Informasjon om Fogn IL sin påskebasar

Påskebasaren i 2014 baud på både publikums- og salsrekord!

Påskebasaren i 2014 baud på både publikums- og salsrekord!

Av alt som skjer i påska på Fogn, så er det nok ikkje noko som samlar meir folk enn Fogn IL sin påskebasar. Idrettslaget ynskjer å kome med litt meir informasjon om basaren, mellom anna med gevinstliste, slik at folk kan få enno meir lyst til å kjøpe fleire lodd...

Nytt av året er at det vert mogleg å kjøpe lodd, og betale med bankkort. Fogn IL har med seg ein betalingsterminal under salet onsdag, og denne er også tilgjengeleg på butikken på laurdag. Loddsalet på butikken startar kl. 09.00 på laurdag, og trekninga vert klokka 14.00. Inntektene går til nytt nærmiljøanlegg ved oppvekstsenteret, og det vert servering av lappar, kake og kaffi heile dagen. 

Fogn IL ynskjer å takka det lokale næringslivet for gevinstar! Kven som har gitt kva, kan de sjå på gevinstlista ved å klikke HER.

No vert dette svindyrt!

Det er ikkje lenge sidan styret i Finnfast sende brev til samferdselsministeren med spørsmål om departementet hans kunne kompensera for tapte inntekter i bommen på Hanasand, etter at svært mange køyrer elbil gjennom tunnelen. Elbilane betaler som kjent ingenting ved passering av bommen, men samferdselsdepartementet ville heller ikkje betala for gratispasseringane, skreiv dei i eit brev til styret i Finnfast. Les meir om dette ved å klikke HER.

No syner det seg at samferdselsdepartementet likevel har funne ein måte som gjer at også elbileigarane må vere med og finansiera Finnfastprosjektet. Dei har nemleg bestemt at sjåførar med elbil frå og med 1. mai 2015 må betala ferjebillett som om dei køyrde ein middels stor lastebil (10-12 meter). Billettpris før rabatt vil då verte 386 kroner mellom Fogn og Judaberg, og enno meir for dei som reiser til Finnøy frå øyane nord i kommunen. Mange vil nok hevde at dette er ei urettferdig ordning, der dei som kanskje ikkje får størst nytte av Finnfast får den største rekninga. Det kan sjå ut som om samferdselsdepartementet har tenkt på dette, då dei skriv i eit brev til Finnfaststyret at:

"Vi er klar over at dette rammer hardt, men i et valgår som dette er vi først og fremst opptatt av at det ikke rammer så mange. En må også huske på at sjåføren av elbilen er inkludert i denne nye prisen". 

Leiar i Fogn grendalag, Kristoffer Østhus, reagerer som venta sterkt på dette vedtaket, og manar folket på Fogn og elles på dei ikkje-landfaste øyane i kommunen til å seie ifrå at dette ikkje er greitt. "Eg vil ikkje oppfordre til sivil ulydigheit, som å t.d. gøyme elbilen på toalettet under overfarten eller enkelt og greit setje på ein CD med motorlyd på anlegget, og hevde at det er ein bensinbil. Her må folk først og fremst nytte lovlege kanalar, som t.d. å sende inn ei klage til samferdselsdepartementet der dei grunngir kvifor denne ordninga vert så riv ruskande gal" seier Østhus til Fogn.org.

Fogn.org deler, ikkje uventa, grendalagsleiaren sitt syn i denne saka, og vil leggja til rette for at folk på ein enkel måte kan seie si meining til samferdselsdepartementet. Difor legg vi ut eit enkelt skjema der alle som ynskjer det kan leggje igjen sitt namn og ei melding, som vi vil syta for å vidareformidla til samferdselsdepartementet. Kvart namn på lista er eit steg nærare å setja ein stoppar for iverksettinga av denne urettferdige ordninga.

Takk for at du er med og bidreg til å halda liv i "den lyse og levande" øya vår!

Snart tid for årsmøte i grendalaget

Grendalaget sitt årsmøte for 2014 vert halde på Oppvekstsenteret  torsdag 16. april kl. 19.00.

