Informasjon frå oppvekstsenteret

I og med at vi er godt i gong med august månad, har oppvekstsenteret eit ynskje om å kome med litt informasjon til dei det måtte gjelde av lesarane på Fogn.org!

--------------------------------------------

Sommarferien går mot slutten, og vi ser fram til å ta imot både barnehageborn og elevar til eit nytt år ved Fogn oppvekstsenter! Under fylgjer litt informasjon som kan vere grei å vite om både for born, føresette, og andre som liker å vita litt om kva som skjer i skule og barnehage!

Skulen startar i år måndag 17. august, klokka 08.15. Alle elevane går til klokka 13.55 denne dagen, og føresette til årets 1. klassingar er velkomne til å vere med dei første timane.

Barnehagen startar opp dagen etter, tysdag 18. august, frå klokka 07.30. Dette på grunn av planleggingsdag i barnehagen måndag 17. august.

Dette skuleåret vert leksehjelp eit tilbod som i all hovudsak vil gjelda elevar i 3.-6. klasse. Dette vart vedteke i samarbeidsutvalet (SU) etter at saka hadde vore oppe både i elevråd, personalgruppa og felles foreldremøte. I og med at 1.-4. klasse har 25 skuletimar i veka, og 5.-7. klasse har 28 skuletimar i veka, vil denne nye ordninga virke inn på timeplanen til elevane.

Alle elevane startar klokka 08.15 alle dagar, slik vi har gjort dei siste åra. Når det gjeld skuledagen sin slutt, så vert det nokre endringar her.
Måndag: Alle går til klokka 13.55 (6 timar)
Tysdag: Alle går til klokka 13.00 (5 timar)
Onsdag: 1.-4. klasse går til klokka 10.45 (3 timar) og 5.-7. klasse går til klokka 13.55 (6 timar)
Torsdag: Alle går til klokka 13.55 (6 timar)
Fredag: Alle går til klokka 13.00 (5 timar)

Bussen går rett etter skuletid kvar dag. På onsdag er det buss både klokka 10.45 og 13.55. Ved full buss vert dei prioriterte som har rett på fri skuleskyss. 

Leksehjelp er eit frivillig tilbod til elevar i 3.-6. klasse etter skuletid på måndag, tysdag og torsdag. Kvar økt varer i 40 minutter, og vert leia av ein av skulen sine assistentar. Elevar som nyttar seg av tilbodet må ha andre måtar enn skulebuss å koma seg heim på, då skulebussen går før leksehjelp. 

Dersom dette med kort skuledag for 1.-4. klasse på onsdagen fører til store utfordringar, kan det nemnast at vi har god kapastet på SFO til hausten. Dersom nokon vil søkja om plass på SFO, kan ein klikka HER. 

Elles ligg det informasjon om skuleruta, mjølkebestilling og meir på skulen si eiga heimeside: minskole.no/fogn 

Er noko uklart, eller har de spørsmål, er de velkomne til å ta kontakt med rektor Håvard Østhus på mail havard.osthus@finnoy.kommune.no eller telefon 93445913.

mvh

Håvard Østhus
rektor - Fogn oppvekstsenter

Bilete frå sommerbåten sitt besøk i Finnøy!

Onsdag og torsdag denne veka var NRK sin sommerbåt på besøk i Finnøy, noko som ikkje gjekk upåakta hen! Fleire hundre småbåtar tok imot det storfine besøket ute i fjorden, medan nærmare 1000 menneske sto på Judaberg og ynskte båten velkomen til kommunen vår. 

På torsdag var det tid for å segla vidare, og då gjekk båten gjennom Sæbøsundet og langs Fogn, noko Fognbuen visste å markere på ymse vis! Janne og Jakob Bø har sendt inn bileta i serien under, takk for flotte bidrag!

Ta imot sommerbåten, både på Finnøy og Fogn!

