Vått, men vellukka

Fognaløp og meisterskap vart arrangert i varierande vèr søndag 7. september. Men dei etterkvart nokså dryge regnbygene hindra ikkje eit flott arrangement med god stemning og mange gode idrettsprestasjonar! 

Først ut var Fognaløpet, der det også i år var to distansar, 5 og 10 km. Seks deltakarar sprang 5 km, medan ti personar sprang dei 10 kilometrane rundt øya. Resultata frå desse løpa ser de under:

5 km for damer
1. Heidi Bø Sangedal - 26.52
2. Gunhild Grønås - 28.40
3. Elisabeth Rygg - 33.24
3. Anne Martha Straumstein - 33.24

5 km for menn/gutar
1. Jørgen Bø jr - 24.17
2. Filip S Iversen - 29.25

10 km for damer
1. Ingvild Bø - 43.06
2. Marianne Skregelid - 45.36
3. Anne Sunde - 1.02.53

10 km for menn/gutar
1. Helge M Iversen - 42.52
2. Håvard Østhus - 43.03
3. Jakob Bø - 43.25
4. Pål Rune Grønås - 46.55
5. Kristian Iversen - 47.35
6. Martin Østhus - 58.00
7. Trond Arne Borgemyr - 1.02.57

Deretter var det tid for Fognameisterskapet for born i alle aldrar. Etter heftig zumbaoppvarming, var det klart for sprint, lengde, kulestøt og kast med liten ball. Det vart sjølvsagt nokre pausar i løpet av meisterskapet, men kva gjer vel det når Bama hadde sponsa frukt og grønt i lange banar?

Den gode innsats frå alle deltakarar kjem betre fram på bilete enn i tekst, så under er ein fyldig serie med bilete frå det som skjedde denne dagen! (Bla mot venstre for å få det i kronologisk rekkefylgje...)






Klart for Fognaløp og -meisterskap

Bilete frå Fognaløpet 2013

Bilete frå Fognaløpet 2013

Søndag 7. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Klokka 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løpa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 18 år er 100,-. Det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse i begge distansar, i tillegg til at eit gåvekort vert trukke blant alle som deltek.

I målområdet vert det som alltid god stemning, frukt og grønt! Dei som ynskjer kan grille pølser på bålpanne ved skulen, Det tradisjonsrike Fognameisterskapet for born i alle aldrar startar kl. 14.30, og her får alle premiar umiddelbart etter meisterskapet.

Velkommen til store og små, og hugs, det er meldt fint vèr!

Stem på Tanja!

Storm - Tanja.jpg

Kvar dag har TV2 ein fotokonkurranse i samband med sine vèrmeldingar. Vinnarbileta frå kvar dag vert vist på TV mot slutten av vèrmeldinga, medan innsendaren av det biletet som får flest stemmer i løpet av ei veke, vert heidra med flotte premiar frå Bergans.

Tanja Sandanger Giske, som er frå Fogn, men no bur i Trondheim, vart dagsvinnar av konkurransen, tysdag 2. september. Hennar flotte haustbilete er altså med i kampen om å bli vekevinnar for veke 36. Men då er ho avhengig av å få mange stemmer, noko lesarane av Fogn.org kan hjelpe til med ved å klikke HER og stemme på Tanja sitt bilete! Stem i veg!

Fogn tilbake på vinnarsporet!

Mastra 2 - Fogn: 1-2 (1-0). Etter eit sjansesløseri av dei sjeldne, klarte Fogn heldigvis å dra sigeren i land til slutt, og er i høgaste grad med i kampen om opprykk!

Før kampstart på Mosterøy, peika trenar Jakob Bø på at dette var ein nøkkelkamp for korleis haustsesongen vil bli. Med siger mot Mastra 2 ville Fogn liggje særs godt an til å nå eit av sesongens store mål: hamna over Finnøy på tabellen. I tillegg ville tre poeng halde laget inne i opprykkskampen, altså ein nokså sjeldan dimensjon ved dei blåkledde sine haustsesongar.

Men sjølv om Fogn førte kampen i dei første minuttene, og ein kunne sjå at det var tydelege nivåforskjellar mellom laga, var det heimelaget i gult som fekk kampens første mål. Eit frispark frå spissen av 16 meteren vart slått hardt inn i feltet, der ein Mastraspelar fekk stå heilt umarkert og heade inn 1-0 til venstre for Jon Østhus i Fogn-målet. Det var også den sjansen Mastra 2 fekk i kampen, så ein kan gjerne seie at dei var nokså effektive.