Karl Stefan Afradi kjem og snakkar om bacheloroppgåva skriven i 2014 om: ”Fastlandsforbindelse Fogn i Finnøy Kommune”. Afradi er fylkesleiar for Rogaland Unge Høyre, og jobbar som ingeniør. Han er 24 år.

Elles vert det vanlege årsmøtesaker som:

-      Val av møteleiar, referent og representant(ar) til å godkjenne og underteikne referatet
-      Godkjenning av styre si årsmelding og rekneskap for føregåande år
-      Forslag til vedtektsendring. Oppretting av valnemd?
-      Andre innkomne forslag (må meldas formann kristoffer@osthus.as innan 02. april -15).
-      Val av styremedlemmar, og styret sin leiar
-      Val av revisor

Det vert servering av kaffi, kaker og frukt.
Til slutt utloddning, der inntektene går til Grendalaget.                               

Gevinstar mottas med takk!                                                              

Arr. Fogn Grendalag

"Egglixia" er offisielt opna!

Laurdag 28. mars klokka 14.00, var det offisiell opning av det nye styrkerommet i det gamle hønsehuset til Oddny og Terje Kjølvik. Omlag 25 personar møtte opp, og fekk sjå treningsguru og primus motor Lasse Hovda demonstrere korleis ein kan nytta dei ulike apparata. Det vart også kjent kva for eit namn som hadde vunne fram som namnet på det nye styrkerommet. Avstemminga gav denne prosentvise fordelinga av stemmene:

Namnet "Egglixia" gjekk altså av med sigeren, med 50% av stemmene. Så no kan vi berre seie "Egglixia" der vi til no har sagt "Det nye styrkerommet i det gamle hønsehuset til Oddny og Terje"...

Kristian S Iversen var fotograf under opninga, og har sendt oss alle bileta i denne saka. Tusen takk Kristian!

Det skjer på Fogn i påska!

Påskefeiringa på Fogn er alt godt i gong etter at jentelaget sin påskebasar vart arrangert på bedehuset fredag 27. mars. Mange folk møtte opp, og ein måtte opna opp dørene til ekstrasalen oppe for at alle skulle få ein plass å sitje. Det ser altså ut til å vere mykje folk på Fogn i påska, og dei som er her, har mykje å bli med på!

Laurdag 28. mars kl. 14.00
Opning av styrkerommet.
Vi serverer frukt og tomater. Namnet på styrkerommet vil bli offentliggjort og premiert. 
Lasse viser teknikk og bruk av utstyr.
Arr: Fogn IL

Onsdag 1. april frå kl. 18.00
Loddselgjerar kjem på dørene i hus og hytter. Inntektene går til Fogn IL, og skal nyttast til apparat for leik og trening ved Fogn Oppvekstsenter.

Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset.
Inge Sirevåg talar. 
Arr: Fogn Bedehusforening

Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen.
Parkering ved Erås museum, eller gå frå der du vil, så møtest vi ved bekken. 
Helselaget har ein quiz og serverer frukt.
Arr: Fogn helselag, Speidaren og Fogn IL

Langfredag kl. 10.30
Gudsteneste v/Terje Engstrøm.
Song ved June Joanna Hovda.

Påskeafta
Loddsal ved butikken frå kl. 09.00. Servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekning kl. 14.00.
Arr: Fogn IL

1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset.
Ola Aasland Vold talar.
Anne Strøm Østhus syhg.
Kollekt til NLM.
Arr: Fogn Misjonslag (NLM)

1. Påskedag kl. 18.30
Familiegudsteneste v/ Anders Kvalevåg.
Song ved TøfFOGNådig og Fognakoret.
Nattverd.
Takkoffer til Opne dører.

Velkommen på arrangement i påska!

Ekstra kjekke dagar før påskeferien!

Born og tilsette ved Fogn oppvekstsenter har hatt innhaldsrike dagar no rett før påskeferien! I løpet av torsdag og fredag har dei feira ein 60-årsdag, vore på påskegudsteneste og gått på påsketur med eggkoking og pølsegrilling. Alt dette i tillegg til å ha lært matte, norsk og mykje meir!

Les meir om dei ulike hendingane, og sjå fleire bilete på oppvekstsenteret si eiga heimeside ved å klikke HER.