Onsdag 29. juli klokka 14.45 legg NRK sin sommerbåt etter planen til kai på Judaberg, Finnøy! Der er det mange som har jobba og stått på for å lage eit flott arrangement med mykje liv og røre. Les meir om dette på Facebook ved å klikka HER. Vi vil oppfordra alle som har sjansen til å ta turen til Finnøy denne dagen, for programmet, som de ser under, ser særs bra ut!

På torsdag 29. juli klokka 11.15 dreg sommerbåten frå Finnøy, og startar ferda mot Sandnes. Båten går ikkje raskaste vegen til destinasjonsbyen, for den legg kursen til nordsida av Halsnøy, før den går gjennom Sæbøsundet (mellom Fogn og Bokn), langs Fogn og deretter rett sørover mot Sandnes. At båten, som kringkastar si ferd minutt for minutt, går så nær Fogn, må jo markerast på ein eller annan måte. Difor er det ein gjeng som ynskjer å samle flest mogleg på "Neset", like ved huset til Otto Sandanger, der båten vil gå rett forbi på torsdag. Det er ikkje klart nøyaktig når båten kjem til å passere i Sæbøsundet, men det kan vere lurt å vere ute i god tid og seinast kl. 11.30, for å vere på den sikre sida. Heidi Bø Sangedal har lova å ta med kostymet til Fognareven, noko som sikkert vil vere med på å trekke merksemda mot den vonleg store gjengen som står og vinkar på "Neset". Elles kan det vere lurt å ta med norske flagg, og så bør dei som kjem med bil parkera oppe i gardstunet og så gå grusvegen ned til sjøen. 

Møt opp, og vis fram både Fogn og Fognbuen frå ei flott side!

Under er ruta som båten vil ta frå Finnøy:

Arrangerer Alphakurs til hausten

I løpet av dei siste 30 åra har omlag 24 millionar menneske over heile verda delteke på Alphakurs. Til hausten vert det arrangert kurs på Fogn, og Kjersti Sandanger er ein av dei som er med i planlegginga av kurset. Vi har snakka litt med ho for å få vite litt meir om kva dette går ut på.

- Kva er eigentleg eit Alphakurs?
Alpha handlar i korte trekk om 10 kveldssamlingar der dei frammøtte får anledning til å utforske den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Det vert undervisning, samtalar og god kveldsmat kvar kveld!

- Kvifor er du med og arrangerer eit slikt kurs?
Eg vil at fleire skal bli kjent med Jesus, og finna ut meir om kva vi trur på. Eg trur slike kurs kan vere med og avsløra myter som ikkje stemmer. Og så trur eg at det eigentleg er mange fleire enn vi tenkjer som trur på Gud...

- Så kven er eigentleg målgruppa for kurset?
Det er for dei som vil finne ut meir om kva den kristne trua går ut på. Det kan passa både for folk som ikkje vil kalla seg kristne, og for kristne som ynskjer å friska opp basiskunnskapene sine.

- Har du litt praktisk informasjon om kurset på Fogn?
Ja, det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset, og vi kjem til å halde til i kyrkjekjellaren. Der vil vi samlast så godt som kvar torsdag klokka 19.00 frå og med 10. september og ti veker framover. Både prestane våre og lokale krefter vil bidra med undervisning om dei ulike emna som vert tekne opp. Deltakarane får både god kveldsmat og ei lita bok, så det kostar 300 kroner å vere med på kurset. Vi ynskjer at dei som blir med melder seg på på førehand. Det kan dei gjere på sms til meg på nr. 928 63 130.

Då ynskjer vi lukke til med den vidare planlegginga og gjennomføringa av sjølve kurset!

Strålande butikkopning!

Laurdag 4. juli var det endeleg klart for den offisielle opningsfesten for den "nye" Jokerbutikken på Fogn. Med sol og gode temperaturar, vart det ei fantastisk ramme rundt det innhaldsrike programmet, og den gode maten som vart servert på festen!

