Guttelagsbasar og reflekstur til helga!

Helga 27.-29. november skjer det fleire ting "litt utanom det vanlege" på Fogn. Når sant skal seiast er det eigentleg veldig vanleg at guttelaget arrangerer sin basar fredag før første søndag i advent, og refleksturen same helga byrjar også å verte ein tradisjon. Men begge desse arrangementa skjer altså no til helga, og dei er opne for alle som vil koma.

Guttelagsbasar - Fredag 27. november klokka 18.00
Basaren er som vanleg på bedehuset, og det er Lars Skjæveland som skal ha andakt (også det er nokså vanleg). Barnekoret TøfFOGNådig bidreg med song, og det vert gratis boller, saft og kaffi i kjellaren etterpå. Det vert loddsal til inntekt for Norsk Luthersk Misjonssamband sitt misjons- og bistandsarbeid.

Reflekstur - Laurdag 28. november klokka 17.30
Møt opp på skulen og gå løypa via Peråsen, Høgaste, Varhaug og kyrkja. Det er lurt å ha med lommelykt, for merkinga består i refleksar som er hengt opp i førevegen. 
Arr: Fogn IL

I tillegg er det gudsteneste i kyrkja på søndag klokka 10.30. Dette er den såkalla "lys-vaken-gudstenesten", der 6. klassingar frå heile kommunen overnattar i kyrkja frå laurdag til søndag, og er med og arrangerer gudsteneste søndag morgon.

Nye ferjeruter på trappene - høyring

Det er utarbeida eit nytt forslag til ferjeruter som i utgangspunktet skulle tre i kraft når Sandsfjord bru opna. No har det seg slik at denne brua opnar alt førstkomande fredag, og det er nok lite truleg at nye ferjeruter er klare alt då. Det som vi heller kan rekna med er at dei nye rutene vil tre i kraft ein gong på våren, då dei er sendt ut med høyringsfrist 15. januar.

Det står ein artikkel om dei nye ferjerutene på Aftenbladet sine nettsider. Denne kan de lesa ved å klikka HER.

Dei nye rutene kan du klikka på og sjå lenger ned i denne saka. Dersom du har innspel og forslag kan desse tas direkte med leiar i grendalaget, Kristoffer Østhus, på mail: kristoffer@osthus.no. Grendalaget vil deretter behandle denne saka og kome med ei uttale overfor fylket knytta til forslaget til ferjerutene.

Klikk på dei aktuelle rutene under:

Forslag ferjeruter måndag til laurdag
Forslag ferjeruter søndag

Klart for den 11. salsmessa i rekka!

Vi har passert midten av november, og det må vere lov å seie at det nærmar seg jul! Eit sikkert teikn på at høgtida nærmar seg, er at det i helga vert arrangert salsmesse, også kalla julemesse, på Erås museum. Malvin Sandanger fortel at dette er den 11. salsmessa i rekka, og at det også i år kjem mange forskjellige utstillarar/seljarar. Messa varer frå klokka 11.00 til 15.00, så her har ein tid til både "shopping", drøs og noko å bita i!

Erås museum er arrangør, og ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Ny sauerase på Fogn?

Fogn er store på sau med sine ca 1000 voksne sauer og slakt av ca 1500 lam i året. I hovedsak er det blandingsrasen Norsk kvit sau som er å finne på gardane, men på laurdag vart eit nytt spanande prosjekt sett i verk.  Då blei det nemlig lagt inn 35 embryo (embryo er ei befruka eggcelle) av Dorpesau i 19 av sauene til John Runestad. Målet er at ca 50% av desse skal resultera i reinrasa Dorpersau.

Dorper er ein sauerase frå Australia. Den skal gi enklare lemming, fett som er perforert inn i kjøttet som gir ekstra smakfult kjøtt og i tillegg treng ikkje sauen å klyppast. 
Embryoen vart teken ut av sauer i Australia som var sju dager «på veg». For å bevare embryoen vart den fryst ned på ein nitrogentank og frakta til Noreg. For at sauen skal kunne motta og ikkje frastøyte embryoen er den blitt behandla med medisinske preparat slik at den var sju dager på veg. Embryoen vart operert inn i sauene til John av ein australsk dyrlege som reiser rundt i heile verda og gjer dette. Ho skulle tll tre andre i Noreg (ingen andre i Rogaland), og desse er dei einaste i landet med denne rasa. Neste veke skulle ho til Argentina. Dorper er en sterkt fremvoksende rase i verden, og er karakteristisk med sitt svarte hovud og kvite kropp.

