogn helselag og Fogn Handel A/S.

Korleis verkar ein hjertestartar?

Det er fleire hjartestartarar på Fogn, mellom anna ein som alltid er tilgjengeleg på oppvekstsenteret. Ein veit aldri kven som kjem først opp i ein situasjon der det vert behov for ein hjartestartar, og difor har helselaget og idrettslaget på Fogn gått saman om å arrangere kurs i bruken av dette hjelpemiddelet.

Kurset, som har plass til 15 deltakarar, vert gjennomført på oppvekstsenteret laurdag 23. januar, klokka 12.00-15.00. Ronny Fjelde er kurshaldar. Det kostar 100 kr per deltakar, og ein melder seg på gjennom telefon/SMS til Heidi på 47 01 09 09.

Arrangørane håper på eit fullteikna kurs, vel møtt!

Oppstart etter nyttår!

Dei neste vekene er det mange av tilboda for barn og unge på Fogn som startar opp att etter nyttår. Alt søndag 10. januar er søndagsskulen og søndagsringen i gong med sine samlingar, samtidig med søndagsmøte på bedehuset klokka 11.00.

På måndag er det felles oppstart for jente- og guttelaget på bedehuset klokka 17.30-18.45. Her vert det andakt, pølser og leiker. Deretter er det jente- og guttelag annakvar veke utover vinteren og våren. 

På tysdagar, onsdagar og torsdagar er det fotballtrening for aldersbestemte lag. Jentene frå 3.-5. klasse trener på tysdagar frå klokka 17.00-18.00. Gutane i den same aldersgruppa trener like etter, altså frå klokka 18.00-19.00. På onsdagen trener både gutar og jenter i alderen 5 år til og med 2. klasse frå klokka 17.30-18.30, medan gutar og jenter i 5.-7. klasse trener klokka 18.30-19.30 same dag. Annakvar torsdag trener gutar i 3.-5. klasse frå klokka 18.00-19.00.

Også barnekor, speidar og "Hobby og tru" er i ferd med å koma i gong etter nyttår. Følg med i kalenderen her på Fogn.org! Og dersom det er noko som manglar, eller som står feil i kalenderen, berre ta kontakt så vert dette retta opp!