Mykje folk, omlag 150-200 personar, møtte fram for å ta del i feiringa. Øyvind Sandanger var programleiar, og lånte bort mikrofonen til både Arne Torgersen frå Ryfylke Tomat, Janne Aano Bø frå grendalaget, Lars Helgeland frå Mercur-programmet, og fungerane ordførar Jon Olav Runestad. Alle desse snakka varmt om den lokale butikken, og Lars Helgeland fortalte at han hadde sett på omsetningstala dei første tre vekene, og trudde nesten at alle på Fogn burde vore overvektige... Helgeland minna vidare om at det, trass rekordstor omsetning i oppstarten, vil koma både ein haust og ein vinter der salet vil gå ned. Då er det viktig å framleis støtta opp om, og handla på butikken, for dess meir ein handler, dess betre butikk vil ein få!

Fungerande ordførar (Gro Skartveit var på ferie) Jon Olav Runestad fekk æra av å klippa snora og erklæra butikken for open. No var det strengt tatt ikkje snakk om ei snor, men heller ein tomatklase som Øyvind Sandanger og Ivar Opsal heldt mellom seg. Den vart uansett klippa i to, og applaus og antydning til jubel høyrdes frå dei mange frammøtte!

Så var det tid for mat. Kristoffer Østhus og Pål Rune Grønås hadde med seg kokken Alexander Stensnes på "grillteamet" som laga mat til alle som ville ha, og dei var det ikkje få av! Kjøtt og pølser fekk selskap av potetsalat og frisk salat frå Ryfylke Tomat på tallerkenen. I tillegg hadde Oddbjørg Måland laga chutney og bruschetta som hausta mange lovord blant gjestene! 

Då konkurransar for born i ulike aldrar vart annonsert over høgtalarannlegget, var det ein av dei frammøtte som uttala at "dette er jo nesten som 17. mai"! Og det var inga dårleg samanlikning, for her var det noko for alle. Dei minste borna fekk køyre trøtraktor, dei eldre fekk ha ein vannleik, alle kunne pusle på store puslespill, og grendalagets stilte med både "gjett prisen på godteposen" og ein quiz om Fogn. Det heile vart avslutta, i god 17. mai-stil, med utdeling av premiar, før folk etterkvart trakk heimover.

Grendalaget sine konkurransar fekk desse vinnarane:

Quiz
1. premie: Marie Sofie Østhus og Kaja Sunde
2. premie: Morten Stensland
3. premie: Rebecca Østhus Ben-Haim

Smågodtkonkurranse:
Aasta Kjenes

Like etter at butikken stengte klokka 18.00, kunne butikksjef Ivar Opsal melde om rekordomsetning på 90 000 kroner denne dagen! Han ville også takke alle som kom på festen og/eller som handla på butikken!

Klart for åpningsfest på Joker Fogn!

Etter å ha vore i drift i snart ein månad, er det no klart for offisiell åpningsfest for Joker Fogn! Fogn Handel har sendt ut invitasjon til festen, der ein kan lesa:

Velkommen til åpningsfest lørdag 4. juli kl. 11.00!

Det vert:

  • Gratis grillmat, kaffi og lappar
  • Gratis is til alle born kl. 12.00
  • Talar
  • Konkurransar for barn og vaksne med fin premie
  • Ryfylke Tomat deler ut smaksprøver og sel produkter
  • Varland Gartneri - bringebær og blomster
  • Grendalaget stiller med konkurransar og informasjon

Håper du kjem og tek del i denne markeringa! Me garanterer god stemning og håper på mykje folk av både fastbuande, hytteeigarar og tilreisande.

Med venleg helsing:
Ivar, Øyvind, Pål, Kristoffer og resten av våre fantastiske ansatte.

Så då er det berre å krysse fingrane for godvèr på laurdag, og ynskje alle hjarteleg velkomne til storslått åpningsfest på butikken!