Og så var jula sungen inn!

Regn og vind sette ingen dempar på Fognbuen, som strøyma inn i kyrkja før søndagens arrangement "Vi syng jula inn". Det kom så mange at Dag Olav Sæbøvåg måtte oppfordre folk om å sjå to og to i salmebøkene, noko som må vere eit teikn på at kyrkjerommet var nokså smekkfullt då samlinga starta!

Både kor og enkeltpersonar bidrog til at det vart ein flott kveld! Under ser du bilete frå det meste som skjedde i kyrkja, og nede til venstre på bileta ser du forklarande tekst.

No skal ungdomen saga!

På laurdag arrangerte Halvard og Gerd Johanne Bøe frå Fogn Bondelag eit motorsagkurs på Fogn. Instruktør var Tårn Sigve Schmidt, som har vore her og hatt kurs tidlegare. Tårn Sigve kunne fortelje at Fogn er den plassen (i landet?) som har flest personar med motorsagkurs i forhold til innbyggartal.

På dette kurset deltok Andreas H Bøe, Tobias Sunde, Celine Aske, Morten Haugstad, Halvard Bøe og Kristian Sunde. Alle var ivrige og instruktøren var godt nøgd med heile gjengen. At dette "ikkje er tull eingong" vert tydeleg gjennom at alle deltakarane har fått kursbevis på handtering og bruk av motorsag. 

Under er fleire bilete frå kurset. Tusen takk til Arnstein Bøe for tips, tekst og foto til denne saka!

Pumpene er opna!

Laurdag 13. desember var det endeleg klart for opningsfest for det nye drivstoffanlegget på butikken. Etter godt over eit år utan tilgong til drivstoff, kunne varaordførar Jon Olav Runestad få skjæra av bandet og erklæra pumpene for opna! Varaordføraren var strengt tatt ordførar i dag, i og med at ordførar Gro Skartveit var på reis utafor kommunen, så ein kan gjerne seie at det var ekstra storfint besøk som kom og sto for den offisielle opninga... 

Men Fogn Handel hadde meir enn berre snorklipping på programmet i dag. Her var det gratis kake, kaffi, vafler, pølser og saft, i tillegg til spylervæske til alle som fylte drivstoff. Det var konkurranse i "presisjonspåfylling" og "spylervæskehalding" i beste Farmen-stil. På toppen av det heile hadde Fogn Handel bestemt eit "magisk tal" knytta til salet av drivstoff mellom klokka 11.00 og 15.00. Den som tanka på bilen sin då drivstoffsalet runda dette talet i antall liter, skulle få gratis tank. Den heldige vinnaren her vart Lasse Hovda, som tanka då det magiske talet 1000 liter vart runda. Pål Rune Grønås i Fogn Handel melder om at Lasse difor fekk refundert kostnadane sine på 496,50 kroner. Grønås melder elles om at totalsalet i løpet av timane mellom 11.00 og 15.00 var på imponerande 1400 liter. Når ein veit at det rann såpass mange "edle dropar", som varaordføraren kalla det, denne dagen, så harmonerer det nokså godt med dei til tider lange bilkøane de kan sjå i biletserien under. I serien får de også sjå litt av stemningen rundt opninga, og at det var veldig varierande vèr denne dagen...


Åpningsfest i helga!

Bensin og Diesel.jpg

På laurdag arrangerer Fogn Handel A/S åpningsfest ved butikken, og i den anledning ynskjer dei å vidareformidla dette:

Åpningsfest

Sjølv om det har gått an å fylle drivstoff i over ei veke nå, så vil me markere dette med ein skikkelig åpning av anlegget. Dette skal skje førstkommande Lørdag den 13/12.

Programmet er slik:
- Me har bestemt ett visst antall liter, den som fyller når dette liternivået passeres får den tanken dei  fyller opp gratis. Dette må skje imellom kl 11.00 og 15.00. Vinnaren får beskjed rett etter kl 15.00 , å vil då få pengane igjen ☺      Men alle som fyller drivstoff innanfor dette klokkeslettet vil uansett få ei kanne spylarveske gratis, full tank med spylarveske på bilen og kaffi ☺

-Kl 12.00 vil det bli høgtidelig åpning av Varaordførar Jon Olav Runestad

-Rett etter åpninga vert det servert: Kaker, kaffi, pølser,saft++

-Det vart konkurranse for barna på balansebrettet.

-For dei vaksne blir det konkurranse i «spylarveskekanne holding» Dame og herre klasse. Premie til vinnerane.  

Næringskort:
Sjå oss kan du som er mva registrert få kundekort. Med dette kan du fylle kva sort drivstoff du vil å få rekning på det 1 gong i måneden. Har du eller ditt foretak fleire kjøretøy, så kan du få fleire kort. Me lagar til kort på åpningsdagen, ellers når du ønskar det. Ta kontakt med ein av oss for å få kort, og høyre om fordelene med det

Me håpar at akkurat DU kjem denne dagen, og gledar oss stort☺

Fogn Handel A/S

Kristoffer Østhus, Ivar Opsal, Pål R Grønås og Øyvind Sandanger

Eldresenteret fekk koseleg besøk!

Måndag 8. desember fekk brukarane av eldresenteret på Fogn koseleg besøk av ungane i barnehagen! Borna hadde kledd seg ut og laga Lucia-tog, dei hadde med seg lussekattar til utdeling, og song både "Luciasongen" og "Eit barn er født i Betlehem". Før barnehageborna forlot eldresenteret, var det også viktig for mange av brukarane å få vite kven som var foreldra til dei ulike borna, og det var mange "åja" og "det kunne eg nesten sjå" då dei fekk høyre kvar den enkelte høyrde heime.

Dette besøket er ein lang tradisjon, og etter måndagens vellukka besøk spørs det om ikkje tradisjonen kjem til å halde fram i fleire år framover også!

Under er fleire bilete frå barnehagen sin tur og besøket på eldresenteret.

Juleverkstad på oppvekstsenteret

Årets juleverkstad på oppvekstsenteret vart gjennomført tidleg i desember, nærare bestemt tysdag 2. og onsdag 3. desember. Elevane var delt inn i fire grupper der dei bakte kaker og laga nissar av greiner, juletre av papir og lys av stearin! I tillegg åt både barnehageborn og skuleelevar felles julegraut på onsdagen. To kjekke dagar!

Sjå fleire bilete på nettsida til Fogn oppvekstsenter ved å klikka HER.