Klart for historias femte Tour de Fogn!

Siste helga i juni går historias femte Tour de Fogn av stabelen. Sykkelrittet har vorte meir og meir populært, og har dei siste åra inkludert eit eige opplegg for borna på laurdagen. 

"Hovudrittet" består framleis av tre etappar. Det er ein prolog på ca. 4 km på fredag, to rundar rundt øya på laurdag og ein klatreetappe på søndag. Det vert også dette året gjort litt ekstra stas på den beste syklisten over 60 år, i tillegg til at vinnarane av hovudklassane (dame- og herreklassen) sjølvsagt vil verta premierte. 

På laurdagen, etter at dei to rundane er gjennomførte (omlag kl. 15.30), vil det bli eit lite sykkelritt for borna. Det vil også verta eit opplegg for alle som høyrer til i klassen "Vi som kanskje skal sykle til neste år", for dei plar det vera mange av nettopp under Tour de Fogn-helga... Møt opp med sykkel, hjelm og eit smil, og sjå kva som skjer:)

Når det gjeld "hovudrittet", har vi desse reglane:

  • Alle over 16 år er velkomne til å delta
  • Alle skal sykla med hjelm
  • Det er ikkje lov med racersykkel
  • Syklinga foregår på open veg og på eigen risiko. Trafikkreglane gjeld
  • Startkontingent på 100 kr vert betalt ved oppmøte på 1. etappe

Då er det berre å melde seg på, og rittgeneral Ivar Opsal understreker også i år at Tour de Fogn er for ALLE, uansett om dei har trent mykje, lite eller ingenting i forkant av rittet. Bruk påmeldingsskjemaet under, og les meir om dei ulike etappane nedst i denne saka,

Etappe 1 - Prolog med individuell start

TID: Fredag 26. juni kl. 18.30
START OG MÅL: Pakkeriet

Etappen går frå pakkeriet, over flata til misjonshumpen, og tilbake, altså ein tur på snaue fire kilometer. Det høyrest kanskje ikkje så tungt ut, men når du gir alt heile vegen, så vil det nok merkast undervegs... Syklistane startar ein og ein, med to minutters mellomrom. Den som fullfører på kortast tid, vinn etappen og leiar rittet.

 

Etappe 2 - Landeveisritt med fellesstart

TID: Laurdag 27. juni kl. 14.30
START OG MÅL: Skulen

Etappen går to rundar rundt Fogn, og feltet køyrer i retning Varland. Alle starter samla, og den som kjem først i mål (skulen) etter to rundar, har vunne etappen. Den som samla sett har best tid etter dei to første etappane, leiar rittet.

 

Etappe 3 - Klatreetappe med fellesstart

TID: Søndag 28. juni kl. 12.30
START: Skulen
MÅL: Kyrkja

Den siste etappen er kanskje den hardaste av dei alle. Starten går frå skulen, og retningen er mot Hovda. På Runastad går løypa til venstre og over Høgaste, før ferda går vidare over Varland og mot østsida av Fogn, via Sæbøkrossen. Når syklistane igjen kjem til Runastad køyrer dei no tilbake forbi skulen, via Eide. Innspurten går oppover Bøbakkane mot mål ved kyrkja på Varland. 

Den som har best totaltid etter desse tre etappane, er vinnar av Tour de Fogn 2015!

Folkemøte om samferdsel på Finnøy

Tysdag 19. mai klokka 18.30 vert det folkemøte om samferdsel i auditoriet på Rygjabø på Judaberg. Det er fylkessamferdselssjef Gottfried Heinzerling som kjem for å orientera om om planarbeidet kring Areal og transportplanen for Ryfylke, i tillegg til status i planarbeidet for gang og sykkelsti Judaberg - Reilstad. Heinzerling vil gjerne seie noko om korleis det går med prosjektet "Øyfast", som handlar om å binda dei aller fleste av øyane i Finnøy til fastlandet.

Alle er velkomne på møtet, som altså startar klokka 18.30.

 

Storvegs feiring i flott vèr!

17. mai 2015  - 19.jpg

Årets 17.mai-feiring på Fogn var venta å verta ei våt oppleving, då meteorologane hadde varsla til dels store nedbørsmengder på nasjonaldagen. Slik vart det ikkje, eller i alle fall ikkje mellom klokka 09.30 - 15.00, altså i det tidsrommet vèret gjerne kunne vise seg frå si beste side (noko det gjorde!).

