Ta imot sommerbåten, både på Finnøy og Fogn!

Onsdag 29. juli klokka 14.45 legg NRK sin sommerbåt etter planen til kai på Judaberg, Finnøy! Der er det mange som har jobba og stått på for å lage eit flott arrangement med mykje liv og røre. Les meir om dette på Facebook ved å klikka HER. Vi vil oppfordra alle som har sjansen til å ta turen til Finnøy denne dagen, for programmet, som de ser under, ser særs bra ut!

På torsdag 29. juli klokka 11.15 dreg sommerbåten frå Finnøy, og startar ferda mot Sandnes. Båten går ikkje raskaste vegen til destinasjonsbyen, for den legg kursen til nordsida av Halsnøy, før den går gjennom Sæbøsundet (mellom Fogn og Bokn), langs Fogn og deretter rett sørover mot Sandnes. At båten, som kringkastar si ferd minutt for minutt, går så nær Fogn, må jo markerast på ein eller annan måte. Difor er det ein gjeng som ynskjer å samle flest mogleg på "Neset", like ved huset til Otto Sandanger, der båten vil gå rett forbi på torsdag. Det er ikkje klart nøyaktig når båten kjem til å passere i Sæbøsundet, men det kan vere lurt å vere ute i god tid og seinast kl. 11.30, for å vere på den sikre sida. Heidi Bø Sangedal har lova å ta med kostymet til Fognareven, noko som sikkert vil vere med på å trekke merksemda mot den vonleg store gjengen som står og vinkar på "Neset". Elles kan det vere lurt å ta med norske flagg, og så bør dei som kjem med bil parkera oppe i gardstunet og så gå grusvegen ned til sjøen. 

Møt opp, og vis fram både Fogn og Fognbuen frå ei flott side!

Under er ruta som båten vil ta frå Finnøy:

Arrangerer Alphakurs til hausten

I løpet av dei siste 30 åra har omlag 24 millionar menneske over heile verda delteke på Alphakurs. Til hausten vert det arrangert kurs på Fogn, og Kjersti Sandanger er ein av dei som er med i planlegginga av kurset. Vi har snakka litt med ho for å få vite litt meir om kva dette går ut på.

- Kva er eigentleg eit Alphakurs?
Alpha handlar i korte trekk om 10 kveldssamlingar der dei frammøtte får anledning til å utforske den kristne trua i eit ope og avslappa miljø. Det vert undervisning, samtalar og god kveldsmat kvar kveld!

- Kvifor er du med og arrangerer eit slikt kurs?
Eg vil at fleire skal bli kjent med Jesus, og finna ut meir om kva vi trur på. Eg trur slike kurs kan vere med og avsløra myter som ikkje stemmer. Og så trur eg at det eigentleg er mange fleire enn vi tenkjer som trur på Gud...

- Så kven er eigentleg målgruppa for kurset?
Det er for dei som vil finne ut meir om kva den kristne trua går ut på. Det kan passa både for folk som ikkje vil kalla seg kristne, og for kristne som ynskjer å friska opp basiskunnskapene sine.

- Har du litt praktisk informasjon om kurset på Fogn?
Ja, det er ansvarskomiteen i kyrkja som står som arrangør av kurset, og vi kjem til å halde til i kyrkjekjellaren. Der vil vi samlast så godt som kvar torsdag klokka 19.00 frå og med 10. september og ti veker framover. Både prestane våre og lokale krefter vil bidra med undervisning om dei ulike emna som vert tekne opp. Deltakarane får både god kveldsmat og ei lita bok, så det kostar 300 kroner å vere med på kurset. Vi ynskjer at dei som blir med melder seg på på førehand. Det kan dei gjere på sms til meg på nr. 928 63 130.

Då ynskjer vi lukke til med den vidare planlegginga og gjennomføringa av sjølve kurset!

Strålande butikkopning!

Laurdag 4. juli var det endeleg klart for den offisielle opningsfesten for den "nye" Jokerbutikken på Fogn. Med sol og gode temperaturar, vart det ei fantastisk ramme rundt det innhaldsrike programmet, og den gode maten som vart servert på festen!

Mykje folk, omlag 150-200 personar, møtte fram for å ta del i feiringa. Øyvind Sandanger var programleiar, og lånte bort mikrofonen til både Arne Torgersen frå Ryfylke Tomat, Janne Aano Bø frå grendalaget, Lars Helgeland frå Mercur-programmet, og fungerane ordførar Jon Olav Runestad. Alle desse snakka varmt om den lokale butikken, og Lars Helgeland fortalte at han hadde sett på omsetningstala dei første tre vekene, og trudde nesten at alle på Fogn burde vore overvektige... Helgeland minna vidare om at det, trass rekordstor omsetning i oppstarten, vil koma både ein haust og ein vinter der salet vil gå ned. Då er det viktig å framleis støtta opp om, og handla på butikken, for dess meir ein handler, dess betre butikk vil ein få!

