God stemning på nyttårscup!

Også i år vart den tradisjonsrike romjulscupen i volleyball til ein nyttårscup grunna gunstig kalender for dei som er glade i mange fridagar ved juletider. Det var ikkje fleire enn fire lag som hadde meldt seg på cupen, men desse gav til gjengjeld alt, og syte for at cupen også i år vart ein suksess!

Dei fire laga, "Dreamteam", "Oppsop", "Team Ambulanse" og "Vinnarlaget frå i fjor og forfjor" spelte først gruppespel, som la grunnlaget for kven som møtte kvarandre i semifinalane. Då desse var unnagjort sto "Oppsop" og "Vinnarlaget frå i fjor og forfjor" att som finalelag. Her var det sistnemnde som trakk det lengste strået då dei vann 2-0 i sett, og difor kan kalla seg "Vinnarlaget frå i fjor, forfjor og året før det" dersom dei melder seg på også til neste cup. 

Under er eindel bilete frå det som skjedde denne laurdagskvelden. Desse er knipsa av Jørgen Bø jr, Jakob Bø og Håvard Østhus.

Felles fyrverkeri på nyttårsaften!

På same måte som i fjor, arrangerer Fogn IL og Grendalaget felles oppskyting av fyrverkeri på fotballbanen klokka 19.00 på nyttårsaften. Dette var veldig populært i fjor, då også dei yngre borna fekk sjå "skikkeleg" fyrverkeri på nyttårsaften!

Parkèr ved oppvekstsenteret, og gå bort til fotballbanen, der oppskytinga foregår. Velkommen!

NB! Det er vèrforbehold knytta til oppskytinga. Sikkerheita kjem som alltid først!

Det skjer på Fogn i jula

Det skjer som vanleg ein heil del på Fogn i jula, berre sjå her!

Onsdag 23. desember - kl. 23.00
Ungdomslaget arrangerer midnattsamling i kyrkja
Uformell samling med drøs, lesing av juleevangeliet og klementiner!
Alle frå og med 8. klasse er velkomne!

Julafta - kl. 13.00
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret
Takkoffer til Talgje sokn sitt misjonsprosjekt

1. Juledag - kl. 12.00
Høgtidsmøte på bedehuset
Andakt ved Paul Aano
Kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion"

2. Juledag - kl. 12.00
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Nattverd
Takkoffer til Åpne dører

3. juledag - kl. 18.00
Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset
Andakt av Dag Olav Sæbøvåg
Elles vert det gong rundt juletreet, og det som elles høyrer med på ein tradisjonell juletrefest.
50 kr per person, maks 150 kr per familie.

Laurdag 2. januar - kl. 16.00
Fogn IL sin nyttårsmarsj med start ved skulen.
Me går løypa Bø - Høgaste - Erås og så tilbake til skulen. 
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie.
Gløgg og pepperkaker etterpå.

Laurdag 2. januar kl. 18.00
Fogn IL sin volleyballcup i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer.
Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jakob (99014338) eller Pål (97040089), seinast kvelden før.
Premiering: Vandrepokal
Sal av pizza, brus og sjokolade.

Følg med på Fogn.org for eventuelle endringar eller andre arrangement.

God jul!

Juleavslutning på oppvekstsenteret

Torsdag 17. desember var det igjen tid for juleavslutning på Fogn oppvekstsenter. Gymsalen var full av spente born, føresette og tilsette alt før klokka var 18.00 og festen skulle starte. Som vanleg var det barnehagen som "drog det heile igong" utkledd som Lucia, før vi fekk sjå bilete frå hausten som låg bak og framføringar frå alle dei ulike elevgruppene. I tillegg hadde 7. klassingane hovudrollene i ein liten film, der dei hadde "overteke" personalrommet medan dei tilsette måtte stå på utsida og sjå at elevane koste seg med mykje snacks. 
Som vanleg var det juletregong og matøkt midt i festen, som var slutt like før klokka halv ni.

Under er ein heil del bilete frå det som hende denne kvelden! Julie Bø har knipsa alle bileta frå gymsalen, medan Håvard Østhus har fotografert juletregongen.

Jula er sungen inn!

Søndag 13. desember vart det arrangert "Vi syng jula inn" i Fogn kyrkje. Salen var rimeleg stappfull av folk som hadde kome for å høyre barnekoret TøfFOGNådig, Fognakoret med solistar, Jenny Graadahl og siste nytt frå misjonsprosjektet ved Jostein Gard. I tillegg var det jo eindel fellessongar, slik at alle fekk bidra til å nettopp "syngje jula inn". 

Det vart ei flott samling med masse fin song og noko som grensa opp mot julestemning for mange! Etterpå var det kyrkjekaffi i kjellaren, der det også kom eit Luciatog av born, for i år fall denne tredje sundagen i advent på sjølvaste Luciadagen!

Under er nokre bilete frå samlinga:

Nissebesøk og graut på butikken!

Laurdag 12. desember inviterte Fogn handel til julegraut i butikken sin lagerbygning. Mange møtte opp, særleg rundt klokka 12.00, då det var varsla at sjølvaste julenissen skulle koma på besøk! Og plutseleg sto nissen i døra med ein sekk full av overraskingar til borna! Han tok raskt plass i den spesiallaga "stolen" av halm, og borna fekk kvar sin godtepose etter ein liten samtale med nissefar der tema var om dei hadde vore snille i år eller ikkje... Elles kan det nemnast at julenissen snakka ei salig blanding av trøndersk og nord-norsk, og ein trengte nok ikkje å vera rakettforskar for å forstå kven som skjulte seg bak det kvite skjegget...

I tillegg til graut og nissebesøk var det sal av juletre denne dagen. Mange hadde forhåndsbestilt tre, og det var også fleire som kjøpte tre på laurdag, så det spørs om ikkje dette er ei ordning som er kome for å bli!

Under er nokre bilete frå den kjekke "seansen":