Poengdeling i folkefesten!

Fogn - Finnøy: 3-3 (1-1). Haustvèr med både regn og lyn gjorde ikkje at publikum holdt seg heime då Fogn og Finnøy møttes til lokalderby i 7. divisjon fredag kveld. Dei ca. 100 tilskoderane fekk sjå ein sjanserik fotballkamp med mange mål, der sluttresultatet var av ein slik art at begge lag kan vere både litt nøgde og litt irriterte...

Etter ein lang sommar utan kampar og med få treningar, var det eit veldig spent heimelag som stilte opp på Fogn stadion. Fogn låg rett nok 6 poeng over Finnøy på tabellen etter ein god vårsesong, men den ligg langt bak i tid no. Finnøylaget, som består av dei beste spelarane frå Talgje, Halsnøy og Finnøy, hadde etter ryktene trent godt i sommar, og vore godt over 30 spelarar på enkelte treningar. Jakob Bø, spelande trenar på Fogn, uttalte fylgjande då han sat og las lagoppstillinga til Finnøy tidlegare på dagen: "Det føles litt som å gå opp te eksamen, uden å ha lest..."

Og heimelaget vart nok ikkje mindre nervøse av at Finnøy hadde med seg ein imponerande stor gjeng med supportarar, som hadde teke turen over fjorden for å få seg ein forhåpentlegvis god start på helga. På grunn av regn, vart supportarane ståande under taket ved skulen, då laga marsjerte inn på banen til tonane frå supportersongen "Heia Fogn", og alle spelarane vart lest opp av leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal. Men folk, både heime- og bortesupportarar trakk fort ut til banen då kampen kom i gong, for her var det mykje å få med seg!

Dei første minuttene bølga spelet fram og tilbake, men etterkvart var det Finnøy som festa grepet om kampen og kom til fleire gode sjansar. Berre ein god Jon Østhus i heimelaget sitt mål hindra Finnøy frå å få ei tilig leiing. Men dei raudkledde skulle ta leiinga etter omlag 30 minuttars spel. Finnøy fekk frispark i farlig posisjon, omlag 20 meter frå mål. Jarle Mensink stilte seg opp, og fekk ballen forbi både mur og keeper, 0-1 til elleville jubelscener frå bortelaget!

Finnøy sitt mål var kanskje det Fogn trengte for å vakne skikkeleg, for ikkje lenge etter var det dei blåkledde sin tur til å få ballen i nettet, også dei etter eit frispark. Martin Østhus vart felt heilt ute ved sidelinja, omlag midt på Finnøy sin banehalvdel. Han tok sjølv frisparket, som førte til at ballen gjekk over nesten heile feltet, før Jakob Bø gav den ein liten retningsforandring opp i nettaket, 1-1, og no var det heimelaget som kunne juble!

Denne stillinga heldt seg til pause, og Fognaspelarane var einige om at dei måtte skru opp innsatsen nokre hakk dersom det skulle bli poeng i denne kampen. Det var difor eit meir entusiastisk heimelag som kom på banen i 2. omgang. Denne omgangen vart rett nok litt utsett, då den flinke zumbagjengen måtte danse ferdig "The fox" før dommaren kunne blåse kampen i gang igjen. 

No var Fogn meir "på hogget", noko dei også fekk betalt for ikkje ein, men to gonger! Først kom Johannes Hovda seg fri på venstrekanten og slo eit godt innlegg til Ole Jakob Kjølvik. Kjølvik, som ikkje har spelt fotballkamp sidan han skåra to mål mot Finnøy i fjor, kriga ballen i mål med hovudet også i årets oppgjer, og førte heimelaget opp i leiinga, 2-1!

Berre omlag eit minutt seinare var Ole Jakob involvert i nok ei skåring. Han slo ein nydeleg gjennombrotspasning til spiss Sergejs Kononov, som brukte farten sin, runda keeper, og plasserte ballen trygt i mål frå spiss vinkel, 3-1, og heimepublikum og spelarar var i ekstase!

Etter dette festa Finnøy på nytt grep om kampen, og kom til fleire store sjansar, som dei etterkvart fekk uttelling på. Etter litt klabb og babb i feltet hamna ballen i beina til Halsnøybuen Anders Eike, som har slutta seg til Finnøylaget no i haust. Eike fekk god treff på ballen, som gjekk via Ivar Opsals blokkeringsforsøk og i mål bak Jon, 2-3 og framleis mykje nerve i kampen!

Ikkje lenge etter var det ein ny Halsnøybu som skulle kome på skåringslista for bortelaget. Ein høg ball kom dalande ned i feltet, og keeper Jon var på veg ut for å plukke denne. I luftrommet fekk han konkurranse av Rasmus Robson Skartveit, som også gjekk i duellen. Kven som traff ballen først strides nok dei lærde om, men den hamna i alle fall i nettet. Mange trudde nok at dommaren ville blåse av for angrep på keeper, men han pekte heller mot midtstreken og markerte med det for skåring, 3-3!