Fungerande ordførar (Gro Skartveit var på ferie) Jon Olav Runestad fekk æra av å klippa snora og erklæra butikken for open. No var det strengt tatt ikkje snakk om ei snor, men heller ein tomatklase som Øyvind Sandanger og Ivar Opsal heldt mellom seg. Den vart uansett klippa i to, og applaus og antydning til jubel høyrdes frå dei mange frammøtte!

Så var det tid for mat. Kristoffer Østhus og Pål Rune Grønås hadde med seg kokken Alexander Stensnes på "grillteamet" som laga mat til alle som ville ha, og dei var det ikkje få av! Kjøtt og pølser fekk selskap av potetsalat og frisk salat frå Ryfylke Tomat på tallerkenen. I tillegg hadde Oddbjørg Måland laga chutney og bruschetta som hausta mange lovord blant gjestene! 

Då konkurransar for born i ulike aldrar vart annonsert over høgtalarannlegget, var det ein av dei frammøtte som uttala at "dette er jo nesten som 17. mai"! Og det var inga dårleg samanlikning, for her var det noko for alle. Dei minste borna fekk køyre trøtraktor, dei eldre fekk ha ein vannleik, alle kunne pusle på store puslespill, og grendalagets stilte med både "gjett prisen på godteposen" og ein quiz om Fogn. Det heile vart avslutta, i god 17. mai-stil, med utdeling av premiar, før folk etterkvart trakk heimover.

Grendalaget sine konkurransar fekk desse vinnarane:

Quiz
1. premie: Marie Sofie Østhus og Kaja Sunde
2. premie: Morten Stensland
3. premie: Rebecca Østhus Ben-Haim

Smågodtkonkurranse:
Aasta Kjenes

Like etter at butikken stengte klokka 18.00, kunne butikksjef Ivar Opsal melde om rekordomsetning på 90 000 kroner denne dagen! Han ville også takke alle som kom på festen og/eller som handla på butikken!

Klart for åpningsfest på Joker Fogn!

Etter å ha vore i drift i snart ein månad, er det no klart for offisiell åpningsfest for Joker Fogn! Fogn Handel har sendt ut invitasjon til festen, der ein kan lesa:

Velkommen til åpningsfest lørdag 4. juli kl. 11.00!

Det vert:

  • Gratis grillmat, kaffi og lappar
  • Gratis is til alle born kl. 12.00
  • Talar
  • Konkurransar for barn og vaksne med fin premie
  • Ryfylke Tomat deler ut smaksprøver og sel produkter
  • Varland Gartneri - bringebær og blomster
  • Grendalaget stiller med konkurransar og informasjon

Håper du kjem og tek del i denne markeringa! Me garanterer god stemning og håper på mykje folk av både fastbuande, hytteeigarar og tilreisande.

Med venleg helsing:
Ivar, Øyvind, Pål, Kristoffer og resten av våre fantastiske ansatte.

Så då er det berre å krysse fingrane for godvèr på laurdag, og ynskje alle hjarteleg velkomne til storslått åpningsfest på butikken!

Finnøy G13, med fognbu på laget, vann Sør-cup!

Bilde 28.06.15, 09.43.58.jpg

Finnøy sine gutar 13 sitt fotballag, har lenge vist at dei er eit lag å rekne med. Nyleg sikra dei seg opprykk til eliteserien til hausten, og dei siste dagane har dei levert sterke resultater i Sør-cup. Etter å ha "trøbla" litt i gruppespelet, kom dei seg gjennom sluttspelet og endte til slutt opp som finalelag på sjølvaste Sør-Arena (Start sin heimebane). Der var det Start sine gutar 13 som var motstandar, og dei måtte nok finne seg i å ha favorittstempelet. Men det avgjer ikkje fotballkampar. I den direktesendte finalen (sendt på Fædrelandsvennen sin nett-tv) viste Finnøylaget ein enorm innsats og effektivitet, og vann til slutt heile 6-2! Fleire av måla var reine perler, mellom anna eit praktfullt volleyskot frå Bård Brandeggen som førte Finnøy opp i 4-0 leiing!

Les kampreferat på Øyposten sine nettsider ved å klikka HER.

