TV-Vest med flott program om Fogn!

Reporter Veronica Simonè Fjeld rapporterer mellom anna frå Joker Fogn i dette programmet. Foto: Skjermbilete frå TV-Vest

Reporter Veronica Simonè Fjeld rapporterer mellom anna frå Joker Fogn i dette programmet. 
Foto: Skjermbilete frå TV-Vest

I august var reporter Veronica Simonè Fjeld og kameramann Tommy Rørvik på Fogn i to dagar for å gjera opptak til ein episode i TV-Vest sin programserie "Øyhopping". Tysdag 1. desember vart programmet frå Fogn sendt på lufta, og vi fekk sjå reportasjar frå både butikken, oppvekstsenteret, museet og ein aldri så liten "hjemme-hos" reportasje frå familien Øyvind og Ingunn Sandanger! Til saman vart dette veldig god reklame for Fogn, og det er berre å dela videoen vidare til folk som enno ikkje har fått sjå kor flott vi har det her! Programmet er nemleg lagt ut på nett av TV-Vest, og du kan sjå det ved å klikka nede til venstre i videovindauget under!

PS! I byrjinga av programmet seier reportar Veronica at det tek omlag ein halv time med ferja til Fogn. Vi som bur her veit at turen er unnagjort på eit lite kvarter, så ikkje la reisevegen skremma dykk...

Knusing av lecablokker i kyrkja på fredag!

Ja, det kan vere at det er ei spesiell overskrift, og ja, det kan godt vere at dette med knusing av lecablokker ikkje er det viktigaste som skal skje i kyrkja på fredag. Men overskrifta fekk nok eindel til å klikke seg inn på denne saka, så då kan de like godt lese litt meir om det som skal føregå!

"Konsert og drøsekveld" har Torolf Nordbø kalla samlinga som startar i Fogn kyrkje, fredag 4. desember klokka 20.00. Torolf sjølv, som kanskje er best kjent i rolla som "Han innante" kjem til å bidra med song, gitar og munnspel, saman med vår eigen Dag Olav Sæbøvåg som også stiller med song og gitar! Men ingen av desse har, så langt vi veit, planar om å knusa lecablokker. Det har derimot danske Øyvind Borgsø, som tidlegare var gjengkriminell i Oslo og på topp innan kampsport. I dag er han diakon og veiledar i bøn og kristen meditasjon. Torolf vil ha ein samtale med Øyvind om "reisa hans", og Øyvind vil i tillegg knusa lecablokker for oss!

Inngongspengar: 150 kroner for vaksne, born (5-17 år) betalar 50 kroner. Maks 300 kroner per familie. 

Alle er hjarteleg velkomne!

Guttelagsbasar og reflekstur til helga!

Helga 27.-29. november skjer det fleire ting "litt utanom det vanlege" på Fogn. Når sant skal seiast er det eigentleg veldig vanleg at guttelaget arrangerer sin basar fredag før første søndag i advent, og refleksturen same helga byrjar også å verte ein tradisjon. Men begge desse arrangementa skjer altså no til helga, og dei er opne for alle som vil koma.

Guttelagsbasar - Fredag 27. november klokka 18.00
Basaren er som vanleg på bedehuset, og det er Lars Skjæveland som skal ha andakt (også det er nokså vanleg). Barnekoret TøfFOGNådig bidreg med song, og det vert gratis boller, saft og kaffi i kjellaren etterpå. Det vert loddsal til inntekt for Norsk Luthersk Misjonssamband sitt misjons- og bistandsarbeid.

Reflekstur - Laurdag 28. november klokka 17.30
Møt opp på skulen og gå løypa via Peråsen, Høgaste, Varhaug og kyrkja. Det er lurt å ha med lommelykt, for merkinga består i refleksar som er hengt opp i førevegen. 
Arr: Fogn IL

I tillegg er det gudsteneste i kyrkja på søndag klokka 10.30. Dette er den såkalla "lys-vaken-gudstenesten", der 6. klassingar frå heile kommunen overnattar i kyrkja frå laurdag til søndag, og er med og arrangerer gudsteneste søndag morgon.

Nye ferjeruter på trappene - høyring

Det er utarbeida eit nytt forslag til ferjeruter som i utgangspunktet skulle tre i kraft når Sandsfjord bru opna. No har det seg slik at denne brua opnar alt førstkomande fredag, og det er nok lite truleg at nye ferjeruter er klare alt då. Det som vi heller kan rekna med er at dei nye rutene vil tre i kraft ein gong på våren, då dei er sendt ut med høyringsfrist 15. januar.

Det står ein artikkel om dei nye ferjerutene på Aftenbladet sine nettsider. Denne kan de lesa ved å klikka HER.

Dei nye rutene kan du klikka på og sjå lenger ned i denne saka. Dersom du har innspel og forslag kan desse tas direkte med leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, på mail: kristoffer@osthus.no. Grendalaget vil deretter behandle denne saka og kome med ei uttale overfor fylket knytta til forslaget til ferjerutene.

Klikk på dei aktuelle rutene under:

Forslag ferjeruter måndag til laurdag
Forslag ferjeruter søndag

Klart for den 11. salsmessa i rekka!

Vi har passert midten av november, og det må vere lov å seie at det nærmar seg jul! Eit sikkert teikn på at høgtida nærmar seg, er at det i helga vert arrangert salsmesse, også kalla julemesse, på Erås museum. Malvin Sandanger fortel at dette er den 11. salsmessa i rekka, og at det også i år kjem mange forskjellige utstillarar/seljarar. Messa varer frå klokka 11.00 til 15.00, så her har ein tid til både "shopping", drøs og noko å bita i!

Erås museum er arrangør, og ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Ny sauerase på Fogn?

Fogn er store på sau med sine ca 1000 voksne sauer og slakt av ca 1500 lam i året. I hovedsak er det blandingsrasen Norsk kvit sau som er å finne på gardane, men på laurdag vart eit nytt spanande prosjekt sett i verk.  Då blei det nemlig lagt inn 35 embryo (embryo er ei befruka eggcelle) av Dorpesau i 19 av sauene til John Runestad. Målet er at ca 50% av desse skal resultera i reinrasa Dorpersau.

Dorper er ein sauerase frå Australia. Den skal gi enklare lemming, fett som er perforert inn i kjøttet som gir ekstra smakfult kjøtt og i tillegg treng ikkje sauen å klyppast. 
Embryoen vart teken ut av sauer i Australia som var sju dager «på veg». For å bevare embryoen vart den fryst ned på ein nitrogentank og frakta til Noreg. For at sauen skal kunne motta og ikkje frastøyte embryoen er den blitt behandla med medisinske preparat slik at den var sju dager på veg. Embryoen vart operert inn i sauene til John av ein australsk dyrlege som reiser rundt i heile verda og gjer dette. Ho skulle tll tre andre i Noreg (ingen andre i Rogaland), og desse er dei einaste i landet med denne rasa. Neste veke skulle ho til Argentina. Dorper er en sterkt fremvoksende rase i verden, og er karakteristisk med sitt svarte hovud og kvite kropp.

Så no er det nok mange som er ekstra spente på lemminga til våren!

Tekst og det siste biletet i denne saka: Ivar Opsal