Feiringa var nokså tradisjonell med tog til kyrkja, der det var ei samling før toget vendte attende til oppvekstsenteret til matøkt og leiker for små og store!

Om kvelden var det folkefest med imponerande godt oppmøte, når ein tek i betraktning at 17. mai i år var avslutninga på ei langhelg, og folk flest skulle på jobb eller skule på måndag 18. mai. Tom Hetland hadde tale denne kvelden, då det også vart vist fleire filmar som hadde blitt produserte av 17. maikomiteen. Desse filmane kan du sjå ved å klikka HER.

Under er ein god del bilete frå dagen. Dei fleste bileta er knipsa av Karianne Østhus.

17. maiprogram og informasjon

Vi har kome fram til 17. mai-helga, og vèrmeldingane viser mindre og mindre regn for nasjonaldagsfeiringa på Fogn... Det kan likevel vère lurt å ha med ein paraply og gjerne kle seg litt ekstra godt, for det vil nok kome nokre dråpar, i tillegg til at temperaturen ikkje ser ut til å verte tosifra denne dagen. Det ein IKKJE treng å gjere, er å reise ekstra over til Finnøy for å ta ut kontanter, 17. maikomiteen melder nemleg om at dei har betalingsterminal for bankkort i år!

Elles er programmet nokså tradisjonelt, og ser slik ut:

Kl. 09.30 - Samling ved flagget på oppvekstsenteret. Messing spelar. Deretter går folketoget.

Kl. 10.30 - Samling i kyrkja. Tale ved Johannes Hovda og barnas tale ved elevar. 
                 Toget returnerer til oppvekstsenteret når samlinga er over.

Kl. 11.30 - Matøkt. Ta med stolar og bord slik me pleier å gjera. Kiosk med bla. pølser, is og brus!

Kl. 12.30 - Leiker for små og store.

Kl. 14.30 - Premieutdeling

Kl. 19.30 - Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover. Tom Hetland er festtalar i år.
                 Inngongspengar kr 250,- per person.

Vel møtt til ein festdag!

Helselaget stilte med lunsj og gåve!

Onsdag 13. mai kom helselaget på Fogn på besøk til Fogn oppvekstsenter. Og ikkje berre kom dei med sitt blide åsyn, dei hadde med lunsj og gåve til borna! 

Klokka 10.30 var det fleire fint dekka bord som sto klare til å ta imot både barnehageborn, elevar og tilsette. Då hadde helselagsgjengen alt svingt seg på kjøkkenet i ein times tid, og kunne servera tomatsuppe med egg og makaroni. I tillegg var det diverse å velgja i for dei som ikkje er så glade i tomatsuppe... Men før maten overrakte leiar i helselaget, Reidunn Østhus, ei gåve til elevane fordi dei har vore så flinke i konkurransen "Hopp for hjertet", som Nasjonalforeningen for folkehelsen har gjennomført i mai. Elevane har i løpet av dei siste to vekene hoppa tau i omlag 18 000 minutter til saman, noko helselaget ville premiera ved å gi ei pengegåve til elevrådet, som skal få bestemma korleis pengane skal nyttast på noko kjekt til elevane. Leiar i elevrådet, Jørgen Bø, tok imot og takka på vegne av elevane.

Så fulgte ein lang og god lunsj, og då alle var gode og mette, leverte helselaget også på ryddefronten! Ein flott avslutning inn mot 17.mai-helga! 

Under er fleire bilete frå lunsjen:

Flott konfirmasjonsdag på Fogn!

Prest Terje Engstrøm med årets fognakonfirmantar: Karl Fredrik Måland, Silje Nordø Østhus, Julie Bø, McKenzie Ward og Kaja Sunde.

Prest Terje Engstrøm med årets fognakonfirmantar: Karl Fredrik Måland, Silje Nordø Østhus, Julie Bø, McKenzie Ward og Kaja Sunde.

Søndag 10. mai var det konfirmasjonsgudsteneste på Fogn. I og med at det, i tillegg til fem konfirmantar, også var to dåpsfylgjer, var kyrkja nokså smekkfull. Rammene rundt dagen var også flotte, med sol, lite vind, og ikkje høgare temperatur enn at bunad var akkurat passe varmt!

Under er nokre bilete frå samlinga i kyrkja: