Positiv debatt - på alle vis!

Torsdag 10. september inviterte Fogn Grendalag til politisk debatt på Fogn oppvekstsenter. Partitoppane frå alle dei seks partia i kommunen stilte opp, og det gjorde også over 50 ivrige Fognbuar som både ville høyre kva politikarane hadde å seie, og spørje om det dei lura på. Debatten vart leia på ein kyndig og god måte av Harald Bø og Joar Sandanger, og desse måtte begge vere strenge med klokka slik at alle skulle få seie det dei hadde på hjartet denne kvelden! Likevel var ikkje debatten, som starta klokka 18.30, ferdig då hurtigbåten gjekk klokka 20.40. Her måtte ein ha nokre minutter til, men då er det godt at det finnest privatbåtar nok her på øya!

I løpet av dei nærmare to og ein halv timane debatten foregjekk, var ein innom fleire sentrale tema. Det som gjerne gjekk mest igjen var samferdsel med båtruter og Øyfast i spissen, framtida til oppvekstsenteret, og dette med kommunen sin tomtepolitikk. Her var mange spørsmål frå salen, og politikarane svara så godt dei kunne. Tonen var gjennomgåande god, og lovnadar om både stabilitet rundt skulesituasjonen, "full gass" på Øyfast og enklare veg til byggjeklare tomter kom mellom anna fram i debatten.

Avslutningsvis fekk kvar politikar eit minutt kvar til å forklare kvifor folk skulle stemme på nettopp deira parti. Korleis det endelege resultatet vert veit vi ikkje før på måndag, men at dette var ein positiv debatt med godt og engasjert oppmøte, det er det ingen tvil om!

Sjå fleire bilete frå debatten under.

Støtt flyktningane gjennom idrett!

Mange born på friidrettstrening, fredag 4. september 2015!

Mange born på friidrettstrening, fredag 4. september 2015!

Søndag 13.sept. kl 13 er det igjen tid for Fognaløpet  5 og 10 km. Det er høve til å melde på stafettlag til 5 km elles er det start i dame og herreklasse begge distansane. Barn som vil springe kan  det. Dei over 16 år betaler startavgift på kr 100,- Start og mål ved skulen.

Fognameisterskapet i friidrett for alle, startar kl 1430 me 60 m, lengde og kasting av liten ball. Dei over 14 år kan kaste kule. Alle får medaljar.Her er det gratis å delta.

Sal av kake og kaffi. Bama sponsar frukt og grønnt.

Hjelp flyktningane!

«En hel generasjon syriske barn er i ferd med å miste framtiden sin. De har mistet fotfeste i alt som er normalt; hjem, familie, venner og skole. De har sett og opplevd ting som ingen barn skal oppleve. Verdenssamfunnet har en stor utfordring i sine hender. Den utfordringen gjelder en fotballklubb (Viking) i Stavanger og Rogaland. Og den gjelder hver enkelt av oss.»          

 Henta frå Viking fotballklubb si heimeside.

DERFOR har me i Fognidrettslagvalgt å gje inntekter frå sal og deltakeravgiftdenne søndagen til Unicef sitt arbeid for flyktningeborn frå Syria. Idrettslaget sponsar i tillegg med kr 100,- for kvar deltakar.  

Du kan også støtte med SMS ved å sende SYRIA til 2040 (kr 250,-) eller ringe 820 44719 (200,-)

Kontonr: 8200.02.55587

Vår oppfordringer å stille til start og springe for ein god sakpå søndag :)

Arr og tekst: Fogn IL

Politisk debatt på torsdag!

Torsdag 10. september klokka 18.30 inviterer Fogn Grendalag til politisk debatt på Fogn Oppvekstsenter. Hovedfokuset denne kvelden er "Korleis kan Fogn nå visjonen 400+?" og det kjem ordførarkandidatar/listetoppar/profilerte politikarar frå alle seks partia som har lister i Finnøy.