Mot slutten av kampen kom Finnøy til fleire store sjansar, utan å klare å få den over streken. Dette kan kanskje skuldast at fleire spelarar på bortelaget i periodar var meir opptekne av å klaga på dommeravgjersler og baneforhold, enn å faktisk fokusera på det dei kunne gjere noko med. Det vart i alle fall ikkje fleire mål i kampen, og Fogn kunne vere litt irriterte for å ha gitt frå seg ei 3-1 leiing, men litt glade for å teke poeng i ein kamp der bortelaget strengt tatt var best. Finnøy på si side var godt nøgde med å ha teke igjen Fogn si leiing, men klarte ikkje heilt å gleda seg over dette, med tanke på alle dei brente sjansane. 

Med dette poenget tok Finnøy eit hakk opp frå den litt flaue sisteplassen dei låg på før kampen. Fogn på si side ligg framleis på 2. plass i pulja, og kan enno drøyma om opprykk til 6. divisjon, då dei to øverste plassane plar kvalifisera til dette.

Ein ekstra honnør til Fogn IL for eit flott arrangement med sal av lappar, opplesing av spelarar, zumba i pausen og besøk av maskoten Fognareven! Takk også til alle som møtte opp og gjorde dette til ein flott folkefest!

Kampfakta:

Mål: Jakob, Ole Jakob, Sergejs

Assists: Martin, Johannes, Ole Jakob

Gult kort: Johannes

Fogns lag:

Jon Østhus
Ivar Opsal
Olav Østhus
Sigve Bø
Martin Østhus
Lars Olav Bø
Jakob Bø
Johannes Hovda jr
Ole Jakob Kjølvik
Håvard Østhus
Sergejs Kononov

Benytta reservar:

Vadim
Ørjan Klev Ladstein
Tobias Sunde

Under ser de ein serie med bilete knipsa av dei habile fotografane Jørgen Bø og Mathias Hovda!

 

Jubel i år igjen?

I fjor møttes A-laga til Fogn IL og Finnøy IL i seriesamanheng for første gong på mange år. Fogn tapte bortekampen på våren, men gjekk sigrande ut av heimeoppgjeret om hausten. Ole Jakob Kjølvik (biletet) skåra to mål i 4-2 sigeren, noko Pål Rune Grønås gratulerte han med like etter kampslutt.

No på fredag, 22. august klokka 18.45, er det klart for nytt serieoppgjer mellom dei to naborivalane. Også i år vann Finnøy våroppgjeret, så vert det spanande å sjå om Fogn kan gjenta bedrifta og slå tilbake om hausten? Finnøy har gjort det særs godt i Rogalandscupen i år, men har slitt meir i serien, der dei kun står med den eine sigeren mot Fogn.

Ryktene har gått om at Finnøy har trent veldig godt i sommar, og at dei har vore over 30 spelarar på enkelte treningar. På Fogn har det vore heller labert, med 5-15 spelarar på treningane. Det seier seg difor sjølv at dei mørkeblå er avhengige av å ha sin "12.-mann", det entusiastiske heimepublikummet, i ryggen på fredag! Leiar i Fogn IL, Heidi Bø Sangedal, varslar om Zumbainnslag i pausen og sal av lappar på det som fort kan bli ein minnerik folkefest!

Still opp og hei heimelaget fram til siger, fredag 20. august klokka 18.45 på fotballbanen!

Fognamarsjen 2014

bilde-15.JPG

Den 26. fognamarsjen på rad gjekk av stabelen søndag 17. august, og "marsjgeneral" Ottar Sandanger melder om 58 deltakarar, omlag på snittet for tidlegare marsjar. Ottar fekk og gleda av å overrekka Heidi Bø Sangedal utmerkinga for å ha gjennomført heile 25 av 26 moglege marsjar. Ho mottok, som Anders Sandanger og Jakob Bø gjorde i fjor, ein gravert kakespade.

Takk til Ottar Sandanger som sendte inn både tekst og bilete til denne saka!

Gjekk frå Oslo til Fogn!

26. Juli gjekk Marita Sandanger og Sondre Trå Sørheim ut av ein leilighet på Lambertseter i Oslo. Med seg hadde dei kvar sin hund, og hadde det ikkje vore for dei store sekkane dei bar, kunne ein gjerne tru at dei berre var ute og lufta desse to hundane. Men turen skulle ikkje vere over før dei snaut tre veker seinare gjekk inn gjennom døra på garden til Marita sine foreldre, Reidun og Trygve Sandanger på Sæbø!

