Er det mogleg med tunnel mellom Fogn og Finnøy?

Morten Urhaug signaliserer at det ser lovande ut, til Hilde Gunn Bjelde og Jon Olav Runestad. Foto: Tor Inge Jøssang

Morten Urhaug signaliserer at det ser lovande ut, til Hilde Gunn Bjelde og Jon Olav Runestad. Foto: Tor Inge Jøssang

Politikarane i Finnøy ynskjer å finne ut om det i det heile teke er mogleg å byggja tunnel mellom Fogn og Finnøy, mellom Finnøy og Sjernarøy og mellom Sjernarøy og Ombo. Difor vert det i desse dagar utført grunnundersøkingar i fjorden mellom dei nemnde øyene. Målet er å finne ut kor mykje lausmasse det er, då slike undersjøiske tunnelar krev eit visst overheng av solid fjell. Er det mykje lausmasse, må difor tunnelen verta lagt mykje djupare enn kva havbotnen indikerer, noko som fører til at tunnelen vert svært bratt.

Stavanger Aftenblad la i dag ut ei sak om dette på sine nettsider. Her kan vi lese om at varaordførar Jon Olav Runestad tok med seg kommunalsjef for plan og forvaltning i Finnøy, Hilde Gunn Bjelde ut for å sjå på arbeidet som firmaet Geomap utfører. 

Saka er ei såkalla "pluss-sak" som gjer at det berre er registrerte brukarar som kan lese saka. Er du ein slik registrert brukar, kan du klikke HER for å lese.

 

Bilete frå ein nokså vanleg laurdag på Fogn...

Laurdag 15. november var ein nokså vanleg laurdag på Fogn. Det var eit par dugnadar, og elles litt meir liv på butikken enn kva det er på kvardagane. Fogn.org tok seg ein tur og knipsa nokre bilete frå det som skjedde.

Photo 15.11.14, 13.21.28.jpg

På butikken var det ein gjeng som delte ut vafler til dei handlande, noko mange såg ut til å sette pris på!

Oppe ved uteplassen til speidarane var både vaksne og born aktivt med i arbeidet med å fullføre bålhuset, i tillegg til at dei sjølvsagt tok seg tid til ein matbit rundt bålet også.

I det gamle hønsehuset til Oddny og Terje Kjølvik var det også dugnad. Der skal nemleg Fogn IL lage base for styrketreningstilbodet sitt, og då må det pussast opp og lagas i stand! Då Fogn.org kom hit, sleit gutane litt med strømmen, så det var nokså mørkt, men det vart ei løysing på dette etterkvart! Så er vi spente på å sjå korleis treningsrommet vert sjåande ut når det står klart etter nokre dugnadsøkter til!

Folk nyttar seg av tilbodet om juleverkstad!

Som Fogn.org tidlegare har skrive om, så har Thor Jansen open juleverkstad i heile november og halve desember. Der kan dei som ynskjer det koma og laga tauprodukter, og dei treng kun å betala for tauet dei bruker. 

Thor har sendt over nokre bilete til Fogn.org, som syner at folk nyttar seg av tilbodet om taubinding. Gjengen som har vore på besøk ser også ut til å ha fått servert god mat på juleverkstaden! Sjå bileta under.

Sjå og bli sett!

Skulevegen vår er ikkje tilrettelagt for fotgjengarar eller syklistar. Det er og ganske mykje trafikk i tida rundt skulestart. Nokre byrjar på arbeid i denne tida, det er ferjeanløp, og skulestarten i seg sjølv skapar ein del trafikk. Me kontakta for ei tid tilbake lensmannen i Finnøy for å få til ein refleksdag med deltaking frå politiet. Politiet kunne opplysa om at dette har ein stort sett slutta med pga. at ein ser liten effekt. Det som derimot viser seg å ha større effekt er påminning og holdningskapande arbeid retta mot foreldra og andre som ferdast langs skulevegen. Når me nå går inn i dei mørkaste månadane i året vil FAU ved Fogn oppvekstsenter, etter anbefaling frå politiet, koma med følgjande oppmoding:

Til foreldra: Born som går eller syklar til skulen om morgonen bør absolutt bruka refleksvest! Refleksband eller små runde refleksar er bra, men aller best er å bruka refleksvest. Dersom sekken skjuler deler av refleksvesten, kan det vere ein idè å hengje ein refleks på sjølve ryggsekken.

Til foreldre og andre som ferdast i bil: Køyr varsamt! Vegtrafikklova er særs klar på dette punkt: "Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade". Me skal altså køyre slik at det ikkje eingong kan oppstå fare! Som bilistar har me eit stort ansvar her. Ellers er det sjølvsagt viktig at me vaksne går føre som gode rollemodellar når det gjeld bruk av refleks. Lys opp haustmørkret, og ikkje minst køyr varsamt!

FAU ved Fogn oppvekstsenter.

Dugnad på bålhuset

Laurdag 9. november, frå klokka 10.00 skjer det. Det er tid for dugnad på bålhuset igjen!

Byggmester Malvin ynskjer hjelp til å ferdigstille pipa på bålhuset. Etter denne laurdagen starter han med julekransar og slike saker.
Malvin håper at 4-5 snekkerinteresserte kan ha mulighet til å bli med. Det vert bål og servering i skogen. 

P.s. Alle må ikkje kunne like mykje om snekring for å bli med på denne kjekke dagen!!! Lurer du på noko om bygginga, ta kontakt med Malvin på telefon 93 42 21 91. Velkommen!

Tekst: Ingeborg Bø

Juleverkstaden opnar no!

November er over oss, og då må det vera lov å byrja å tenkja litt på jula som nærmar seg. Vi veit at gåver har blitt ei sentral del av julefeiringa, og kva skal ein igrunnen gi til den som har alt? Dette kan Thor Jansen hjelpa deg med! Thor har nemleg open juleverkstad i heile november og halve desember. Alle som vil kan koma til taubinderiet hans, få hjelp til å laga originale gåver, og så treng dei kun å betale for det tauet dei bruker. Thor har mange idear til ting som kan lagast, og med så mange års erfaring har han også ein heil del å læra vekk. 

Det er ein fordel om folk som vil nytte seg av juleverkstaden ringer Thor på førehand, for å avtala tidspunkt. Hans telefonnummer er 92 41 98 70.

Så kan vi kanskje håpe at nokon tek bilete av dei ferdige resultata og sender til Fogn.org? Vi treng sjølvsagt ikkje avsløre kven som har laga, eller kven som skal få gåva...