Sjølv om hovedfokuset ligg på Grendalaget sin visjon om 400+, så er det sjølvsagt lov å ta opp tema som ikkje handlar om denne visjonen også!

Velkommen til politisk debatt!

Så var det på an igjen!

Ein glad gjeng på felles jente- og guttelag, 12. januar 2015.

Ein glad gjeng på felles jente- og guttelag, 12. januar 2015.

Vi er godt inne i september månad, og dei aller fleste av dei "faste" aktivitetane på Fogn har, eller er i ferd med, å starta opp att etter sommaren. Her er det mykje å vera med på, anten ein er ung eller gammal!

På måndagane er det treff på Eldresenteret for dei over 60 år, frå klokka 10.00-14.00. Det er ulikt program kvar gong, men felles for alle samlingane er at det er middag!

Annakvar måndag øver barnekoret "TøfFOGNådig" i kyrkja frå klokka 17.30-18.45. Koret er for alle frå 1. klasse og oppover. Dei måndagane det ikkje er kor, er det både jente- og gutelag for alle frå 2. klasse og oppover, og "Hobby og tru" for dei som er frå 1. klasse og nedover. Gutelaget har base på bedehuset, jentelaget heime hjå leiarane, medan "Hobby og tru" held til i kyrkjekjellaren. Alle samlingane startar klokka 17.30, og varar til om lag 18.45.

Kyrkjekoret, best kjent som "Fognakoret", øver på onsdagar frå klokka 19.00-20.30. Dei har første øving onsdag 16. september, og skal ha øving seks onsdagar i haust. Oversikt vert utdelt på øving, og kjem i kalenderen på Fogn.org.

Som vi har skrive om tidlegare i år, vert det denne hausten arrangert Alfakurs i kyrkja. Kurset, som går ut på å utforska kristendommen i ein avslappa atmosfære med kveldsmat, undervisning og samtale, startar opp torsdag 17. september, og vil gå over 10 torsdagar i haust. Samlingane varer frå klokka 19.00-21.00, og ein kan melde seg på til Kjersti Sandanger med ein sms til 928 63 130.

På fredagar er det friidrettstrening frå klokka 17.30-18.30. Fram til Fognameisterskapet (13. sept) har denne treninga vore for alle opp til 7. klasse, men etter meisterskapet er treninga retta mot 5.-7. klassingane.

Annakvar laurdag arrangerer Fogn kr. ungdomslag samlingar frå klokka 21.00 til midnatt. Samlingane er stort sett på skulen, om ikkje anna kjem fram i kalenderen her på Fogn.org eller på Facebooksida til ungdomslaget. Ein typisk kveld består av andakt, kiosksal, drøs, spel og andre aktiviteter.

Elles er det samling i kyrkje og bedehus kvar søndag. Gudstenestane startar så godt som alltid klokka 10.30 i kyrkja, medan søndagsmøta (som er dei søndagane det ikkje er Gudsteneste) startar klokka 11.00. Dei søndagane det er møte på bedehuset, er det som hovudregel også søndagsskule og søndagsring for born frå og med 3 år og oppover. Søndagsskulen startar opp med frukost på bedehuset søndag 20. september klokka 10.00.

Elles er det jo mykje som skjer innan fotball, zumba og andre aktivitetar her på øya! Føl med på kalenderen på Fogn.org, så er det alltid noko å finna på!

Fogn gjekk på Finnøysmell

Fogn - Finnøy: 1-5 (0-3). Det byrjar å verte mange år sidan Finnøy slo Fogn i A-lagsfotball på Fogn stadion. På sundag gjorde dei det til gagns, sjølv om resultatet ikkje gir eit heilt korrekt bilete av kampen.

Det var ei flott ramme rundt lokalderbyet denne seinsommarsundagen. Sola skein, gradestokken låg og bikka opp mot 20, det var plakatar og musikk, og mange, både Fogn- og Finnøybuar, hadde teke turen til Fogn stadion for å få sjå variable fotballprestasjonar på den ikkje altfor flotte grasmatta. 