Etter kampen var trenar Tor Øyvind Skeiseid intervjua med det klassiske spørsmålet: "Kva føler du no?" Skeiseid svara at "dette er det største eg har opplevd etter fødslar og bryllaup...kanskje større!"

På Finnøylaget spelte Fognaguten Jørgen Bø store deler av finalen. Jørgen spelte i ei offensiv rolle på kanten, og jobba iherdig på lik linje med resten av det imponerande sterke laget!

Fogn.org gratulerer gutane, støtteapparat, føresette, og heile kommunen med den sterke prestasjonen!

Tidenes Tour de Fogn!

Det femte Tour de Fogn er avslutta, og det vart ei festreis frå ende til annan! Les daglege rapportar, sjå bilete og studer resultatlista i vår sak!

Prolog - Fredag 26. juni
Den fire kilometer prologen er kanskje den etappen som ser enklast ut på papiret, men som folk fryktar mest når dei har prøvd den minst ein gong. Her startar alle åleine, og må slåss med både klokka og melkesyra i beina over flatene mellom pakkeriet og Misjonshumpen. 

I dameklassen var det fire påmeldte, men berre tre som sykla prologen på fredag. Tove Høie skal sykla prolog før fellesstarten på laurdag, så rekkefølga etter prologen kan framleis verte endra...

Linda Harestad fekk æren av å vere første syklist ut i Tour de Fogn 2015! Dette gjorde ho på ein glimrande måte, då ho akkurat kneip andreplassen, to sekunder foran Kristel Borgemyr som kom på tredje. Linda og Kristel fekk tidene 8,33 og 8,35. Tre gonger regjerande meister Janne Aano Bø var det imidlertid ingenting å gjere med. Ho sykla inn til 7,54, og ser med det ut til å ha ei solid leiing før laurdagens fellesstart.

I herreklassen var det igjen spanande om nokon skulle klara å komma under den "magiske" seksminuttersgrensa. I fjor var vinnartida 6,00, og med gode forhold i løypa kunne det vere duka for ei historisk vinnartid. Slik vart det ikkje, sjølv om mange leverte sterke prestasjonar. Aller raskast gjekk det med 2 x Anders, som delte sigeren med vinnartida 6,08. Det var Anders Eike frå Halsnøy og Anders Utbø Sakseid frå Tasta og Omegn SykkelKlubb som trakk det lengste strået. Håvard Østhus kom på tredjeplass med tida 6,19.

På laurdag er det klart for både fellesstart med to rundar rundt øya, barneritt og eit ritt for dei som seier at dei skal sykla til neste år. Møt opp, anten som deltakar eller som publikum, klokka 14.30 ved oppvekstsenteret!

Fellesstart og barneritt - Laurdag 27. juni
Eit rekordstort felt med heile 23 ryttarar stilte opp på laurdagens fellesstart! Aller fremst sto dei tre gule trøyene, og laget "Team Joker", som besto av Ivar Opsal, Pål Rune Grønås og Kristoffer Østhus. 

Då startskotet gjekk, tok feltet det nokså rolig fram til Bøbakken, der tempoet vart skrudd nokre hakk opp. Ein særs sprek Helge Iversen må ta på seg det meste av ansvaret for fartsaukinga, som splitta ryttarane opp i fleire mindre grupper. Aller fremst var det etterkvart 6 ryttarar som fekk ei luke, nemlig Anders Sakseid, Anders Eike, Håvard Østhus, Helge Iversen, Bjørn Ståle Varnes og Sondre Trå Sørheim. Desse holdt stort sett følge gjennom resten av etappen, med unnatak av at Sørheim måtte sleppe omlag ved Sæbøkrossen på 2. runde, og Sakseid sykla frå resten på veg opp til Runestad på sisterunden.

Anders Sakseid kom i mål i meir eller mindre einsam majestet på tida 36,27. Ei sterk tid, sjølv om han var omlag halvminuttet raskare då han vann etappen i fjor. Den andre gule trøya, Anders Eike, fekk ei luke på resten, og sykla i mål på andreplass på 36,38.  Bak desse vart det ein spurt om tredjeplassen som Håvard Østhus vann på 36,40, etterfulgt av Bjørn Ståle Varnes og Helge Iversen på 36,41. Sondre Trå Sørheim, som måtte sykla den siste biten heilt åleine, kom i mål på 39,16.

I dameklassen skjedde det mykje på laurdag. Tove Høie, som ikkje kunne sykle prolog på fredag, sykla denne før fellesstarten. Ho kom i mål på 8,16, og tok med det ein nokså klar andreplass, 22 sekunder bak Janne Aano Bø. På fellesstarten viste Høie igjen at ho var sterk, med ein ny andreplass, berre 16 sekunder bak Aano Bø, som kom i mål på tida 51,11. Linda Harestad fulgte på tredjeplass med 56,13 og Kristel Borgemyr kom på fjerdeplass med 1,00,04. 

