Cupeventyret over før det byrja...

Fogn - Tasta: 2-8 (2-3). Det såg svært lyst ut etter at både Jakob Bø og Trond Arne Borgemyr sette sine straffar før kampstart, slik at Fogn hadde to mål å gå på då dommaren blåste det heile i gong. Diverre var det sju mål for lite til å hamla opp med eit sterkt Tasta-lag.

På førehand var det venta ein hakket jevnare kamp, i og med at Fogn ofte gjer det godt på heimebane. Når Tasta kom med toppa mannskap, og hadde fått trent seg på naturgras mot Forsand i førre seriekamp, vart det aldri den heilt store spenninga i kampen. Det var tydeleg at dette var Fogns første graskamp for året, og Tastaspelarane virka til å vera mest komfortable på det, til april å vere, særs grønne graset. Når Fogn i tillegg gav vekk 3-4 mål på nokså stygge feil, var det liten tvil om kva for eit lag som skulle få lov til å gå inn i 1. runde i Rogalandscupen, og møte Hinna.

På den positive sida stilte Fogn med ein stor tropp med både unge og eldre spelarar. Fleire spelte sin første kamp for året, og Tobias Sunde fekk sin heimedebut som innbyttar. I tillegg var det fleire som meinte at det eigentleg var bra at dette braktapet kom i dag, så "vakna" spelarane litt til liv før den viktige seriestarten mot Finnøy, mandag 28. april (bortebane på Leikvoll)...

Fogn sitt lag:

Trond Egil - Pål Rune - Ivar - Olav - Martin - Rolf - Johannes - Sergej - Jakob - Håvard - Trond Arne

Benytta innbyttarar:

Kristoffer - Ørjan - Harald - Tobias - Jon

Nokre bilete frå kampen:

Årets første kamp på Fogn Stadion!

Etter fleire månadars venting er det endeleg den tida på året igjen, då Fogn sitt A-lag i fotball får på seg den blå drakta og kjemper for siger på heimebane! Årets første heimekamp er ein kvalifiseringsrunde til Rogalandscupen, og det er 5. divisjonslaget Tasta som står på motsett banehalvdel. Dette kan kanskje høyrast ut som "lett match" for bortelaget, som ligg to divisjonar over Fogn, men det er mange grunnar til at det ikkje nødvendigvis vert ein klar B på kupongen:

  • Fogn gjorde det svært godt på heimebane i fjor, og tapte aldri med meir enn eit mål på eige gras.
  • Dei to divisjonane som skiljer laga, gjer at Fogn får to straffspark før kampstart. Moglegheiten er altså til stades for ein "flying start".
  • Graset ser kanskje flott ut, men det er ein nokså humpete bane i april. Forskjellen er at Fogn har trent på matta 2-3 gonger alt...
  • Bruset frå heimepublikummet plar å gjere sjølv den mest frykta motstandar nokså overkommeleg for gutane i mørkeblått, og vi har ingen grunn til å tru at dette ikkje skjer også torsdag.

Kampen vert sparka i gong torsdag 23. april klokka 18.50, og skal du få med deg dei to straffesparka og all dramatikken må du ikkje kome eit sekund etter dette!

Det er som vanleg gratis å sjå på A-laget sine kampar, så her bør det bli mykje folk!

Og vinnaren er...

Under påskebasaren til Fogn IL i går, arrangerte Grendalaget ein aldri så liten konkurranse der vinnaren ville få ei korg med produkter frå Fogn. Alle som "lika" Fogn.org på Facebook og stemte på grillplassen i Skinnvigå var med i trekningen, som vart gjennomført like etter midnatt på påskeaften. Vinnaren vart Ellen Bryne, som held til i ei av hyttene ovafor Eidsvåg i påsken. Basargeneral Øyvind Sandanger og Grendalagsleiar Kristoffer Østhus tok turen ned til Ellen i dag, for å fortelje ho at ho hadde vunne og overrekke korga med tomater og egg frå Fogn. Sjå korleis det heile gjekk føre seg i videoen under!


