Sjeldan konsertoppleving i kyrkja!

Adventstida på Fogn fekk eit skikkeleg "kick off" då Hans Inge Fagervik med musikarar hadde førjulskonsert i kyrkja måndag 1. desember. Over 100 frammøtte, fin lyd- og lyssetting og ein mørk og klår kveld var med og lage ei flott ramme rundt det som vart ein minnerik kveld! 

Hans Inge Fagervik hadde med seg dei dyktige musikarane Trygve Hellesen og Rasmus Solem som spelte på 7-8 ulike instrumenter i løpet av kvelden. Men her var også lokal hjelp å få. Barnekoret TøfFOGNådig song flott med på tre songar, og Kjersti Sandanger framførte ein vakker song, akkompagnert av dei tre musikalske mennene. 

Stemningen var god konserten gjennom, som varte i omlag halvannan time. Det gjekk frå latter etter lun humor til tørking av tårer etter gripande historier frå Fagervik sine opplevingar knytta til ulike personar i rusmiljøet. Men mest av alt var dette ein førjulskonsert, med ulike julesongar av Fagervik sjølv. Det heile vart avrunda med fellessongen "Deilig er jorden", og då, ja då trur eg eit nokså kraftig snev av julestemning var å finne i mange av tilhøyrarane, som kunne gå fornøgde ned til kyrkjekaffi før folk gjekk kvar til sitt!

Under er eindel bilete og ein liten videosnutt frå den flotte kvelden!

Det skjer i helga på Fogn!

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Bilete frå guttelagsbasaren i november 2012.

Det skjer stort sett alltid noko på Fogn. Sjølv om dette kanskje er ei sanning med modifikasjonar, så er det i alle fall tilfelle no i helga, for høyr berre her:

Fredag kl. 18.00 - Guttelagsbasar på bedehuset
Guttelaget sin tradisjonsrike basar på bedehuset med andakt av Aud Norunn Myklebust, gratisk kaffi, saft og bollar, og utlodning med mange kjekke gevinstar. 

Laurdag kl. 17.30 - Julegrantenning i kyrkja
Det er "første laurdag i advent" og julegrana i kyrkja må tennast! Dette er ein del av programmet under "Lys vaken", ei overnattingssamling i kyrkja for 6. klassingane i Finnøy kommune. 

Laurdag kl. 17.45 - Reflekstur med start ved kyrkja
Idrettslaget arrangerer refleksturen for andre år på rad, og denne gongen er starten ved kyrkja. Her gjeld det å lysa på refleksane i mørket, og på denne måten finna vegen gjennom løypa. Hugs lommelykt og gode sko.

Laurdag kl. 21.00 - Restaurantkveld på skulen
Ungdomslaget har samlingar på skulen annankvar laurdag, og denne gongen skal dei ha restaurantkveld med hamburger, pommes frites, lasagne og is på menyen! Her vert det levande lys og god stemning for alle ungdomar frå 8. klasse og oppover! I løpet av kvelden får dei frammøtte også høyre andakt av Håvard Østhus.

Søndag kl. 10.30 - "Lys Vaken"-gudsteneste i kyrkja
Gudsteneste ved Anders Kvalevåg. 6. klassingar som er med på "Lys Vaken" deltek. Takkoffer til trusopplæringsarbeidet. Kyrkjekaffi.

Og dette var faktisk berre nokre av dei arrangementa som går av stabelen denne helga! Sjå kalenderen på Fogn.org for full oversikt, god helg!

Få med deg Hans Inge Fagervik på Fogn!

Etter 40 års artistkarriere kjem Hans Inge Fagervik til Fogn for å ha konsert måndag 1. desember! Konserten går av stabelen i Fogn kyrkje klokka 18.45, slik at det passar med båtruter til og fra andre øyar. Dette må nemleg flest mogleg få med seg, seier primus motor Heidi Bø Sangedal. 

Fagervik er opprinneleg frå Herøy i Nordland, men er nå busett på Færvik på Tromøy i Arendal. Hans mest kjente songar er nok "Farvel, Marita" og "Thomas´ sang", og han har gitt ut ikkje mindre enn 19 cd-ar til saman! 

Fagervik er engasjert i Maritastiftelsen, og inntekter frå cd- og billettsal under konserten på Fogn går til stiftelsen, som har rusomsorg i fokus.

Med seg til Fogn tek han med seg Trygve Hellesen på fløyter, saxofon og gitar, og Rasmus Solem på piano. Begge er blant dei dyktigaste i landet, skal vi tru Fagerviks eige utsagn. Og ikkje nok med det, vårt eige barnekor TøfFOGNådig vert med på fleire av songane! Dei har brukt nokre av Hans Inge Fagervik sine songar i haust, og gler seg no til å opptre med ein så kjent artist!

Billettprisen er 200 kroner per vaksen over 18 år, 100 kroner for dei frå 6-18 år, og så er det sett ein makspris på 500 kr per familie. Alle inntekter frå konserten går som sagt til Maritastiftelsen.

