Strålande sol og enno ein ny rekord!

I strålande påskesol gjennomførte Fogn IL sin basar utanfor butikken påskeaftan, laurdag 4. april. Det var ein heil del folk innom loddsalet heile føremiddagen, men det toppa seg naturleg nok då trekninga nærma seg klokka 14.00. Då kunne leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal, melda om at det også dette året vart inntekstsrekord. Over 73 000 kroner går til arbeidet med å laga til eit nytt leikeområde i samband med nærmiljøanlegget ved Fogn oppvekstsenter!

Gevinstane vart til slutt godt spreidde blant dei 2-300 frammøtte, som alle såg ut til å kosa seg i det fine vèret, og gleda seg over at det vart salsrekord, også i år!

Under er nokre fleire glimt frå årets påskebasar

Informasjon om Fogn IL sin påskebasar

Påskebasaren i 2014 baud på både publikums- og salsrekord!

Påskebasaren i 2014 baud på både publikums- og salsrekord!

Av alt som skjer i påska på Fogn, så er det nok ikkje noko som samlar meir folk enn Fogn IL sin påskebasar. Idrettslaget ynskjer å kome med litt meir informasjon om basaren, mellom anna med gevinstliste, slik at folk kan få enno meir lyst til å kjøpe fleire lodd...

Nytt av året er at det vert mogleg å kjøpe lodd, og betale med bankkort. Fogn IL har med seg ein betalingsterminal under salet onsdag, og denne er også tilgjengeleg på butikken på laurdag. Loddsalet på butikken startar kl. 09.00 på laurdag, og trekninga vert klokka 14.00. Inntektene går til nytt nærmiljøanlegg ved oppvekstsenteret, og det vert servering av lappar, kake og kaffi heile dagen. 

Fogn IL ynskjer å takka det lokale næringslivet for gevinstar! Kven som har gitt kva, kan de sjå på gevinstlista ved å klikke HER.

No vert dette svindyrt!

Det er ikkje lenge sidan styret i Finnfast sende brev til samferdselsministeren med spørsmål om departementet hans kunne kompensera for tapte inntekter i bommen på Hanasand, etter at svært mange køyrer elbil gjennom tunnelen. Elbilane betaler som kjent ingenting ved passering av bommen, men samferdselsdepartementet ville heller ikkje betala for gratispasseringane, skreiv dei i eit brev til styret i Finnfast. Les meir om dette ved å klikke HER.

No syner det seg at samferdselsdepartementet likevel har funne ein måte som gjer at også elbileigarane må vere med og finansiera Finnfastprosjektet. Dei har nemleg bestemt at sjåførar med elbil frå og med 1. mai 2015 må betala ferjebillett som om dei køyrde ein middels stor lastebil (10-12 meter). Billettpris før rabatt vil då verte 386 kroner mellom Fogn og Judaberg, og enno meir for dei som reiser til Finnøy frå øyane nord i kommunen. Mange vil nok hevde at dette er ei urettferdig ordning, der dei som kanskje ikkje får størst nytte av Finnfast får den største rekninga. Det kan sjå ut som om samferdselsdepartementet har tenkt på dette, då dei skriv i eit brev til Finnfaststyret at:

"Vi er klar over at dette rammer hardt, men i et valgår som dette er vi først og fremst opptatt av at det ikke rammer så mange. En må også huske på at sjåføren av elbilen er inkludert i denne nye prisen". 

Leiar i Fogn grendalag, Kristoffer Østhus, reagerer som venta sterkt på dette vedtaket, og manar folket på Fogn og elles på dei ikkje-landfaste øyane i kommunen til å seie ifrå at dette ikkje er greitt. "Eg vil ikkje oppfordre til sivil ulydigheit, som å t.d. gøyme elbilen på toalettet under overfarten eller enkelt og greit setje på ein CD med motorlyd på anlegget, og hevde at det er ein bensinbil. Her må folk først og fremst nytte lovlege kanalar, som t.d. å sende inn ei klage til samferdselsdepartementet der dei grunngir kvifor denne ordninga vert så riv ruskande gal" seier Østhus til Fogn.org.

Fogn.org deler, ikkje uventa, grendalagsleiaren sitt syn i denne saka, og vil leggja til rette for at folk på ein enkel måte kan seie si meining til samferdselsdepartementet. Difor legg vi ut eit enkelt skjema der alle som ynskjer det kan leggje igjen sitt namn og ei melding, som vi vil syta for å vidareformidla til samferdselsdepartementet. Kvart namn på lista er eit steg nærare å setja ein stoppar for iverksettinga av denne urettferdige ordninga.

Takk for at du er med og bidreg til å halda liv i "den lyse og levande" øya vår!

Snart tid for årsmøte i grendalaget

Grendalaget sitt årsmøte for 2014 vert halde på Oppvekstsenteret  torsdag 16. april kl. 19.00.

Karl Stefan Afradi kjem og snakkar om bacheloroppgåva skriven i 2014 om: ”Fastlandsforbindelse Fogn i Finnøy Kommune”. Afradi er fylkesleiar for Rogaland Unge Høyre, og jobbar som ingeniør. Han er 24 år.

Elles vert det vanlege årsmøtesaker som:

-      Val av møteleiar, referent og representant(ar) til å godkjenne og underteikne referatet
-      Godkjenning av styre si årsmelding og rekneskap for føregåande år
-      Forslag til vedtektsendring. Oppretting av valnemd?
-      Andre innkomne forslag (må meldas formann kristoffer@osthus.as innan 02. april -15).
-      Val av styremedlemmar, og styret sin leiar
-      Val av revisor

Det vert servering av kaffi, kaker og frukt.
Til slutt utloddning, der inntektene går til Grendalaget.                               

Gevinstar mottas med takk!                                                              

Arr. Fogn Grendalag

"Egglixia" er offisielt opna!

Laurdag 28. mars klokka 14.00, var det offisiell opning av det nye styrkerommet i det gamle hønsehuset til Oddny og Terje Kjølvik. Omlag 25 personar møtte opp, og fekk sjå treningsguru og primus motor Lasse Hovda demonstrere korleis ein kan nytta dei ulike apparata. Det vart også kjent kva for eit namn som hadde vunne fram som namnet på det nye styrkerommet. Avstemminga gav denne prosentvise fordelinga av stemmene:

Namnet "Egglixia" gjekk altså av med sigeren, med 50% av stemmene. Så no kan vi berre seie "Egglixia" der vi til no har sagt "Det nye styrkerommet i det gamle hønsehuset til Oddny og Terje"...

Kristian S Iversen var fotograf under opninga, og har sendt oss alle bileta i denne saka. Tusen takk Kristian!