Rekordstor jentelagsbasar?

Jentelagsbasaren på "palmefredag" var sannsynlegvis rekordstor på fleire måtar. Det kom så mykje folk at ein måtte ha mange rader inn i "litlesalen" på bedehuset, og det vart solgt lodd for over 28 000 kroner! I møtedelen fekk dei frammøtte høyre andakt av Lars Skjæveland frå NLM Region sør-vest. Lars er også kjent som "ballongmannen", og han skuffa ikkje ungane denne gongen heller! Her var det både ballongtriks, ballongdyr og ballonggitar (!), i samband med andakta han hadde. I tillegg song barnekoret tøfFOGNnådig av full hals på ein flott måte!

Som vanleg var det livleg i spise- og trekningsdelen av basaren. Samstundes virka det kanskje som om ungane var litt roligare enn vanleg på grunn av stor spenning knytta til kveldens hovudgevinst, ein iPad mini! Om dette var grunnen til at det kom inn så mykje pengar til NLM sitt misjonsarbeid er vanskeleg å seie. Det som er sikkert er at både iPaden og alle dei andre gevinstane hadde fått bein å gå på når kvelden var omme, og siste linje av "Med Jesus vil eg fara" var sunge...

Under er nokre bilete frå den rekordstore basaren!


Flott påsketur!

Fredag før palmesøndag tok, tradisjon tru, heile Fogn oppvekstsenter ut på påsketur! Som tidlegare år var destinasjonen uteplassen bak Rasmus sitt drivhus, der sporleik, grilling av pølser, koking av egg, songstund og fri leik sto på programmet. Etter særs sprikande vèrmeldingar i forkant, var det gledeleg å sjå sola i store deler av dei tre timane turen varte! No er det altså påskeferie for skuleungane, medan barnehagen tek ferie frå onsdag 16. april.

Under er ein fyldig bildeserie frå den flotte turen! 

Rapport frå årsmøtet i grendalaget

Kristoffer Østhus (t.v.) overtok som formann etter Jostein Østhus på årsmøtet i grendalaget.

Kristoffer Østhus (t.v.) overtok som formann etter Jostein Østhus på årsmøtet i grendalaget.

Torsdag 10. april var det årsmøte i Fogn grendalag på oppvekstsenteret. I underkant av 30 personar møtte opp og fekk høyre eit interessant foredrag om fellesskap av danske Povl Nørgaard frå prosjektet Livleg Engasjement. Deretter var det tid for gryterett, ris og salat, før ein gjekk laus på sjølve årsmøtet.

Leiar i grendalaget, Jostein Østhus, las opp årsmeldinga før Malvin Sandanger orienterte frå kulturgruppa og Håvard Østhus fortalte om siste nytt frå Fogn.org. Merethe M. Kindingstad presenterte rekneskapen, før Mari-Anne Runestad leia val av nytt styre, varamedlemmar og leiar. Alle val vart gjennomført ved akklamasjon, og gav dette resultatet:

Kristoffer Østhus (leiar, vald inn i styret i 2014)
Arnstein Bøe (vald i 2014)
Janne Aano Bø (vald i 2014)
Joar Sandanger (vald i 2014)
Bjarne Bøe (vald i 2013)
Merethe M. Kindingstad (vald i 2013)
Mari-Anne Runestad (vald i 2013)
Johannes Hovda jr (1. varamedlem)
Kathrine Flesjå (2. varamedlem)

Til slutt vart kvelden avslutta med ei aldri så lita utlodning til inntekt for grendalaget.


JentelagsBASAR på fredag!

Fredag 11. april inviterer Jentelaget til basar kl. 18.00 på bedehuset!

  • Lars Skjæveland (ballongmannen...) fortel frå Bibelen
  • TØFF OG NÅDIG syng
  • Kaffi, saft og boller blir servert
  • Mange flotte gevinstar som bla. leiker, fruktkorger, iPad mini, snop, pledd og ikkje minst handarbeid laga av jentene sjølv.

På bileta under ser de nokre flotte egg jentene har tova.

Alle er hjarteleg velkomne!

Helsing leiarane i Jentelaget 

(Tekst/Foto: Janne Aano Bø)

Snøhetta-grill til Skinnvigå?

I fjor vart stien ned til Skinnvigå rydda, slik at den flotte badeplassen vart meir tilgjengeleg for folk flest. No kan plassen bli ennå flottare, då Gilde vil gi vekk 30 grillar designa av Snøhetta, altså dei som designa Operaen i Oslo. Ein av desse grillane kan hamne i Skinnvigå, dersom vi får nok stemmer til å bli blant dei 100 plassene med flest stemmer. Deretter er det ein jury som vil avgjere kva for nokre av dei 100 plassene som får ein grill kvar. Så her er det altså berre å hiva seg rundt å stemma ved å klikka HER.

Og berre slik at det er sagt: Dette er klarert med grunneigar...

Takk til Arnstein Bøe som tipsa oss om Gilde sin konkurranse!