Resten av kampen handla kun om eit lag i angrep, og eit anna som forsvarte seg med nebb og klør. Fogn kom rett nok ikkje til mange store sjansar i 1. omgang, då dei fleste avslutningsforsøka vart blokkerte av oppofrande Mastraspelarar. Men i 2. omgang vart nok heimelaget sine spelarar nokså slitne av å forsvare seg, og sjansane kom i hopetal.

Fogn må ha spelt seg til omlag 15 klare målsjansar, og særleg Håvard Østhus, Trond Arne Borgemyr og Jakob Bø ville nok hatt problemer med å sove etter kampen dersom deira sjansesløseri hadde ført til poengtap for Fogn. Heldigvis gjekk det vegen til slutt, og det måtte ein forsvarsbauta til for å få hol på byllen etter omlag 70 minutt av kampen.

Bortelaget vart ståande oppe etter ein corner, og Johannes Hovda kom seg fri på høgrekanten, og slo eit presist innlegg inn i feltet. Der steig midtstoppar Olav Østhus til værs, og stanga inn utlikninga via stanga i det same hjørnet som Mastra hadde skåra i, berre at Olav si heading var litt hardare og enno litt lengre ut i sida, 1-1!

Like etter fekk Mastra 2 ein spelar utvist etter to gule kort, noko som berre førte til at presset frå Fogn vart enno sterkare og meir intenst. Og til slutt skulle rettferdigheita sigre, og Fogn få si avgjerande skåring, og igjen var det Johannes som var servitør. 10 minutter før kampslutt slo nemleg Johannes ein presis gjennombrotspasning til Håvard, som skar inn i banen frå sin venstrekant og avslutta høgt i næraste hjørne med venstrefoten. Keeper rakk berre å få fingertuppane på ballen og forlenge den inn i nettet til 1-2!

Fogn hadde god kontroll på kampen etter dette, og burde fått både 2 og 3 mål til, men siger er siger, og bortelaget jubla godt då kampen var over, og dei tre viktige poenga var i boks!

No ventar Randaberg 3 i neste heimekamp på Fogn, fredag 12. september klokka 18.45. Her er det berre å møta opp og heia dei blåkledde fram i opprykkskampen!

Kampfakta

Mål: Olav, Håvard

Assists: Johannes (2)

Gult kort: Pål Rune

Fogns lag:
Jon Østhus
Martin Østhus
Olav Østhus
Sigve Bø
Pål Rune Grønås
Ivar Opsal
Johannes Hovda
Jakob Bø
Ole Jakob Kjølvik
Sergejs Kononov
Håvard Østhus

Innbyttarar:
Trond Arne Borgemyr
Lars Olav Bøe
Ørjan Klev Ladstein
Kristoffer Runestad
Vadim

Smekkfull løe på kulturbasaren!

På onsdag kveld var heile 73 personar på Erås Museum då sildefiske før og no var i fokus. Det var i alle fall ikkje færre under kulturbasaren på laurdag. Basaren er eit samarbeid mellom kulturgruppa i grendalaget og Erås Museum, og inntektene gjekk dette året til ein borneheim i Cape Town i Sør-Afrika. Ingunn Berg kom og fortalte om prosjektet, som dottera og svigersonen hennar er engasjert i. I tillegg kom Per Gunnar Vik Mjølhus frå Sjernarøy og song for dei frammøtte. Dette var Mjølhus sin debut som soloartist, og han starta karierra med å syngje ein sjølvlaga song om Fogn, noko folk sette stor pris på! Deretter var det tradisjonell årebasar med mykje leiting etter vinnarårene...

Kulturgeneral Malvin Sandanger var særs godt nøgd med arrangementet og resultatet (omlag 17 000 kroner) som vart sendt til borneheimen i Cape Town. 

Sjå bilete frå dagen i serien under:

Sild og anna kultur på Erås denne veka!

Denne veka er det ikkje mindre enn to kulturdagar på Erås Museum! 

Onsdag 27.08 kl. 19.30 - "Sildefiske før og no"
Lysbilete frå den siste turen på silda med "Hovdarane" der Tor Egil Espeland var med. I tillegg til dette blir det lysbilete frå sildefisket i gamle dagar. 

Arr: Finnøy historielag

 

Laurdag 30.08 kl. 12.00 - Kulturbasar
Inntekta i år går til drift av ein barneheim i Sør-Afrika, "Masizame" v/Vibekke Røre.
Orientering om arbeidet før utlodninga, som startar ca. kl. 14.00.

Me får besøk av ein ung mann frå Sjernarøy som har latt seg inspirera av Fogn sin natur og folk og laga Fognasang som han vil framføra denne dagen.

Det vert selt kaffi og diverse å bita i. 

Me er takksame for gevinstar til utlodninga!

Arr: Kulturgruppa i Fogn grendalag.

Hjarteleg velkomne til kulturdagar!