Sjølve kampen starta nokså jamnt, men ein kunne fort merke at begge lag ville vinne kvar einaste duell. Det gjekk til tider hardt for seg, men dommaren, som kom til Fogn over to timar før kampstart, verka til å ha hatt det så travelt då han forlot heimen at korta sansynlegvis vart gløymde att der. Han viste i alle fall ikkje fram hverken gult eller raudt kort i heile kampen, sjølv om anledningane nok var tilstades for å vifta i alle fall med den førstnemnde fargen. 

Etter omlag 15 minutter fekk Finnøy kjempa seg fram til ein corner. Denne vart slått presist inn og heada kontant i mål inne ved høgre stolperot, 0-1. 

Etter dette hadde Fogn ein god periode, og både Malvin og Ole Jakob kunne med litt tur ha sett ballen i mål då dei kom til avslutningar. Men så gjekk det som det somme gonger går når eit lag presser. Det andre laget skårer. Og det gjorde Finnøy ikkje ein, men to gonger like før pause, slik at kampen var så godt som avgjort då dommaren signaliserte for halvspelt kamp. 0-3 var på ingen måte representativt for kampen, men Finnøy var imponerande effektive, og Fogn klarte ikkje å setja sine sjansar. 

Også andreomgangen vart nokså jamn, men Finnøy hadde ikkje lagt igjen effektiviteten i garderoben. Dei fekk leggja på til både 4 og 5-0, før Fogn fekk sitt trøystemål då Rasmus slo ein corner frå høgre, og "Finnøydødaren" Ole Jakob stanga ballen hardt i mål, 1-5!

1-5 vart også sluttresultatet, noko Finnøy må kunne seie seg veldig godt nøgde med. Fogn på si side kan ikkje gleda seg over anna enn at ein no ein gong for alle kan begrava myta om at Fogn er eit meir "grisespelande" lag enn Finnøy. Den nøytrale tilskodar (og dei var det få av...) kunne nemleg konstatere at både Sigve og Jakob Bø vert som snille skuleguttar å rekna samanlikna med enkelte av Finnøy sine spelarar, både når det kjem til fysiske tjuvtriks, surmuling og klaging. Dette til trass, Finnøy skapte flest sjansar og fortente alt i alt å vinne lokalderbyet. Men ikkje 5-1.

Kristian Sandanger Iversen har knipsa mange gode bilete frå kampen, dei ser du i botnen av denne saka.

KAMPFAKTA:

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Rasmus Robson Skartveit
Ivar Opsal
Sigve Bø
Martin Østhus
Sergej Kononov
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Malvin Skartveit
Håvard Østhus

Benytta innbyttarar:
Kristoffer Runestad
Ørjan Klev Ladstein

Fogn sitt mål: Ole Jakob Kjølvik

Fogn sin assist: Rasmus Robson Skartveit

Rekordbasar på Erås!

Med stort sett sol og fint vèr, over 120 besøkande og nesten 17 000 kroner til prosjektet "Maisha Mema" i Nairobi, Kenya, vart det ein rekordstor kulturbasar på Erås museum laurdag. "Kongen av kultur", Malvin Sandanger seier nemleg at det aldri har vore så mykje folk på ein slik basar, og det har heller aldri kome inn meir pengar! 

Programmet var, som vanleg, nokså enkelt. Men folk verkar til å setje pris på å kome saman til uformell drøs og ein kaffikopp, før dei får litt program og åresal med påfylgjande trekning. I år var Johnny Mydland og Olle Hemdorf med og song og informerte om prosjektet blant borna i Nairobi, før dei tre åreomgangane vart utsolgte i rekordtempo. Ein kunne nok også solgt ut ein fjerde omgang, men det er ikkje alltid lett å vite kor mange folk som kjem...

Sjå mange bilete frå kulturbasaren 2015 i serien under: