Surt bortetap i lokalderbyet

Bilde 04.05.15, 19.54.41.jpg

Finnøy - Fogn: 3-1 (1-0) Sesongens første av heile fire møter med dei raudkledte frå naboøya Finnøy endte med 3-1 tap for Fogn. No skal det seiast at dette nok var det vanskelegaste oppgjeret av dei fire, men likevel er det surt å tape slike kampar som dette.

Fogn møtte for ein gongs skuld tidleg opp til kamp, og var nokså gode og varme då laga kom gåande inn på banen, alle spelarane hand i hand med kvar sin unge fotballspelar frå Finnøy sine aldersbestemte lag. Når det i tilllegg kom mykje folk på den nysnekra tribunen, så var det ei god ramme rundt det prestisjefylte oppgjeret. 

Fogn starta friskast og budde nærmast på Finnøy sin banehalvdel dei første minuttene av kampen. Etterkvart tok Finnøy meir over, og hadde nokre fine kombinasjonar på høgresida, og det var nettopp ein slik fin kombinasjon som skulle føre til det første målet. Finnøy kom seg rundt på høgresida, og slo inn på bakerste stolpe der Talgjebuen Håkon Kavli hadde sprunge seg fri, og kunne sette inn 1-0 til vill jubel frå heimelag og tilskodarar.

Etter dette var det Fogn som fekk den største sjansen før pause, då Johannes Hovda slo eit presist frispark frå høgre. Ole Jakob Kjølvik var konge i lufta og heada ballen like til side for mål. Keeper var utspelt, så hadde den gått innanfor stengene ville det stått 1-1, men no gjekk altså Finnøy til pause med 1-0.

I andreomgang løya medvinden, som hadde blåst Finnøy sin veg i førsteomgang. Ingen av laga klarte å skapa dei store sjansane, før Finnøy fekk frispark omlag 30 meter frå mål. Frisparket var godt slått, og keeper Trond Egil Sivertsen måtte gi retur. Der dukka Halsnøybuen Anders Eike opp og smalt inn 2-0 opp i nettaket.

Fogn såg etterkvart nokså resignerte ut, og då 3-0 målet kom, var det fleire Finnøyspelarar som sto å kør for å skåra. Til slutt var det nok ein Talgjebum, Per Steinsland, som kriga inn Finnøy si siste skåring. Ingen Finnøybuar teikna seg på skåringslista altså.

Mot slutten av kampen fekk Fogn sitt trøstemål. Fognaspiss Daniel Hagen snappa opp eit dårleg tilbakespel mot Finnøykeeperen, runda han, og sette ballen i det tomme målet frå 17-18 meter, 3-1, noko som også vart sluttresultatet.

Finnøy sin trenar, Heinz Jurgen Oeynhausen, hadde på førehand snakka om at Finnøy spelte fotball, i motsetning til Fogn som berre kriga. Det såg ikkje ut som om desse orda hadde festa seg i hans eigne spelarar, for det var heimelaget som jamnt over var tøffast i duellane og brukte mest tjuvtriks. Då dommaren ikkje slo hardt ned på dette førte det til at fleire av dei blåkledde også måtte ty til fysikken. Likevel vart det ingen raude kort eller straffar i oppgjeret, berre nokre gule kort til begge lag. 

Sjølv om Fogn ikkje gjorde nokon god figur i denne kampen må ein hugsa på at Finnøy i sin førre heimekamp slo 5. divisjonslaget Storhaug 6-0 i Rogalandscupen. Heilt svart er det altså ikkje etter 3-1 tapet, og dei blåkledte ser no fram mot heimekampen mot Finnøy 1 og dei to kampane mot Finnøy 2 med forventning om å få med seg nokre poeng i desse kampane.

KAMPFAKTA

Fogns sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Sigve Bø
Ivar Opsal
Olav Østhus
Rasmus Robson Skartveit
Jakob Bø
Johannes Hovda
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Ørjan Bø Måkestad

Benytta reservar:
Rolf B. Østhus
Daniel Hagen
Malvin Skartveit
Lars Olav T Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Andreas Hagenes Bø

Fogn sitt mål:
Daniel

Fogn sine gule kort:
Johannes
Rolf

 

Foto: Julie Bø

Fin søndagstur til Selvågneset

Søndag 26. april gjennomførte Fogn IL, Helselaget og Speidaren felles søndagstur til Selvågneset. Leiar av Fogn IL, Heidi Bø Sangedal, meldar om at om lag 50 personar deltok på turen. Andreklassingen Filip bada, medan fleire andre vart våte på føtene. Mange tok søndagsmiddagen utandørs, og grilla pølser og pinnebrød, men det heile fekk ein nokså brå slutt då regn og haglbyger gjorde at folk skunda seg heimover...

Heidi har, i tillegg til å gi ein kort rapport, sendt oss alle bileta i denne saka. Tusen takk!

Snudde til heimesiger!

Fogn sine tremålskårarar: Håvard, Ørjan og Sergej

Fogn sine tremålskårarar: Håvard, Ørjan og Sergej

Fogn - Austrått 3: 3-2 (0-0). Då Austrått gjekk opp i leiinga 2-1 berre eit kvarter før slutt, var det nok ikkje mange av dei frammøtte tilskodarane som hadde stor tru på tre heimepoeng denne fredagskvelden. Heldigvis ville det blåkledte heimelaget det annleis!

Etter det sviande bortetapet mot Orstad var Fogn fast bestemt på å vise seg frå ei betre side i årets første heimekamp. Rett nok hadde eindel Fognaspelarar meldt forfall før kampstart, men troppen på 15 mann skulle likevel kunne være sterk nok til å slå Austrått, som tapte sin første seriekamp heime mot FInnøy.

Kampen starta særs jamnt, og det vart fort klart at dette var to nokså like gode lag. Fogn var likevel hakket meir komfortable på den våte og lett humpete banen, og kom til fleire store sjansar i 1. omgang, utan at det resulterte i skåringar. 

I pausen var tonen klar: Dette er eit lag vi kan og skal slå! Det var også Fogn som hadde eit lite overtak i byrjinga av den andre omgangen, og det var difor ikkje ufortent at dei fekk det første målet denne kvelden. Johannes Hovda slo ein ball framover på høgresida av Austrått sin banehalvdel. Sergej Kononov lot ballen gå mellom beina, og så var Håvard Østhus plutseleg åleine med keeper. Han kunne trilla ballen enkelt i næraste hjørne, 1-0!

I og med at Fogn hadde meir eller mindre styrt kampen til no, skulle ein gjerne tru at dette var tre trygge poeng, men det gjekk ikkje bortelaget med på. Dei skulle nemlig ikkje skåre ein, men to gonger på kort tid! Utlikninga kom etter ei god kontring der ballen til slutt vart slått over på venstresida og sett i mål via keeper Trond Egil Sivertsen. Deretter kom det andre målet nokså kjapt, etter ei glimrande enkeltmannsprestasjon, også denne gongen på bortelaget si venstreside. 

Då Fogn låg under 2-1 og det var eit kvarter igjen av kampen, gjorde spelande trenar Jakob Bø eit par grep som skulle visa seg å vera matchavgjerande. Ole Jakob Kjølvik, som hadde kome for seint til kampen pga eit seint fly frå Oslo, vart sett inn på høgresida, og formasjonen vart lagt om til 3-4-3. 

Kort tid etter fekk Fogn eit frispark langt framme i banen på høgresida. Jakob slo frisparket raskt til Ole Jakob, som akkurat rakk å slå inn foran mål før ballen gjekk over dødlinja. Keeper fekk slått ballen ut i feltet, men der sto berre ein annan innbyttar, Ørjan Klev Ladstein, og sette ballen kontant i mål med venstrefoten, 2-2!

No var det Fogn som hadde fått blod på tann, og då heimelaget fekk frispark omtrent på hjørnet av Austrått sin 16-meter, var det mange som kjente lukta av mål i lufta. Johannes tok oppstilling, og curla ballen så langt opp i venstre kryss at den traff stanga og spratt inn igjen foran mål. Der var Sergej Kononov vakent frampå, og sette ballen i det tomme buret, 3-2, og Fogn hadde snudd kampen!

Dei siste minuttene prøvde Fogn i stor grad å trygga leiinga, noko dei klarte, men berre såvidt. For tredje gong i kampen kom det ein stor sjanse frå Austrått si venstreside, og berre ein god Trond Egil Sivertsen hindra utlikning for bortelaget, noko som ville vore ein gedigen nedtur etter den utviklinga som kampen hadde fått.

Då dommaren bles i fløyta, vart det stor jubel frå både heimelag og publikum! Å vinna årets første heimekamp, og å gjera det på denne måten, kan vera viktig for heile resten av sesongen, og ikkje minst viktig inn mot neste kamp, bataljen borte mot Finnøy 1, måndag 4. mai klokka 20.00!

KAMPFAKTA

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Ivar Opsal
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Håvard Østhus
Johannes Hovda
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Sergej Kononov
Malvin Skartveit

Benytta innbyttarar:
Ørjan Klev Ladstein
Ole Jakob Kjølvik
Andreas Hagenes Bøe
Harald Østhus

Fogn sine mål:
Håvard Østhus
Ørjan Klev Ladstein
Sergej Kononov

Fogn sine assists:
Johannes Hovda x 2
Ole Jakob Kjølvik

Gule kort: Ingen!

Tap i serieopninga, men ny sjanse fredag!

Det var berre Johannes Hovda av Fognspelarane som hadde grunn til å smila etter serieopninga. Likevel tok dei fleste turen til McDonalds for å "feira" etter bortetapet...

Det var berre Johannes Hovda av Fognspelarane som hadde grunn til å smila etter serieopninga. Likevel tok dei fleste turen til McDonalds for å "feira" etter bortetapet...

ORSTAD - FOGN: 5-1 (3-0). Det gjekk om lag 4 sekunder av Fogn sin bortekamp mot Orstad, før heimelaget sette ballen i stolpen. Når det i tillegg var Fogn som hadde avspark i kampen, seier det litt om at dei blåkledde vart nokså overkøyrde frå start. Kampen skulle eigentleg byrja klokka 18.00, men etter at eindel av Fognspelarane ikkje fant fram til banen tidsnok, måtte dommaren utsetja kampen i 15 minutter. Oppvarming vart då eit framandord for mange av bortelaget sine spelarar, og Orstad, som også hadde medvinden i ryggen, sette tre ballar i nettet bak keeper Trond Egil Sivertsen før det var gått 20 minutter. La oss difor fokusera mest på dei siste 70 minuttene av kampen...

Fogn kom betre med etterkvart, og særleg etter pause, då vinden blåste deira veg, var kampen jevn. Fogn trykka på for å få redusering, medan dei unge og oppglødde spelarane frå Orstad var farlege på kontringar. Det var nettopp ei kontring som førte til at heimelaget gjekk opp i leiinga 4-0. Då gjorde spelande trenar Jakob Bø ei omrokkering slik at Johannes Hovda kom opp på midtbanen frå sin stopparposisjon, og Jakob sjølv gjekk ned i forsvaret. Dette trekket svarte seg etter berre få minutter, då vi fekk kampens vakraste skåring. Johannes vann ballen på midten, og dreiv framover. Frå om lag 25 meter klemte han til med høgrefoten. Ballen gjekk som eit prosjektil inn i venstre hjørne, og Orstad sin keeper vart berre ståande og sjå etter ballen som landa i nettet, 4-1! Ei ny Orstadkontring førte til 5-1 før dommaren bles av kampen.