Så no er det nok mange som er ekstra spente på lemminga til våren!

Tekst og det siste biletet i denne saka: Ivar Opsal
 

"Pizzasnurrekspressen" kjem i veke 47!

Det er ikkje kvar dag ein kan handle varm mat på Fogn, men frå tysdag 17. til fredag 20. november kan ein bestilla pizzasnurrar frå elevbedrifta som held til på oppvekstsenteret denne veka. Elevane, som går i 9. klasse, er til dagleg stasjonert på Sentralskulen på Finnøy, men denne veka er dei altså tilsette i eiga bedrift! Fogn.org har tatt ein liten prat med gjengen.

Vi møter elevane i foajeen på oppvekstsenteret, torsdag 12. november. Tidlegare på dagen har dei fått vite at dei har fått jobbane dei søkte på, i bedrifta som skal ha kantine nettopp her. Bedrifta har ikkje fått noko namn enno, men på spørsmål om dette kjem det kjapt frå marknadsansvarleg Karl Magne Frafjord: "Vi kan jo heitte: "Fogn - vi sel ikkje rogn", for rogn skal vi i alle fall ikkje selje..." Dette namnet fekk nok ikkje tilslutning i heile gruppa, så vi kan berre kalle dei "Pizzasnurrekspressen" inntil vidare, for det er nettopp pizzasnurrar dei skal slå seg opp på!

"Vi kjem til å ha ein variert meny for elevar og tilsette ved oppvekstsenteret. Dei kan handle hjå oss frå måndag til fredag (sjå menyen HER). Men for dei som vil bestille frå oss, så vil det gå i pizzasnurrar", fortel økonomiansvarleg Rebecka Bø Rolfsen. Ho kan vidare fortelja at ein kan bestille pizzasnurrar i posar a´10 stk til 150 kroner per pose. Bestillinga må skje innan klokka 14.00 dagen før, og så kan den hentast på oppvekstsenteret mellom klokka 12.00 - 14.30. Det er Karl Magne som tek imot bestillingar via telefon/sms på nr. 98 42 05 14. 

"Du må få med at vi kan levere varene på døra også, vi har jo syklar", seier Tom Arne Straumstein, før gruppa byrjar å diskutere kor mykje ein kan ta for sjølve leveringa, og hamnar til slutt på 50 kroner. Det vil altså seie at ein kan få 10 pizzasnurrar levert på døra for 200 kroner, noko som må kunne seiast å vera ein god deal! Levering på døra kan skje mellom klokka 12.00 og 16.30. 

Bedrifta består av elevane Rebecka Bø Rolfsen, Ingrid Marie Bøe, Marie Sofie Østhus, Karl Magne Frafjord, Tor Olav Bø Måkestad, Tom Arne Straumstein og Robin Torgersen.

Vi ynskjer dei lukke til, og håper at folk sluttar opp om det gode initiativet!

God stemning og ny rekord!

På onsdag 4. november var det igjen tid for oppvekstsenteret sin årlege solidaritetsaksjon. I år skulle pengane som kom inn gå til eit prosjekt i Bangladesh, som handla om at også borna der skal få nødvendig skulegong. Og om det var dette nye prosjektet, eller om det var det faktum at solidaritetsaksjonen i år var lagt til ettermiddagstid som gjorde det, er uvisst, men det kom i alle fall inn så mykje pengar at det vart ny innsamlingsrekord! Heile 19 251 kroner vart sendt avgarde til Bangladesh. 

Pengane vart samla inn på ulikt vis. Barnehagen "tjuvstarta" aksjonen med å selje lappar på butikken tidleg på dagen, medan ein kunne kjøpe middag, kake, kaffi og popcorn under aksjonen, som starta klokka 17.00. I tillegg var det ulike aktivitetar på "torget" i gymsalen, det var brukthandel og det var sal av lodd med trekning mot slutten av aksjontida, altså like før klokka 19.00. 

Stemningen var god heile dagen, og oppryddinga gjekk i ein fei, så ein må kunne seie at det virka vellukka å ha aksjonen på ettermiddagstid, og ikkje på dagtid slik det har vore før. Under ser de nokre bilete, både frå førebuingar og sjølve gjennomføringa av solidaritetsaksjonen 2015!