Betre rusta mot brann!

Brannmann Stig Forbregd med medhjelparar kom til Fogn onsdag 26. august for å ha undervisning i brannteori og demonstrasjon av den nye brannvogna på øya. Her var dei møtt opp, alle dei som har skrive seg på ei liste over frivillige brannmenn/kvinner på Fogn. Samlinga var hjå Kristoffer Østhus, der også sjølve brannvogna er plassert. Tanken er at når ein ringer naudnummeret for brann, 110, så skal alle personane på denne lista verte varsla. Dei som har høve til det, møtest ved brannvogna, og får deretter instruksar om kor dei skal og kva som står på. I tillegg til det som er av vatn i brannvogna, kan ein kople seg på uttak langs vegen på Fogn, eller nytte sjøvatn til å sløkkje evt. brannar.

Denne samlinga var eit samarbeid mellom Rogaland Brann og Redning IKS og Fogn bondelag. Dersom det er fleire personar som ynskjer å stå på lista (ein må ikkje ha tilgong til traktor for å stå der) kan dei ta kontakt med Stig Forbregd hjå Rogaland Brann og Redning IKS. Det er han som er deira administrative leiar for Finnøy. 

Jakob Bø knipsa nokre bilete frå samlinga, og var så grei å sende dei til Fogn.org. Bileta ser du under:

Knepent bortetap for A-laget, storkamp til helga!

Austrått 3 - Fogn IL: 3-2 (3-1). Fogn fekk ein sjokkstart på haustsesongen då dei slapp inn tre mål i løpet av eit kvarter borte mot Austrått 3. I ausande regnvèr reiste laget seg likevel, og var nære ved å stikka av med poeng mot motstandaren lenger oppe på tabellen.

Fogn stilte med ein nokså tynn tropp på Iglemyr Stadion. Det var rett nok tre innbyttarar, men blant dei 14 spelarane var det fleire som var halvskada og enkelte som berre kunne spele ein omgang. Austrått verka ikkje til å vere heilt på topp dei heller, for tempoet i kampen var jamnt over nokså labert. Dei første 15 minuttene av kampen var nokså jevne, men så kom det eit frykteleg kvarter for Fogn. Først var det personlege feil som gjorde at Austrått fekk både ein og to null. Deretter, då ein skulle tru at Fogn var rista skikkeleg liv i, fekk Austrått ta ein kort corner utan at ein einaste av bortelagets spelarar reagerte før det var for seint, 3-0.

Like før pause fekk Fogn, for anledningen kledd i gule overtrekksvestar, den viktige reduseringa. Midstoppar Jakob slo eit frispark frå midtbanen og inn i Austrått sin 16-meter. Der sette ein av heimelagets spelarar fram kneet sitt, og plasserte ballen med det vakkert i mål bak eigen keeper, 3-1!

I andre omgang kom regnet. I strie straumar. Og med regnet kom også mykje godt spel frå Fogn si side. Om lag tjue minutter ut i omgangen slo Håvard ein gjennombrotspasning til Sergej, som sprang frå det som var av forsvarar. Sergej fekk også med seg ballen forbi Austrått si sisteskanse, og kunne sette breisida til i tomt bur, 3-2!

Resten av kampen handla om at Fogn hadde banespelet og pressa på for utlikning, medan Austrått var farlege på kontringar. Ingen av laga makta likevel å skåra fleire mål, så sluttstillinga vart 3-2. Alt i alt eit nokså rettferdig resultat, sjølv om Fogn med litt tur kunne fått med seg både eit og tre poeng i den våte bagasjen på heimvegen.

Til helga venter storkampen Fogn - Finnøy på Fogn Stadion. Denne er flytta frå fredag til søndag klokka 16.00. Då er det berre å stille opp og heie dei mørkeblå fram til seier, etter at Finnøy vann 3-1 i motsett oppgjer tidlegare i år!

KAMPFAKTA

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Jakob Bø
Ivar Opsal
Kristoffer Runestad
Malvin Skartveit
Johannes Hovda
Ole Jakob Kjølvik
Rasmus Robson Skartveit
Håvard Østhus
Sergej Kononov

Benytta innbyttarar:
Harald Østhus
Daniel Hagen
Rolf Østhus

Mål: Sjølvmål og Sergej

Assists: Jakob og Håvard

Gule kort: Malvin og Rolf

Kulturbasar, med trykk på l-en!

