Halvard sin film vann kåringa!

Som vi skreiv om for eit par veker sidan, var Halvard Bøe sitt videobidrag med i kåringa om årets landbruksfilm på traktor.no. Han konkurrerte med 40 andre om den gjeve tittelen, så det var ikkje på nokon måte sikkert at han kom til å vinna konkurransen. Før helga kunne traktor.no presentere sju finalistar, og Halvard var framleis med i kampen. No i kveld kom offentleggjeringa; Halvard Bøe frå Fogn har laga årets landbruksvideo 2015! Dette kan du lese meir om i traktor.no si eiga sak, der den unge filmskaparen mottek ros frå profesjonelle aktørar og sjølv kjem med nokre kommentarar til bidraget sitt. Saka finn du ved å klikke HER.

Fogn.org vil sjølvsagt gratulera Halvard, og sendte ei gratulasjonsmelding med spørsmål om ein kommentar. Halvard takka for dette, og svara at det er viktig å få Fogn på kartet! Det har han sanneleg gjort med den flotte videoen under! Gratulerer Halvard!

Klart for "Handle-lokalt-dagen"

På laurdag 31. oktober er det "Handle-lokalt-dagen" over heile landet. Dette er for å markere at nærbutikken er viktig for eit levande lokalsamfunn, og kundane er viktige for nærbutikken.

På Joker Fogn vil denne dagen verta markert frå klokka 11.00-15.00. Karianne skal steike lappar medan Kristoffer og Øyvind vil dele ut marsipankake, lappar og kaffi. Birgitte og Ivar styrer butikken og har mange gode tilbod! Me i Fogn handel er sikre på at det vert god stemning både ute og inne!

På biletet til denne saka er oppskrifta på ei levande bygd. Me har i tillegg ført opp skule og barnehage som me og meiner er veldig viktig for den flotte øya vår!

Håper me ser deg på laurdag, velkomen!

Tekst: Øyvind Sandanger

Velkomen til arrangement på oppvekstsenteret!

I løpet av den neste veka er det to opne arrangement på ettermiddagstid på Fogn oppvekstsenter. Her får de vita litt meir om det som skjer!

Kunstutstilling, fredag 30. oktober kl. 14.00-17.00.
Denne hausten har barnehagen jobba mykje med uteforming, eller "landart" som det kanskje er best kjent som. Dei har rett og slett brukt naturmaterialer ute i naturen, og laga flotte motiver som dei har knipsa bilete av. Desse bileta vert stilt ut i gymsalen frå klokka 14.00-17.00 på fredag. Vi ynskjer at alle som skal kome på besøk skal nytta inngangen ved barnehagen. Det vert servering av kjeks og brus, og alle er altså hjarteleg velkomne til å få sjå bileta, og nokre andre overraskingar som barnehagen har på lur...

U-landsaksjon, onsdag 4. november kl. 17.00-19.00
Den årlege U-landsaksjonen er flytta til ettermiddagstid, slik at flest mogleg kan få den med seg. Her samlar vi inn pengar til "Hei Verden" sitt prosjekt i Bangladesh. Pengane vert samla inn på ulikt vis. I foajeen har vi sal av middag, kaker, saft og kaffi. På torget i gymsalen kan du få "friska deg opp" på stasjonen "Hud og Hår", du kan prøve deg på bowling og blikkbokskasting, eller du kan få laga ditt heilt eige fotballkort! I tillegg vert det sal av ting som elevane har laga, effekter frå "Hei Verden" og vi har ein eigen brukthandel der du kan gjere nokre skikkelege røvarkjøp! Mot slutten av aksjonen vert det trekning på lotteriet der vi har mange fine gevinstar. Du kan kjøpe lodd under heile aksjonen.

Alle er hjarteleg velkomne til begge desse arrangementa!

 

Alfred Hauge-konsert i kyrkja!

Onsdag 28. oktober klokka 18.45, vert det storslått konsert i Fogn kyrkje. Då kjem nemleg Hillevåg og Hinna menighetskor, saman med solist Inger Lise Hope og dirigent Arne Martin Aandstad på besøk! Dei skal ha ein konsert som baserer seg på tekstar og salmar av Alfred Hauge. Hauge ville som kjent vorte 100 år i år, noko som har vorte markert med ulike arrangement i store deler av kommunen gjennom det siste året. Hauge-konserten i kyrkja har fått tittelen "Opna deg, hjarte".

Solisten Inger Lise Hope er kjent frå TV-programmet X-faktor på TV2, der ho var med i jentegruppa "Shackles" som kom heilt til finalen i Telenor Arena i 2009. Ho opererer no som soloartist med base i Stavanger, og kjem altså til Fogn på onsdag.

Konserten kostar 200 kroner for vaksne og er gratis for barn. Det er Kulturhaust i Ryfylke som arrangerer konserten i samarbeid med Talgje sokn og andre lokale aktørar.

Kom på basar - få hjelp til husrengjøringen!

Hva med litt hjelp til husrengjøringen hjemme? Det hadde vært noe!
Hva med en robotstøvsuger for eksempel? Det hadde vært noe!

Kanskje det kan bli en ordning på det? På fredag kan du nemlig vinne denne flotte robotstøvsugeren (iRobot Roomba 631), som kan gjøre unna støvsugingen for deg, til og med når du ikke er hjemme!

Kom på Bedehusforeningen sin basar nå på fredag kl. 18.30! Norene Frafjord har andakt og det blir gratis og god servering. I tillegg er det mange fine gevinster, og flere mottas med takk:)

Velkommen alle sammen!

Tekst: Janne Aano Bø

Årets landbruksvideo 2015 - frå Fogn?

Nettsida traktor.no skal i haust kåra "årets landbruksvideo 2015", og blant dei 41 innsendte bidraga kjem det ein særs sterk kandidat frå Fogn! Halvard Bøe har filma og redigert ein landbruksvideo som syner Østhus Bygg og Maskin i aksjon i årets slått, mellom anna på "egrene" på Fogn. Filmen har imponerande høg kvalitet, og kan fort stikka av med tittelen "årets landbruksvideo 2015"! Frista for å sende inn bidrag er no gått ut, og juryen på traktor.no arbeider for tida med å sjå gjennom, og vurdere bidraga. I mellomtida kan ein sjå at Halvard sin video vert profilert på framsida på nettstaden, under tittelen "Deutz-bonanza i Ryfylke". 

Vi ynskjer Halvard lukke til i konkurransen, og kryssar fingrane for at han gjer det godt! Under kan du sjå Halvard sitt flotte bidrag.