Masse folk og god stemning på St.Hansfeiring!

Tysdag 23. juni var det klart for Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag si tradisjonelle St.Hansfeiring. I år var bålet dratt saman i nærleiken av naustet til Helga og Ståle Østhus på Selvågneset, så dette vart basen for arrangementet. Omlag 150 personar møtte opp, og fekk med seg ei innhaldsrik, og bortimot vindstille feiring denne kvelden.

Morten Stensland hadde andakt om mannen som fann ein skatt i ein åker, og så solgte alt han åtte for å kjøpa denne åkeren. Seinare på kvelden vart det enno meir skattejakt, då "Kaptein Sabeltann" og hans to hjelparar kom roande frå Sørvåg for å finne ein skatt beståande av kakemenn til alle dei frammøtte. I tillegg var det kiosksal, pølsegrilling, leiker for store og små, og sjølvsagt tenning av det store bålet, som brann flott og lenge!

Sjå fleire bilete i serien under!


Flott konsert med "Frimenn"!

Laurdag 20. juni hadde mannskoret "Frimenn" frå Jæren konsert både i Finnøy og Fogn kyrkje. Begge stadar kom det mykje folk for å høyre på koret sitt breide repertoar av songar, som vart framført med mykje trøkk i stemmene, akkompagnert av både trekkspel, bass og banjo. Folk fekk også vere med og syngje på fleire av songane som verka både kjende og kjære for tilhøyrarane som stemte godt i. 

Det var Svein Østhus som hadde fått mannskoret til å kome til Fogn, noko som i seg sjølv er godt gjort når ein fekk høyre litt om kor opptekne desse karane stort sett er. Svein kunne fortelje at han først prøvde å "få napp" i 2014, men at "Frimenn" då var fullbooka, og heller måtte satse på å kome i 2015. Når dette no lot seg gjera, var det godt å sjå at så mykje som omlag 100 personar nytta anledningen og møtte opp for å få med seg konserten i Fogn kyrkje. 

De kan lese meir om "Frimenn" på nettsida deira ved å klikke

Under er nokre fleire bilete frå konserten på Fogn:

St. hansfeiringa står for døra

Tysdag 23. juni frå kl. 19.30 arrangerer Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag si tradisjonelle St.hansfeiring med båltenning, andakt og sal av pølser, kaffi, brus og sjokolade. I år skjer dette ved Helga og Ståle Østhus sitt naust, og det er Morten Stensland som står for andakten. 

Tenninga av bålet skjer klokka 22.00, men folk er som sagt velkomne frå klokka 19.30. Når det gjeld dugnad for å dra saman bålet, så vert denne på måndag 22. juni kl. 18.00. 

Alle er hjarteleg velkomne, både til å dra bål 22. juni, og til sjølve feiringa 23. juni!

Butikken er open!

Onsdag 10. juni klokka 10.00 gjenoppstod butkken på Fogn, no med Ivar Opsal som ny butikksjef, og karane i Fogn Handel som eigarar. 

På slaget 10.00 var det mange som hadde møtt opp for å sjå dørene verta opne, og NRK Rogaland var på plass og laga reportasje om det heile. Sjå denne reportasja ved å klikke HER.

Butikken har vorte pussa opp, og framstår i ny drakt. Dette verka dei til å settja pris på, kundane som strømma inn og ut av butikken heile dagen! Også borna på oppvekstsenteret fekk ta del i festen, då dei var inviterte på gratis is midt i skule- og barnehagetida! Elles var det både kake og kaffi til alle som tok turen innom butikken denne dagen, og dei aller første kundane som handla fekk blomar av butikksjefen sjølv!

Etter endt dag kunne Ivar melde om ein omsetning på omlag 63 500 kroner. Det må kunne seiast å vera meget bra på ein onsdag...

Sjå fleire bilete frå opninga i serien under:

Surt poengtap på Finnøy

Finnøy 2 - Fogn: 1-1 (1-0). Sjølv om Finnøy leda til pause, og hadde fleire sjansar til å skåre meir enn eit mål, var det Fogn som mot slutten var nærmast å stikke av med alle tre poenga i lokaloppgjeret på Leikvoll.

Fogn stilte med lag som mangla faste spelarar i nærmast alle ledd i bortekampen mot Finnøy. I forsvaret mangla Pål Rune Grønås og Ivar Opsal som var opptekne med ulike jobbar. På midtbanen var Ole Jakob Kjølvik vekke, då han no har sett fokus mot ein ekspedisjon i Alaska. På topp mangla raske Sergejs Kononov, som måtte stå over pga raudt kort.

Finnøy 2 kom heller ikkje med eit toppa lag. Dei har nytta seg av mange førstelagsspelarar i år, men i og med at førstelaget spelte bortekamp mot Riska 3 (tapte 4-1) samtidig som toerlaget spelte heimekamp, måtte dei stort sett klara seg med eigne spelarar.

Fogn førte an dei første minuttene i kampen, men ingen av laga kom til dei store målsjansane. Difor kom det litt "ut av ingenting", då midtstoppar Erik T Johannsen slo eit frispark inn foran mål, og spiss Marton Østbøvik forlenga ballen vidare inn i nettet bak keeper Trond Egil Sivertsen, 1-0.

Elles skjedde det ikkje særleg mykje i ein nokså tam førsteomgang, og Fogn vart i pausen einige om å pressa Finnøy høgare oppe på banen. I andre omgang førte dette til at Fogn i periodar var det førande laget, men Finnøy kom på fleire farlege kontringar. Fogn kan takka keeper Trond Egil Sivertsen, og inneffektive Finnøyspelarar for at heimelaget ikkje gjekk opp til 2-0 i løpet av første halvdel av andre omgang.

Men det var Fogn som skulle få ballen i mål. Johannes Hovda dreiv framover på midtbanen, og spelte ein stikkar gjennom til spiss Daniel Hagen. Daniel kjempa i duell med både forsvar og keeper, og ballen trilla til slutt ut til Malvin Skartveit, som hadde sneke seg inn frå sin høgrekant. Malvin tuppa ballen iskaldt over keeper og forsvarar og inn i det tomme buret, 1-1!

Mot slutten av kampen handla det aller meste om Fogn, og deira jakt på eit vinnarmål. Først hadde Johannes Hovda eit kanonskudd som small i tverrliggaren, heilt oppe i keepers høgre hjørne. Deretter kom same mann til innlegg frå høgre, der tre Fognaspelarar sto i kø for å sette den avgjerande skåringa, men ingen traff skikkeleg. Det skal nemnast at Finnøy framleis var farlege på kontringar, slik at det alt i alt kan seiast å vera eit rettferdig resultat med 1-1 og poengdeling.

No har Fogn gjort unna begge bortekampane mot Finnøylaga, og ser fram til å møte dei på eige gras til hausten!

KAMPFAKTA

Fogn sitt mål: Malvin Skartveit

Fogn sin assist: Daniel Hagen

Gule kort: Ingen (!)

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Kristoffer Runestad
Sigve Bø
Olav Østhus
Martin Østhus
Lars Olav T Bøe
Jakob Bø
Johannes Hovda
Rasmus Skartveit
Håvard Østhus
Ørjan Bø Måkestad