"Kan du informera litt om kulturbasaren på Fogn.org", spør Malvin Sandanger, og legg tydeleg trykk på l-en i "kultur". Og det er slik dei fleste høyrer for seg ordet "kulturbasar" på Fogn, for dei er så vane med å høyre primus motor Sandanger omtale både basaren og kulturgruppa i Fogn grendalag på denne måten. På laurdag (29. august) er det altså kulturbasar igjen!

Også i år vert det basar til inntekt for nokon som treng pengane meir enn oss på Fogn. Denne gongen får vi besøk av Johnny Mydland og Olle Hemdorf, som kjem for å synge, spele, fortelje historier, og ikkje minst informere om prosjektet "Masiha Mema", eit hjelpearbeid blant barna i slummen i Nairobi, Kenya. Johnny og Olle har vore på Fogn før, så vi har tru på at dette vert eit hyggeleg gjensyn og spanande oppdatering på situasjonen i "Maisha Mema"!

Programmet for laurdagen er i grove trekk dette:

Kl. 12.00: Museet opnar dørene, folk kan altså byrja å koma sigande.

Kl. 13.00: Minikonsert med Johnny og Olle. Johnny vil også fortelja om barndomsminner frå Fogn undervegs i konserten.

Kl. 13.45: Johnny informerer om prosjektet "Maisha Mema"

Kl. 14.00: Åresalet tek til. Det er tre trekningar.

Malvin understreker, på vegne av kulturgruppa i Grendalaget, at alle er hjarteleg velkomne til kulturbasar! Det er også kjekt om nokon tek med seg ein gevinst eller to, så kjem det kanskje inn enno meir pengar til det viktige prosjektet!

Ein deltakar meir enn fjoråret...

Han hadde fleire grunnar til å smile på søndag, marsjgeneral Ottar Sandanger. Ikkje berre fekk han sjølv staup for 20 fullførte marsjar, han kunne også registrera at det dette året var ein deltakar meir enn i fjor. For då 59 personar tok ut i 2014, var det 60 som trassa både vèr og vind og gjekk seg ein runde rundt Fogn på søndag. 

Dette var den 27. Fognamarsjen som vart arrangert, og det er framleis to personar som har delteke på alle marsjane, nemleg Anders Sandanger og Jakob Bø. 

Heidi Bø Sangedal og Øyvind Sandanger (takk til dei!) har knipsa nokre bilete som de kan sjå under.

Endeleg skulestart!

"Endeleg er det skule igjen", kom det frå ein elev då både store og små born var i ferd med å samla seg utanfor Fogn skule måndag morgon. Og gjensynsgleda virka til å vere stor hos fleire! Stemninga var i alle fall god heile denne første skuledagen, og det la heller ingen dempar på det heile at sola etterkvart kom med mykje av både lys og varme! 

I år er det berre fem elevar i 1.-2. klasse. Tre av desse er førsteklassingane Johanna, Noah og Lyder, som de kan sjå på biletet under.

Frå venstre: Johanna, Noah og Lyder

Frå venstre: Johanna, Noah og Lyder

Til gjengjeld er 3.-4. klasse rekordstor dette året, med heile 21 elevar fordelt på desse to klassane! Bilete av denne gjengen, 5.-7. klasse, og eindel andre bilete av elevane på første skuledag, kan de sjå i serien under!

Klart for den 27. Fognamarsjen!

Til helga er det duka for den 27. utgåva av Fognamarsjen, ein gåtur rundt hovudvegen på Fogn!

Marsjen startar klokka 14.00 på søndag den 16. august, og både start og mål er ved skulen. Startkontingent er kr 75,- per deltakar, med ein makspris på 225,- per familie. Det er Fogn IL som er arrangør, og dei sel også forfriskningar ved Selvåg.

Ottar Sandanger held fram med å føra statistikk over kven som har delteke på dei ulike marsjane. Denne oversikta ser du ved å klikka HER.

God tur!