Det skjer på Fogn i jula

Det skjer som vanleg ein heil del på Fogn i jula, berre sjå her!

Onsdag 23. desember - kl. 23.00
Ungdomslaget arrangerer midnattsamling i kyrkja
Uformell samling med drøs, lesing av juleevangeliet og klementiner!
Alle frå og med 8. klasse er velkomne!

Julafta - kl. 13.00
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Song ved Fognakoret
Takkoffer til Talgje sokn sitt misjonsprosjekt

1. Juledag - kl. 12.00
Høgtidsmøte på bedehuset
Andakt ved Paul Aano
Kollekt til hjelpeprosjektet "Redeemed in Zion"

2. Juledag - kl. 12.00
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg
Nattverd
Takkoffer til Åpne dører

3. juledag - kl. 18.00
Søndagsskulen sin juletrefest på bedehuset
Andakt av Dag Olav Sæbøvåg
Elles vert det gong rundt juletreet, og det som elles høyrer med på ein tradisjonell juletrefest.
50 kr per person, maks 150 kr per familie.

Laurdag 2. januar - kl. 16.00
Fogn IL sin nyttårsmarsj med start ved skulen.
Me går løypa Bø - Høgaste - Erås og så tilbake til skulen. 
50 kr per deltakar, maks 150 kr per familie.
Gløgg og pepperkaker etterpå.

Laurdag 2. januar kl. 18.00
Fogn IL sin volleyballcup i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer.
Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jakob (99014338) eller Pål (97040089), seinast kvelden før.
Premiering: Vandrepokal
Sal av pizza, brus og sjokolade.

Følg med på Fogn.org for eventuelle endringar eller andre arrangement.

God jul!

Juleavslutning på oppvekstsenteret

Torsdag 17. desember var det igjen tid for juleavslutning på Fogn oppvekstsenter. Gymsalen var full av spente born, føresette og tilsette alt før klokka var 18.00 og festen skulle starte. Som vanleg var det barnehagen som "drog det heile igong" utkledd som Lucia, før vi fekk sjå bilete frå hausten som låg bak og framføringar frå alle dei ulike elevgruppene. I tillegg hadde 7. klassingane hovudrollene i ein liten film, der dei hadde "overteke" personalrommet medan dei tilsette måtte stå på utsida og sjå at elevane koste seg med mykje snacks. 
Som vanleg var det juletregong og matøkt midt i festen, som var slutt like før klokka halv ni.

Under er ein heil del bilete frå det som hende denne kvelden! Julie Bø har knipsa alle bileta frå gymsalen, medan Håvard Østhus har fotografert juletregongen.

Jula er sungen inn!

Søndag 13. desember vart det arrangert "Vi syng jula inn" i Fogn kyrkje. Salen var rimeleg stappfull av folk som hadde kome for å høyre barnekoret TøfFOGNådig, Fognakoret med solistar, Jenny Graadahl og siste nytt frå misjonsprosjektet ved Jostein Gard. I tillegg var det jo eindel fellessongar, slik at alle fekk bidra til å nettopp "syngje jula inn". 

Det vart ei flott samling med masse fin song og noko som grensa opp mot julestemning for mange! Etterpå var det kyrkjekaffi i kjellaren, der det også kom eit Luciatog av born, for i år fall denne tredje sundagen i advent på sjølvaste Luciadagen!

Under er nokre bilete frå samlinga:

Nissebesøk og graut på butikken!

Laurdag 12. desember inviterte Fogn handel til julegraut i butikken sin lagerbygning. Mange møtte opp, særleg rundt klokka 12.00, då det var varsla at sjølvaste julenissen skulle koma på besøk! Og plutseleg sto nissen i døra med ein sekk full av overraskingar til borna! Han tok raskt plass i den spesiallaga "stolen" av halm, og borna fekk kvar sin godtepose etter ein liten samtale med nissefar der tema var om dei hadde vore snille i år eller ikkje... Elles kan det nemnast at julenissen snakka ei salig blanding av trøndersk og nord-norsk, og ein trengte nok ikkje å vera rakettforskar for å forstå kven som skjulte seg bak det kvite skjegget...

I tillegg til graut og nissebesøk var det sal av juletre denne dagen. Mange hadde forhåndsbestilt tre, og det var også fleire som kjøpte tre på laurdag, så det spørs om ikkje dette er ei ordning som er kome for å bli!

Under er nokre bilete frå den kjekke "seansen":

Juleverkstad på oppvekstsenteret

Torsdag 10. og fredag 11. desember var det igjen tid for juleverkstad på Fogn oppvekstsenter. Juleverkstaden er ein årelang tradisjon, og det er heilt sikkert mange av dei som er føresette til borna i dag, som har både gode minner og fysiske gjenstandar som stammar frå denne førjulsaktiviteten. I år skulle elevane innom fire stasjonar med ulikt innhald. Her var baking av julekaker, snekring av juletre beståande av rekved, liming av mosaikk på glaslykter og sying av ulike filtgjenstandar. Barnehagen kom rundt til stasjonane på torsdagen, ikledd sine Luciakostymer, og delte ut eigenbakte lussekattar. Under julegrauten på fredag var også barnehagen med, slik at heile oppvekstsenteret åt saman i foajeen denne dagen. 

Under er ein fyldig serie med bilete frå eit av høgdepunkta i adventstida for mange Fognbuar!

Vellukka eldrefest i kyrkja!

Onsdag 9. desember inviterte Fogn helselag pensjonistar med fylgje til eldrefest i kyrkjekjellaren. Og at denne festen har blitt svært så populær vart tydeleg gjennom at dei første gjestene kom i god tid før klokka seks, sjølv om festen ikkje skulle starta før halv sju... Då klokka nærma seg det offisielle starttidspunktet var lokalet alt fylt opp av festkledde eldre som lytta til vakre tonar frå "Trekkspelkameratane", koste seg med gløgg, og drøste med kvarandre!

Helselaget, som arrangerer denne festen utan nokon form for inngangspengar, stilte med både middag og dessert, beståande av røykt svinekam og riskrem med ikkje mindre enn tre mandler i. Då maten var eten, skulle eigentleg Jon Arne Helgøy stått for underhaldninga, men han hadde rett og slett mista stemmen, og måtte difor melde avbud (men han har alt lova å gjere det han kan for å stilla neste år..). I Jon Arne sitt fravær vart det Reidunn Østhus som "steppa inn", og fortalte om bakgrunnen for eindel av dei kjende julesongane våre. Det vart også høgtlesing av juleevangeliet, og Fognakoret var med og song fleire songar. Som om ikkje julestemningen alt var god nok, vart det også tid til juletregang før folk etterkvart gjekk kvar til sitt, vel vitande om at no står jula verkeleg for døra!

Under er nokre fleire bilete frå festen og førebuingane til denne, knipsa av Anne Strøm Østhus.