Sol, stemning og salsrekord!

RL-basar 2.jpg

Med sol frå skyfri himmel, ein heil haug med folk og skikkeleg påskestemning utafor butikken, arrangerte Fogn IL sin årlege basar på påskeafta. Salet starta alt på onsdag, då loddselgarane gjekk frå dør til dør og selde for omlag 30 000 kroner, noko som gjorde at "basarnestorane" hadde godt håp om ny inntektsrekord. I fjor sette nemleg idrettslaget ny rekord på rett over 60 000 kroner, og då fekk dei ikkje inn så mykje pengar på onsdagssalet. 

På laurdag starta dei opp alt klokka ni med loddsal, i tillegg til gratis kake, lappar og kaffi. Det var sett opp mange bord på utsida av butikken, slik at folk kunne nyta dagen der i solskinet, noko fleire nytta høve til. Like før trekningen, som skulle vere klokka 14.00, var det litt program frå "scena" (ein traktortilhengjar". Idrettslagets leiar, Heidi Bø Sangedal informerte litt frå idrettslaget sine aktivitetar, Basargeneral Øyvind Sandanger snakka litt om Fogn.org, og born frå oppvekstsenteret deltok med både song og dans!

Sjølve trekninga vart gjennomført utan den største dramatikken, og dei mange gevinstane såg ut til å bli godt fordelt i folkemassen, som no var samla på parkeringsplassen. Og sluttresultatet til idrettslaget? Ny rekord også dette året: 72 000 kroner!

Sjå fleire bilete i serien under. 

Tekst: Håvard Østhus, Foto: Karl Fredrik Måland/Håvard Østhus

Det skjer på Fogn i påsken!

Under er ei oversikt over mykje av det som skjer på Fogn i påsken. I tillegg har idrettslaget diverse treningstilbod, sjå kalenderen her på Fogn.org. Dersom det kjem endringar i dei oppsette arrangementa vil også dette kunngjerast på nettsida.

 

Onsdag 16. april - Loddsal på dørene frå kl. 18.00

Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til basaren på påskeaften. Hugs å ta ut kontanter, då dei ikkje tek kort…

Arr: Idrettslaget

 

Torsdag 17. april - Nattverdmøte på bedehuset kl. 11.00

Skjærtorsdagsmøte ved Håvard Østhus. I tillegg til nattverd vert det andakt, song og vitnesbyrd.

Arr: Bedehusforeningen

 

Torsdag 17. april - Fellestur til Sulsøy kl. 14.00. NB! Denne turen er flytta til 1. påskedag klokka 14.00 pga dårlege vèrmeldingar...

Oppmøte og parkering ved Olav og Anne May Hovda. På turen, som passar for alle, vert det quiz, frukt og eggkoking. 

Arr: Helselaget, Speidaren og Idrettslaget

 

Fredag 18. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 10.30

Langfredagsgudsteneste ved Anders Kvalevåg. Song ved June Hovda. 

Takkoffer til Opne dører.

 

Laurdag 19. april - Basar ved butikken kl. 09.00-15.00

Idrettslagets tradisjonsrike påskebasar. Dei sel lodd og gir ut gratis lappar frå klokka 09.00-14.00. Trekning av mange flotte gevinstar klokka 14.00.

Arr: Idrettslaget

 

Søndag 20. april - Høgtidsmøte på bedehuset kl. 11.00

1. Påskedagsmøte ved Marit og Leif Thingbø med vener frå Kenya. Song ved June Hovda. Kollekt til NLM sitt arbeid.

Arr: Fogn Misjonslag (NLM)

 

Søndag 20. april - Gudsteneste i kyrkja kl. 18.30

1. Påskedagsgudsteneste ved Terje Engstrøm. Song ved Fognakoret. Nattverd. Takkoffer til misjonsprosjektet.

 

Hjarteleg velkomen på alt til både fastbuande og besøkjande!