Kva skal rommet heite?

Det nye styrkerommet i det gamle hønsehuset hjå Oddny og Terje Kjølvik vil verta offisielt opna laurdag 28. mars klokka 14.00. Då vil det også bli kjent kva for eit namn rommet har fått. Leiar i Fogn IL, Heidi Sangedal, har fått inn mange gode tips, og har saman med ein komitè kome fram til tre forslag som det skal røystast over. Forslaga er:

  • "Fogn fjosstyrke"
  • "Hunshuset styrk og strekk"
  • "Egglixia"

Det er mogleg å røyste ein gong per datamaskin/telefon/nettbrett, men det må røystast før laurdag klokka 14.00.

Sei di meining ved å klikke HER.

Glimt frå konserten på laurdag

Omlag 120 personar møtte opp i kyrkja laurdag kveld, då country gospel - gruppa Jan, Vidar og Asbjørn hadde konsert. Mennene spelte både gamle "klassikarar" frå kyrkjer og bedehus, i tillegg til nokre "Shadowslåter" der gitaris Jan Pihlstrøm imponerte mange med fingerferdigheitene sine!  Det var ikkje "berre" Jan, Vidar og Asbjørn som var kome langveisfrå denne kvelden. Her kom også sjølvaste Lise Karlsen, kjend som ein av grunnleggjarane til Evangeliesenteret, og fortalte om si livshistorie. I tillegg måtte jo primus motor Svein Østhus få sleppa til litt innimellom, noko som førte til eindel humring og latter i salen då Svein fortalte fleire muntre historier. 

Konserten, som starta klokka 19.30, varte i godt over to timar, og det var ikkje slutt med det. Etterpå var det nemleg mange som hadde vore med og bidrege til den gode kveldsmaten, som vart servert i kyrkjekjellaren. Der nede gjekk også praten godt, slik at folk ikkje trakk heimover før  klokka nærma seg 23.00, mette på både mat og inntrykk!

Under er nokre glimt frå konserten:

Åpningsfest og navnekonkurranse!

Fogn IL vil invitere til offisiell åpningsfest av styrketreningsrommet den 28-mar-15 klokka 1400. Kom og se, bli inspirert og begynn å tren!!

Fogn IL ønsker også innspill til ett passende navn på det nye treningsrommet i løa til Oddny og Terje. Forslaget kan enten legges i konvolutten merket «Navneforslag» i løa, eller sendes på SMS til Heidi på 470 10 909. En komité vil deretter velge ut de 3 beste forslagene, og deretter så kjører vi avstemning på Fogn.org for å finne det endelige navnet. Merk at fristen for gode forslag er 22. mars. Det blir premie til vinneren!!

Informasjon om styrkerommet: Det er åpent for alle over 14 år. Parkering skjer ved pakkeriet, og det er viktig at man ikke parkerer foran lagerporten og inngangsdøra. Parkering skal ikke skje på tunet til Oddny og Terje!

Kjernetiden er mellom 15-21 hver dag, men rommet er også åpent på dagtid. Trening skjer på eget ansvar, og vi anbefaler at ingen trener alene. Lasse Hovda er tilstede onsdager fra klokken 1900 dersom noen trenger veiledning eller tips i forhold til apparatene. 

Priser for bruk av trimrom frem til 01-Jul-15 (dette inkluderer zumba/styrketrening i gymsal):              
200 NOK for medlemmer
400 for ikke-medlemmer,

Betaling skjer ved innbetaling til kontonummer 3347.30.09159. Merk betalingen med «Navn» og «Halvårsavgift Trening». Etter sommeren kommer det nye priser.

Vi ønsker samtidig å takke Windoornet for støtte på kroner 10 000 NOK til gulvet i treningsrommet.

Se også: Retningslinjer for bruk av styrkerommet.

Tekst: Pål Rune Grønås

Country i kyrkja til helga

Som vi har skrive om tidlegare, kjem Angela Primm og Elsa Harris til Fogn kyrkje for å ha konsert onsdag 18. mars. Men det er ikkje "berre" dette som skjer i kyrkja denne veka, laurdag og sundag kjem det nemleg enno meir besøk! Det er Svein Østhus som melder frå til Fogn.org om dette, i ein mail der han ynskjer at informasjonen under skal verta kunngjort.

