Kjekk søndagsskuleavslutning!

Søndag 7. juni var det tid for den tradisjonelle søndagsskuleavslutningen i og ved naustet til Helga og Ståle Østhus. Om lag 40 store og små møtte opp. I og med at vèret var skiftande, starta samlinga opp innandørs med fellessongar, andakt av Reidunn Østhus, og utdeling av gåve til dei som går ut av søndagsskulen og søndagsringen.

Deretter var det tid for grilling og diverse leiker både ute- og innandørs, og når sola etterkvart viste seg, vart det ei nokså "sommarsleg" ramme rundt det heile! Søndagsskulen og søndagsringen tek med dette sommarferie, og startar opp att til hausten.

Sjå fleire bilete i serien under:

Fogn med ny siger på heimebane!

Fogn - Julebygda: 6-4 (3-3). Fogn IL sitt A-lag vann sin andre av to mulige heimekampar då dei slo botnlaget Julenbygda fredag kveld. Men sigeren kom ikkje lett, og keeper Trond Egil Sivertsen måtte stå som to mann ved eit par høve i andre omgang, då bortelaget pressa på for utlikning.

Fogn hadde ein stor tropp på heile 18 mann som møtte opp i god tid før kampstart, og fekk varma nokså godt opp på den regntunge grasbanen. Heimelaget kom også godt  i gang med kampen, og skåra to mål før det var gått 15 minutter. Først var det Rasmus Skartveit som hoppa opp og stussa eit frispark frå Sigve Bø i mål, før Håvard Østhus sette inn 2-0 med høgrefoten, også dette etter frispark frå Sigve Bø. 

Så virka det som om Fogn tok litt for lett på oppgåva mot tabelljumboen frå Julebygda, og slapp dei inn i kampen både ein, to og tre gonger, slik at bortelaget plutseleg var i leiinga, 2-3.

Fogn fekk den viktige utlikninga rett før pause, då Rasmus Skartveit slo ein corner frå høgre. I feltet sette Olav Østhus ballen kontrollert i mål med høgrefoten til 3-3, som også var stillinga då laga gjekk til pause.

Andreomgang starta nesten som den første, med to nokså kjappe skåringar frå Fogn. Jakob Bø spelte først gjennom Sergejs Kononov som ikkje gjorde nokon feil åleine med keeper, 4-3! Deretter sette Jakob sjølv eit frispark frå omlag 25 meter vakkert i mål, 5-3!

Igjen la Fogn seg litt nedpå etter å ha opna godt, og det var eigentleg ikkje ufortent at Julebygda sette inn reduseringa til 5-4 på ein retur etter frispark frå omlag 20 meter. 

No byrja det å verta mange slitne bein ute på banen, og Fogn sette inn fleire av dei mange innbyttarane sine. Og det var nettopp to innbyttarar som skulle avgjere kampen omlag 10 minutter før slutt. Ei lang klarering frå Fognforsvaret vart jaga av spissduoen Daniel Hagen og Ørjan Bø Måkestad. Dei to hurtige spelarane sprang frå midstopparen til Julebygda, og Daniel fekk tuppa ballen vidare til Ørjan i duell med keeper. Ørjan kunne plassere ballen trygt i det tomme buret, 6-4!

Etter kampen var det både glede over tre nye poeng, men også litt usikkerheit knytta til eigen form blant heimelaget sine spelarar. Julebygda har berre skåra fire mål på dei første fire kampane i år, så at dei skårer fire mål i ein kamp mot Fogn kan verka litt urovekkande.

Neste fredag (5. juni) er det klart for bortekamp mot eit anna botnlag, Riska 4, før det vert kamp mot Finnøy 2 på Leikvoll tysdag 9. juni. Med full pott i desse kampane får Fogn ei god luke ned til laga som kjemper i botnen, og kan sjå oppover på tabellen.

KAMPFAKTA

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Pål Rune Grønås
Jakob Bø
Johannes Hovda
Olav Østhus
Rasmus Skartveit
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Benytta reservar:
Lars Olav T Bøe
Ørjan Bø Måkestad
Daniel Hagen
Kristoffer Runestad
Malvin Skartveit
Andreas Hagenes Bøe
Vadim

Fogn sine mål:
Rasmus
Håvard
Olav
Sergejs
Jakob
Ørjan

Fogn sine assist:
Sigve x 2
Jakob x 2
Rasmus
Daniel

Fogn sine gule kort:

Trond Egil Sivertsen
Sigve Bø

 

Elbilfilm sett 100 000 gonger!

Til årets 17. maiunderhaldning hadde komiteen mellom anna laga ein film der ein påstått elbileigar vart intervjua om kvifor han køyrde elbil. Dette klippet har blitt flittig delt i sosiale medier, og var per onsdag 27. mai sett ikkje mindre enn 100 000 gonger! Det vil altså seie at på dei 10 dagane etter 17. mai, så har filmen i snitt vorte sett sju gonger kvart minutt, døgnet rundt. 