Dette var inga god serieopning for Fogn sin del. Samstundes vil det nok vere slik at også andre lag vil slite på den forblåste banen på Orstad. Vi må også hugse at kampstart klokka 18.00 passa særs dårleg for spelarane frå Fogn, som skulle reisa langt og difor ikkje rakk fram i tide. Heldigvis får Fogn ein ny sjanse alt på fredag, då Austrått 3 kjem på besøk. Dette laget hadde også ein dårleg seriestart, då dei tapte 3-1 mot Finnøy 1.

Me oppfordrar alle som har anledning til å ta turen til Fogn stadion fredag 24. april klokka 19.00, då det er avspark i årets første heimekamp!

KAMPFAKTA:

Fogn sitt lag:
Trond Egil Sivertsen
Martin Østhus
Johannes Hovda
Ivar Opsal
Pål Rune Grønås
Rasmus Robson Skartveit
Ole Jakob Kjølvik
Jakob Bø
Lars Olav Bøe
Malvin Skartveit
Håvard Østhus

Benytta innbyttarar:
Vadim Rukmans
Daniel Hagen
Rolf B Østhus
Andreas Bøe
Ørjan Klev Ladstein

Fogn sitt mål:
Johannes Hovda

Gule kort:
Rasmus Robson Skartveit
Johannes Hovda
 

Spanande årsmøte i grendalaget...

Då grendalaget arrangerte sitt årsmøte på oppvekstsenteret måndag 20. april, var det nok mange av dei 40-50 frammøtte som hadde kome for å høyre kva Karl Stefan Afradi hadde å seie om moglegheiten for å binde Fogn til fastlandet med tunnel og bruer vidare inn mot Fisterøyane og Halsnøy. Den 24 år gamle Høgrepolitikaren Afradi la fram bacheloroppgåva si på ein god måte, og fekk mange spørsmål frå salen. Hans råd til Fognbuen som ville bli knytta til fastlandet var klar: Lag mykje støy i rett retning for å få gjennom det de ynskjer. I tillegg bør de kommunisera at de er innstilte på å betala bompengar for å realisera dette prosjektet...

Men det var ikkje berre Karl Stefan Afradi som hadde spanande ting å kome med denne kvelden. Like etter at Afradi hadde snakka og svart på spørsmål, fekk nemleg Øyvind Sandanger ordet, som talsmann for Fogn Handel denne kvelden. Han kunne melde om at Fogn Handel kom til å overta butikken på Fogn, og at Ivar Opsal ville verta ny butikksjef. Butikken skal få ei oppussing, og så er planen å starte opp att omlag 1. juni, med ein "nyopningsfest". Årsmøtet klappa lenge og vel for desse nyheitene, og Fogn.org vil også vere med og ynskja Fogn Handel, og spesielt Ivar Opsal lukke til med butikkprosjektet!

Etter dette var det tid for matøkt og ei lita utlodning, før ein gjekk laus på sjølve årsmøtesakene. Det meste foregjekk utan den heilt store dramatikken, men det vart ein liten diskusjon kring dette som går på oppnemning av valnemnd (vedtektsendring), deira ansvarsområde, og kor mange kandidatar dei skal leggje fram for årsmøtet som skal velgje styre. Vala vert uansett gjennomført og vi fekk dette Grendalagsstyret for det komande året:

Kristoffer Østhus (1 år att, vart valt som leiar på årsmøtet)
Joar Sandanger (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Arnstein Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Janne Aano Bøe (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Harald Bøe (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Merethe Kindingstad (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Kathrine Flesjå (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 
Varamedlem: Johannes Hovda jr (1 år att, var ikkje på val på årsmøtet)
Varamedlem: Arne Straumstein (2 år att, vart valt inn på årsmøtet) 

Den nye valnemnda ser slik ut:

Tone Østebø (1 år att)
Oddny Kjølvik (2 år att)
Jakob Bø (3 år att)

Ottar Sandanger vart attvalt til revisor.

Årsmeldinga frå Grendalaget og referat frå årsmøtet vil verta lagt ut på Fogn.org når desse vert oversendt.