Country gospel - gruppa som består av Jan, Vidar og Asbjørn kjem nemleg på ny til Finnøy og Fogn. Karane har vore her tidlegare, då dei er medlemmar av gruppa "Vi5menn" som har hatt to kyrkjekonsertar på Fogn dei siste åra. No kjem dei altså på ein ny visitt, og under dei to samlingane på Fogn, har dei med seg Lise Karlsen frå Evangeliesenteret.

Programmet for "turneen" ser slik ut:

Fredag 20. mars kl. 19.30:
Konsert i Hesby kyrkje

Laurdag 21. mars kl. 19.30:
Konsert i Fogn kyrkje. Lise Karlsen deltek. Kveldsmat for alle i kyrkjekjellaren etterpå.

Sundag 22. mars kl. 11.00
Songgudsteneste i Fogn kyrkje. Tale ved Lise Karlsen.

Konsertane er gratis, men det blir teke opp ei kollekt til Evangeliesenteret i Østebro.

Vel møtt!


Innhaldsrik og folksom årsfest i Fogn IL!

Over 80 personar fann vegen til oppvekstsenteret, då Fogn IL kalla inn til årsfest/årsmøte fredag 13. mars 2015. Dei mange frammøtte fekk høyre Jon Asgaut Flesjå sitt foredrag om "Eit skråblikk på Finnøy-idretten gjennom 40 år", der Øypostenredaktøren fortalte om eiga erfaring, og tankar om vegen vidare for idrettslivet i kommunen vår.

Eit anna høgdepunkt på årsfesten, var den imponerande biletserien/filmen som 6. klassingen Kristian Sandanger Iversen hadde laga. Her fekk vi verkeleg sjå kor mykje forskjellig Fogn IL arrangerer, pakka inn i ein flott kombinasjon av musikk, effekter og overgongar! Vi skal prøve å få lagt denne serien ut på Fogn.org så snart som råd er!

Elles var det mykje som sto på programmet:

  • Zumbainnslag ved borna
  • Utdeling av vandrepokalar (Årets vinnarar var andreklassingane Sarah Sandanger og Henrik Bøe Sevheim for flotte prestasjonar i lengde)
  • Pizza, is og brus
  • Rapportar frå dei ulike aktivitetane
  • Informasjon om arbeid med nærmiljøanlegg/leikeplass
  • Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val
  • Utlodning

Festen varte frå 18.30 til nærare 21.30, noko som gjorde at enkelte born vart heller søvnige etterkvart... Dette, og meir kan du sjå i serien med bilete under.

Imponerande KOM-prosjekt!

KOM 201514.jpg

Kvar vår arrangerer kultur og musikkskulen i FInnøy, i samarbeid med dei ulike skulane, KOM-prosjekt. Prosjektet går ut på at alle 7. klassingane i kommunen går saman om å lage ein musikal og framføre denne for ei smekkfull kulturstove, ikkje mindre enn tre gonger. Det var premiere for familiane til skodespelarane på torsdag kveld. På fredag fekk alle elevane i grunnskulen i Finnøy sjå førestillinga, då denne vart synt fram både frå klokka 10.00 og 12.15. Elevane i 1.-6. klasse frå Fogn reiste over og fekk med seg den siste førestillinga, og etterpå var lovorda mange!

Årets KOM-prosjekt hadde fått namnet "Ferskenflight", og var basert på boka "Verdens største fersken" av Roald Dahl. Det handla om ein ung gut frå England, som fekk vere med på ei spanande reise ombord i ein gigantisk fersken, og reisa gjekk over heile Atlanterhavet, og enda til slutt opp i New York. Elevane imponerte med både kulissar, musikk, song, dans, skodespel, teknisk styring og mykje meir! Her var det mange gode prestasjonar, og det er ingen tvil om at neste års 8. klasse er full av lovande talenter innan ulike område!

Elevane frå Fogn bidrog i høgaste grad til å gjere førestillinga så god som ho vart. No er det også slik at elevar frå alle øyane har vorte ganske så godt kjende, i god tid før dei alle saman startar på ungdomsskulen til neste år.

Under er nokre bilete frå årets KOM-prosjekt. (Kulturstova ser ikkje akkurat smekkfull ut på det første biletet. Dette handlar rett og slett om at elevane frå Fogn var ute i god tid, og sit og ser på "bakomfilm" frå prosjektet, før sjølve førestillinga...)