Den dagen flest var inne og kikka, var onsdag 20. mai, då filmen hadde nærmare 23 000 visningar. Til samanlikning kan det nemnast at "hiten" frå 17. mai i fjor, filmen "Hyss på Fogn", totalt har vorte sett omlag 10 000 gonger. Denne vart også plukka opp av Aftenbladet.no og publisert der. Det har ikkje elbilfilmen vorte, den har stort sett vorte delt i sosiale medier, noko som tydelegvis kan gi mange treff...

Har du ikkje sett videoen, eller vil du sjå han igjen? Klikk "play" under:

Klart for søndagstur 31. mai

Ut på tur, aldr sur! Dette melder gruppa som arrangerer søndagstur kvar månad på Fogn. Dette plar vera siste søndagen i månaden, og på den siste dagen denne månaden, søndag 31. mai, er det klart for ny fellestur. Denne gongen er destinasjonen Sulsøynå, og det er oppmøte på Hovdakaien kl. 14.00. 

Det vert tent opp bål, så det vil vera moglegheiter for grilling. Vel møtt!

Arr: Fogn IL, Helselaget og Speidaren.

Klart for historias femte Tour de Fogn!

Siste helga i juni går historias femte Tour de Fogn av stabelen. Sykkelrittet har vorte meir og meir populært, og har dei siste åra inkludert eit eige opplegg for borna på laurdagen. 

"Hovudrittet" består framleis av tre etappar. Det er ein prolog på ca. 4 km på fredag, to rundar rundt øya på laurdag og ein klatreetappe på søndag. Det vert også dette året gjort litt ekstra stas på den beste syklisten over 60 år, i tillegg til at vinnarane av hovudklassane (dame- og herreklassen) sjølvsagt vil verta premierte. 

På laurdagen, etter at dei to rundane er gjennomførte (omlag kl. 15.30), vil det bli eit lite sykkelritt for borna. Det vil også verta eit opplegg for alle som høyrer til i klassen "Vi som kanskje skal sykle til neste år", for dei plar det vera mange av nettopp under Tour de Fogn-helga... Møt opp med sykkel, hjelm og eit smil, og sjå kva som skjer:)

Når det gjeld "hovudrittet", har vi desse reglane:

  • Alle over 16 år er velkomne til å delta
  • Alle skal sykla med hjelm
  • Det er ikkje lov med racersykkel
  • Syklinga foregår på open veg og på eigen risiko. Trafikkreglane gjeld
  • Startkontingent på 100 kr vert betalt ved oppmøte på 1. etappe

Då er det berre å melde seg på, og rittgeneral Ivar Opsal understreker også i år at Tour de Fogn er for ALLE, uansett om dei har trent mykje, lite eller ingenting i forkant av rittet. Bruk påmeldingsskjemaet under, og les meir om dei ulike etappane nedst i denne saka,

Etappe 1 - Prolog med individuell start

TID: Fredag 26. juni kl. 18.30
START OG MÅL: Pakkeriet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake, altså ein tur på snaue fire kilometer. Det høyrest kanskje ikkje så tungt ut, men når du gir alt heile vegen, så vil det nok merkast undervegs... Syklistane startar ein og ein, med to minutters mellomrom. Den som fullfører på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

 

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart

TID: Laurdag 27. juni kl. 14.30
START OG MÅL: Skulen

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle starter samla, og den som kjem først i mål (skulen) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

TID: Søndag 28. juni kl. 12.30
START: Skulen
MÅL: Kyrkja

Den siste etappen er kanskje den hardaste av dei alle. Starten går frå skulen, og retningen er mot Hovda. På Runastad går løypa til venstre og over Høgaste, før ferda går vidare over Varland og mot østsida av Fogn, via Sæbøkrossen. Når syklistane igjen kjem til Runastad køyrer dei no tilbake forbi skulen, via Eide. Innspurten går oppover Bøbakkane mot mål ved kyrkja på Varland. 

Den som har best totaltid etter desse tre etappane, er vinnar av Tour de Fogn 2015!

Folkemøte om samferdsel på Finnøy

Tysdag 19. mai klokka 18.30 vert det folkemøte om samferdsel i auditoriet på Rygjabø på Judaberg. Det er fylkessamferdselssjef Gottfried Heinzerling som kjem for å orientera om om planarbeidet kring Areal og transportplanen for Ryfylke, i tillegg til status i planarbeidet for gang og sykkelsti Judaberg - Reilstad. Heinzerling vil gjerne seie noko om korleis det går med prosjektet "Øyfast", som handlar om å binda dei aller fleste av øyane i Finnøy til fastlandet.

Alle er velkomne på møtet, som altså startar klokka 18.30.