Og Team Joker? Korleis gjekk det med dei? Jo, dei køyrde som eit skikkeleg lag, holdt saman og kryssa mållinja med armane om kvarandre på tida 56,06. 

I samandraget leier Janne Aano Bø dameklassen, men berre 38 sekunder foran Tove Høie, så her er ingenting avgjort.
I herreklassen er det enno jevnare. Der skil det berre 36 sekunder frå Anders Sakseid på 1. plass, til Bjørn Ståle Varnes på 5. Mellom dei ligg Anders Eike, Håvard Østhus og Helge Magnar Iversen.
Seniorklassen er det fjorårsvinnar Egil Sæverud som leiar, snaut fire minutter foran Arne Torgersen. For fullstendig resultatliste, klikk HER.

Etter fellesstarten var det tid for barneritt, der alle born og unge frå barnehagen til 10. klasse fekk prøve seg på tre løyper med ulike lengde, alt etter kor gamle borna var. Her var det mange deltakarar, god innsats og ikkje minst mykje glede å sjå då Fognareven kom og delte ut medaljar etter målgang! Også i dag var det masse folk som møtte opp og heia fram alle deltakarane, hald fram med det!

Søndag vert årets Tour de Fogn avslutta med klatreetappe. Denne etappen har start på skulen klokka 12.30, og målgang ved kyrkja frå omlag ein halvtime seinare og utover. Velkommen til eit verdig punktum på historias femte Tour de Fogn!

Klatreetappe - Søndag 28. juni
Tour de Fogn-søndag og alt skal verta avgjort! Det var nok eindel trøtte bein som stilte til start på skulen denne dagen, det var i alle fall god stemning i feltet då rittgeneral Ivar Opsal åtvara mot venstresvingen på Eide, og gav beskjed om at alle måtte køyre forsiktig fram til dei var ferdige med nettopp denne svingen. Feltet var difor nokså samla til dei kom dit, men deretter vart det splitta opp i bakkane opp mot Høgaste. 

I herreklassen var det dei fem sterkaste i samandraget som igjen fekk ei luke på resten av konkurrentane. Sjølv om det var småluker over Høgaste, var det Anders Sakseid, Anders Eike, Håvard Østhus, Helge Magnar Iversen og Bjørn Ståle Varnes som var ei gruppe frå Sæbøkrossen og heilt til det heile skulle avgjerast opp mot målgong ved kyrkja. Der var det Anders Eike som viste seg sterkast, og slo Anders Sakseid og Bjørn Ståle Varnes med henholdsvis 1 og 2 sekunder. Dagens gladaste mann, Helge Magnar Iversen, kom 7 sekunder bak vinnaren, noko som holdt til å både passere ein sliten Håvard Østhus i samandraget, og akkurat halde Bjørn Ståle Varnes bak seg. Samanlagtvinnar vart, som i fjor, Anders Sakseid, etterfulgt av Halsnøybuen Anders Eike.

I dameklassen var det nokså jevnt før dagens etappe. Tove Høie hadde under 40 sekunder å ta igjen på Janne Aano Bø, noko ho klarte nokså tidleg i rittet. Avstanden auka etterkvart, slik at Høie kunne overta samanlagtleiinga og smykka seg med tittelen vinnar av Tour de Fogn 2015! Janne Aano Bø kom på andreplass og Linda Harestad kom på tredjeplass, både på klatreetappen og i samandraget.

I seniorklassen viste Egil Sæverud seg igjen sterkast. Han vann denne klassen foran Njål Hetlelid og Arne Torgersen. 

For fullstendige resultatlister, klikk HER.

Masse folk hadde igjen møtt opp rundt løypa og i målområdet. Med deltakarrekord, ingen skader, fint vèr og god stemning, så kan ein nok ikkje kalla dette for anna enn "The best Tour de Fogn ever"!

Velkomen til å ta festhelga enno eit hakk vidare til neste år, når Tour de Fogn 2016 brakar laus!

Bilete frå Prologen (knipsa av Mallin og Filip Iversen, Leif Thorsen og Anne Østhus):

Bilete frå fellesstart/barneritt (knipsa av Filip og Mallin Iversen, Leif Thorsen og Håvard Østhus):

Bilete frå klatreetappen (Knipsa av Leif Thorsen og Håvard Østhus):

Klikk HER for å sjå fullstendig resultatliste.