Heidi Bø Sangedal håper at alle veit å nytte seg av denne flotte anledningen til å både få seg ei fin konsertoppleving på Fogn, og samstundes vere med og støtte ei god sak!

Mobilrevolusjon på Fogn!

Har du høyrt om 4G? Det står for 4. generasjons mobilnett, og er eit reint datanett. Det betyr at det ikkje nødvendigvis gjer det betre å ringe, men det gjer at alt som går på datamengde, som t.d. Facebook og Youtube går mykje fortare. Her på Fogn har vi no "plutseleg" fått 4G dekning over store deler av øya, etter at Netcom har vore og utført arbeid i deira "antenne" på Domfjellet. Dette gjer at dei som har ein telefon som støttar 4G (t.d. iPhone 5s, iPhone 6 og Samsung Galaxy s5) og har Netcom dekning (t.d. via eit Chess- eller Netcomabbonement), no kan få raskare internett ute i det fri enn når dei sit på internettet sitt heime. No kan ein t.d. ta ein videosamtale og dele den flotte utsikten sin frå Ørnakula, utan at biletet "hakkar" og kvaliteten vert "grøtete". Ein får igrunnen tilgong til internett over alt, med dei moglegheiter og utfordringar det fører med seg. 

Fogn.org kontakta Netcom, som kunne bekrefte at dei hadde oppgradert til 4G-nett i Finnøy kommune i det siste. Dette gjaldt områda Fogn og Vignes (på øya Finnøy), så det er ikkje heile kommunen som enn så lenge får nyte godt av oppgraderinga. Netcom la også ved dette biletet som syner korleis 4G-dekninga i kommunen er. Dess mørkare rosa farge, dess betre dekning er det.

Vi har kjørt ein runde langs hovudvegen på Fogn, og målt kva hastigheit vi får i 4G-nettet ulike stader. No skal det nemnast at ulike forhold kan gjere at hastigheita varierer, men det er uansett skjedd ein aldri så liten mobilrevolusjon på Fogn. Målingane er utført 15. november, og både hastigheit ned (det som gjer at du. t.d. kan sjå på nett-tv) og opp (det som gjer at du kan senda t.d. mail med store bilete) er målt. Til samanlikning kan det nemnast at ei "vanleg" internettlinje i ein typisk husstand på Fogn gjerne er ca. 10 MB ned og 1 MB opp. 4G-målingane er under:

I Sæbøvåg: 13.48 Mbps ned, 4.02 Mbps opp

Ved kyrkja: 34.62 Mpbs ned, 11.50 Mpbs opp

Ved butikken: 9.04 Mpbs ned, 1.81 Mpbs opp

Ved ferjekaien: 1.55 Mpbs ned, 0.03 Mpbs opp

Ved Eidekrysset: 9.81 Mpbs ned, 1.55 Mpbs opp

På Runestad: 40.00 Mpbs ned, 19.47 Mpbs opp

På Høgaste: 10.49 Mpbs ned, 17.31 Mpbs opp

I Sørvåg: 39.15 Mpbs ned, 20.29 Mpbs opp

På Selvåg: 37.21 Mpbs ned, 13.53 Mpbs opp

Så får vi sjå kor lang tid det går før Telenor kjem etter med lynrask data til sitt mobilnett på Fogn!

(For ordens skuld, Fogn.org har ikkje fått nokon form for sponsing av Netcom for å skrive denne saka. Det har seg berre slik at Netcom er den einaste leverandøren som har tilbud om 4G på Fogn per dags dato.)

Meir enn 150 personar på julemessa

Sjølv om det ikkje var strålande sol eller julestemning med lett snødryss, var det mange som møtte opp på årets julemesse på Erås museum. Dette var det 10. året julemessa vart arrangert her, og det spørs om ikkje dette er ei av dei best besøkte. Over 150 personar møtte opp, og fekk sjå båtutstilling, kjøpe varer, høyre motorduren av den gamle skuleskyssbåten, spise lapskaus, kaker og kaffi og elles byrje å få førjulsstemning i den fine atmosfæren!

Heidi Bø Sangedal og Øyvind Sandanger har begge sendt bilete frå årets messe. Tusen takk skal de ha, bileta ser de under!

Hugs julemessa på laurdag!

Laurdag 22. november går den 10. julemessa på Erås av stabelen! Dørane er opne frå klokka 11.00-15.00, og det vert sal av lapskaus, kaker og kaffi. I tillegg er det sjølvsagt sal av diverse frå ulike utstillarar, og primus motor Anders Sandanger fortel at det i år kjem to nye utstillarar. I tillegg kjem dei til å starte opp motoren i den gamle skuleskyssbåten, som ligg i det nyoppsette naustet vegg i vegg med løa på Erås. Dette passar godt med utstillinga som skulen og kulturgruppa i grendalaget har gått saman om, med temaet båt.

Velkommen til julemesse!