St. hansfeiringa står for døra

Tysdag 23. juni frå kl. 19.30 arrangerer Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag si tradisjonelle St.hansfeiring med båltenning, andakt og sal av pølser, kaffi, brus og sjokolade. I år skjer dette ved Helga og Ståle Østhus sitt naust, og det er Morten Stensland som står for andakten. 

Tenninga av bålet skjer klokka 22.00, men folk er som sagt velkomne frå klokka 19.30. Når det gjeld dugnad for å dra saman bålet, så vert denne på måndag 22. juni kl. 18.00. 

Alle er hjarteleg velkomne, både til å dra bål 22. juni, og til sjølve feiringa 23. juni!

Butikken er open!

Onsdag 10. juni klokka 10.00 gjenoppstod butkken på Fogn, no med Ivar Opsal som ny butikksjef, og karane i Fogn Handel som eigarar. 

På slaget 10.00 var det mange som hadde møtt opp for å sjå dørene verta opne, og NRK Rogaland var på plass og laga reportasje om det heile. Sjå denne reportasja ved å klikke HER.

Butikken har vorte pussa opp, og framstår i ny drakt. Dette verka dei til å settja pris på, kundane som strømma inn og ut av butikken heile dagen! Også borna på oppvekstsenteret fekk ta del i festen, då dei var inviterte på gratis is midt i skule- og barnehagetida! Elles var det både kake og kaffi til alle som tok turen innom butikken denne dagen, og dei aller første kundane som handla fekk blomar av butikksjefen sjølv!

Etter endt dag kunne Ivar melde om ein omsetning på omlag 63 500 kroner. Det må kunne seiast å vera meget bra på ein onsdag...

Sjå fleire bilete frå opninga i serien under:

Surt poengtap på Finnøy

Finnøy 2 - Fogn: 1-1 (1-0). Sjølv om Finnøy leda til pause, og hadde fleire sjansar til å skåre meir enn eit mål, var det Fogn som mot slutten var nærmast å stikke av med alle tre poenga i lokaloppgjeret på Leikvoll.

Fogn stilte med lag som mangla faste spelarar i nærmast alle ledd i bortekampen mot Finnøy. I forsvaret mangla Pål Rune Grønås og Ivar Opsal som var opptekne med ulike jobbar. På midtbanen var Ole Jakob Kjølvik vekke, då han no har sett fokus mot ein ekspedisjon i Alaska. På topp mangla raske Sergejs Kononov, som måtte stå over pga raudt kort.

Finnøy 2 kom heller ikkje med eit toppa lag. Dei har nytta seg av mange førstelagsspelarar i år, men i og med at førstelaget spelte bortekamp mot Riska 3 (tapte 4-1) samtidig som toerlaget spelte heimekamp, måtte dei stort sett klara seg med eigne spelarar.

Fogn førte an dei første minuttene i kampen, men ingen av laga kom til dei store målsjansane. Difor kom det litt "ut av ingenting", då midtstoppar Erik T Johannsen slo eit frispark inn foran mål, og spiss Marton Østbøvik forlenga ballen vidare inn i nettet bak keeper Trond Egil Sivertsen, 1-0.

Elles skjedde det ikkje særleg mykje i ein nokså tam førsteomgang, og Fogn vart i pausen einige om å pressa Finnøy høgare oppe på banen. I andre omgang førte dette til at Fogn i periodar var det førande laget, men Finnøy kom på fleire farlege kontringar. Fogn kan takka keeper Trond Egil Sivertsen, og inneffektive Finnøyspelarar for at heimelaget ikkje gjekk opp til 2-0 i løpet av første halvdel av andre omgang.

Men det var Fogn som skulle få ballen i mål. Johannes Hovda dreiv framover på midtbanen, og spelte ein stikkar gjennom til spiss Daniel Hagen. Daniel kjempa i duell med både forsvar og keeper, og ballen trilla til slutt ut til Malvin Skartveit, som hadde sneke seg inn frå sin høgrekant. Malvin tuppa ballen iskaldt over keeper og forsvarar og inn i det tomme buret, 1-1!

Mot slutten av kampen handla det aller meste om Fogn, og deira jakt på eit vinnarmål. Først hadde Johannes Hovda eit kanonskudd som small i tverrliggaren, heilt oppe i keepers høgre hjørne. Deretter kom same mann til innlegg frå høgre, der tre Fognaspelarar sto i kø for å sette den avgjerande skåringa, men ingen traff skikkeleg. Det skal nemnast at Finnøy framleis var farlege på kontringar, slik at det alt i alt kan seiast å vera eit rettferdig resultat med 1-1 og poengdeling.

No har Fogn gjort unna begge bortekampane mot Finnøylaga, og ser fram til å møte dei på eige gras til hausten!

KAMPFAKTA

Fogn sitt mål: Malvin Skartveit

Fogn sin assist: Daniel Hagen

Gule kort: Ingen (!)

Fogn sitt lag:

Trond Egil Sivertsen
Kristoffer Runestad
Sigve Bø
Olav Østhus
Martin Østhus
Lars Olav T Bøe
Jakob Bø
Johannes Hovda
Rasmus Skartveit
Håvard Østhus
Ørjan Bø Måkestad

 

Klart for friluftsbasar på fredag

Ein av dei første fredagane i juni arrangerer alltid Fogn guttelag friluftsbasar på plenen utanfor bedehuset. I år er denne basaren lagt til fredag 12. juni klokka 18.00. Lars Skjæveland frå NLM kjem og har andakt. Det vert sal av pølser, lappar, brus og kaffi, i tillegg til at det sjølvsagt vert loddsal og trekning av ulike gevinstar. To av hovudgevinstane vert demonstrert av Tom Arne og Arne på biletet til venstre, nemleg sparkesyklar i ulike storleikar.

Fogn guttelag ynskjer alle hjarteleg velkomne på basar, og minner om at det er mogleg å gjennomføre basaren innandørs dersom det vèret ikkje viser seg frå ei god side...

Butikken opnar på onsdag!

Etter å ha vore utan butikk store deler av våren 2015, vert det endeleg råd å få handla daglegvarer på Fogn frå og med onsdag 10. juni klokka 10.00. Då opnar nemleg Fogn Handel, med kjøpmann Ivar Opsal i spissen, dørene på den nyoppussa Joker Fogn!

På måndag var det hektisk aktivitet med å få varer på plass i hyllene, og butikksjef Ivar fekk opplæring i diverse inne på kontoret sitt, før det heile brakar laus på onsdag.

Butikksjefen under opplæring på kontoret.

Butikksjefen under opplæring på kontoret.

Ei gruppe frå Joker kom og sette ut varer.

Ei gruppe frå Joker kom og sette ut varer.

Fogn Handel har sendt ut eit skriv der dei informerer om at det vert kake og kaffi til alle som kjem på butikken på onsdag, men at det store opningsfesten, med grilling og aktivitetar, vert først 4. juli. Meir informasjon om denne kjem når den nærmar seg.

Elles vert det moglegheit for å bestille varer for heimkøyring eller ferdig pakka til henting på butikken. For å benytte seg av dette kan ein enten ringja 51710922 / 99567320 eller senda mail til joker.fogn@joker.no.