Fogn.org møter to, nesten uforskamma opplagte, ungdomar i stova til fam. Sandanger. Marita og Sondre har avslutta turen med å ro i trebåt frå Hjelmeland til Fogn berre timar tidlegare, men verkar ikkje særleg slitne der dei sit og ser gjennom bilete frå ekspedisjonen. Det har blitt ein heil del bilete i løpet av den 564 km lange turen, der dei overnatta omtrent like mykje i telt som i turistforeningen sine hytter langs vegen. Og når ein i tillegg veit at begge hadde tunge sekkar, der Sondre sin i periodar vog omlag 40 kg, kan ein jo lure på korleis i all verda dei hadde klart seg på turen.

- Det gjekk eigentleg veldig greit, seier Marita og legg til at det faktisk var tyngst i starten av turen, men at kroppen etterkvart trong mindre og mindre tid på å restituere seg og lade batteria til neste etappe.
Sondre, som mellom anna har gått Noreg på langs åleine, fortel at ein merker humørsvingningane betre når ein går saman med andre, men han har gode råd for å unngå dette:
- Skal du gå på lange turar, må du både ete og kvile godt. Stopp heller ein halvtime for tidleg enn ein halvtime for seint, då går alt så mykje betre. Vi har passa på å spise gode måltider, med havregrøt til frukost, "REAL turmat" til middag, og pannekaker eller suppe til kvelds.
- Og masse sjokolade, legg Marita smilande til.

Turen har gått over fjell og ned i dalar, og gjennom både skogar og byar. - Då har me prøvd å få i oss ein burger når me har hatt sjansen til det, seier Sondre, før han humoristisk legg til: - Det er eigentleg eit nokså godt tips det. Neste gong du vil ha burger og cola, så gå ei veka i fjellet med ein 30 kg sekk først, så smaker maten mykje betre!

- Kva var det vanskeligaste i løpet av turen, utfordrande vèrforhold kanskje?
Vi har jo hatt mykje vèr, men har eigentleg ikkje gått og vore kalde og våte, så det har i grunnen gått greit, fortel Marita, før ho fortset. - Det vanskeligaste var nok innsjøen Bandak, då vi padla Telemarkskanalen frå Lunde til DalenHer var det dårleg vèr som gjorde at me måtte padla til seint på kvelden, og til det var heilt mørkt. Det var ikkje noko særleg. 

- Ja, men vi hadde jo planlagt å bruke fire dagar på Telemarkskanalen, og brukte i underkant av to, så det var nok grunnen til at vi kom til Fogn ein dag før skjema, smiler Sondre, som legg til at han likte dette godt, for då får han med seg fredagens fotballtrening på Fogn!

- Til slutt, korleis var følelsen då du såg heimen din, og målet for turen, Marita?
- Det var kjekt, men for å vere ærleg så var det litt vemodig og... Vi hadde sett fram til denne turen lenge, og no var den over liksom. Men for alt i verda, det var godt å nå mål!

Fogn.org gratulerer Marita og Sondre med ei imponerande bragd, som det nok er lenge til andre fognbuar kjem til å kopiere, dersom det nokon gong skjer...

Sjå fleire av parets eigne bilete frå turen i serien under:

Første skuledag med nye førsteklassingar!

1. klasse 2014.jpg

Skulestart kom sjeldan tidleg i år, då 14. august var datoen for oppstart i år. På Fogn oppvekstsenter går det no 43 elevar og fire av desse høyrer til i første klasse og fekk difor sin første skuledag i dag! 

Første skuledag gjekk med til å fortelja frå sommarferien, teikna, få nokre bøker, leika, læra og sjølvsagt ein obligatorisk liten "fotosession"...

Årets førsteklassingar ser de på biletet til venstre, og dei er (f.v): Mantas, Johannes, Martha Elen og Birk.

Marsjera i helga?

Foto frå Fognamarsjen 2012

Foto frå Fognamarsjen 2012

Søndag 17. august vert Fognamarsjen arrangert for 26. gong på rad! Marsjen vert gjennomført på tradisjonelt vis med start/mål ved skulen, og turen går dei omlag 10 kilometrane rundt øya. Starten går mellom klokka 15.00 og 16.00 og startkontingenten er på 75,- per deltakar og maks 225,- per familie. 

Det vert høve til kjøp av brus/sjokolade ved Selvåg. 

Det er berre to personar, Anders Sandanger og Jakob Bø, som har gått alle dei 25 tidlegare fognamarsjane. Sjølv om du kanskje ikkje kan måla deg med desse, skal du vite at premiering er innan rekkevidde for alle, noko premieringsoversikta under syner:

 

 

 

1. gong: Bronsemedalje

5. gong: Sølvmedalje

10. gong: Gullmedalje

15. gong: Elitestaup

20. gong: Endå eit staup

25. gong: ???

For å sjå kor mange gonger du og alle andre har gått marsjen kan du klikka HER for å få ei fullstendig oversikt.

Fogn IL ynskjer nye og tidlegare deltakarar velkommen til ein vonleg fin søndagstur rundt øya!