Vi har kjørt ein runde langs hovudvegen på Fogn, og målt kva hastigheit vi får i 4G-nettet ulike stader. No skal det nemnast at ulike forhold kan gjere at hastigheita varierer, men det er uansett skjedd ein aldri så liten mobilrevolusjon på Fogn. Målingane er utført 15. november, og både hastigheit ned (det som gjer at du. t.d. kan sjå på nett-tv) og opp (det som gjer at du kan senda t.d. mail med store bilete) er målt. Til samanlikning kan det nemnast at ei "vanleg" internettlinje i ein typisk husstand på Fogn gjerne er ca. 10 MB ned og 1 MB opp. 4G-målingane er under:
I Sæbøvåg: 13.48 Mbps ned, 4.02 Mbps opp
Ved kyrkja: 34.62 Mpbs ned, 11.50 Mpbs opp
Ved butikken: 9.04 Mpbs ned, 1.81 Mpbs opp
Ved ferjekaien: 1.55 Mpbs ned, 0.03 Mpbs opp
Ved Eidekrysset: 9.81 Mpbs ned, 1.55 Mpbs opp
På Runestad: 40.00 Mpbs ned, 19.47 Mpbs opp
På Høgaste: 10.49 Mpbs ned, 17.31 Mpbs opp
I Sørvåg: 39.15 Mpbs ned, 20.29 Mpbs opp
På Selvåg: 37.21 Mpbs ned, 13.53 Mpbs opp
Så får vi sjå kor lang tid det går før Telenor kjem etter med lynrask data til sitt mobilnett på Fogn!
(For ordens skuld, Fogn.org har ikkje fått nokon form for sponsing av Netcom for å skrive denne saka. Det har seg berre slik at Netcom er den einaste leverandøren som har tilbud om 4G på Fogn per dags dato.)