Snøhetta-grill til Skinnvigå?

I fjor vart stien ned til Skinnvigå rydda, slik at den flotte badeplassen vart meir tilgjengeleg for folk flest. No kan plassen bli ennå flottare, då Gilde vil gi vekk 30 grillar designa av Snøhetta, altså dei som designa Operaen i Oslo. Ein av desse grillane kan hamne i Skinnvigå, dersom vi får nok stemmer til å bli blant dei 100 plassene med flest stemmer. Deretter er det ein jury som vil avgjere kva for nokre av dei 100 plassene som får ein grill kvar. Så her er det altså berre å hiva seg rundt å stemma ved å klikka HER.

Og berre slik at det er sagt: Dette er klarert med grunneigar...

Takk til Arnstein Bøe som tipsa oss om Gilde sin konkurranse!

Nei, dei kjem ikkje...

aprilsnarr.png

I går kunne vi melde om at Ylvis kom for å ha konsert, eller rettare sagt varme opp til konsert i Erås museum til hausten. Dei fleste forsto nok at dette ikkje var tilfelle, sjølv om vi fekk eindel spørsmål om billettar frå både fjernt og nært. Det verka tydeleg at nokre av dei som tok kontakt hadde forstått at dette måtte vere ein aprilsnarr, men det var og dei som brukte kontaktskjemaet på ein såpass "seriøs" måte at ein må rekna med at dei gjekk fem på... 

Sjølv om Ylvis ikkje kjem denne gongen, kan vi tilby ein nokså god erstatning til dei som no sit både såra og vonbrotne attende. Det er nemleg to gutar frå Fogn som har spelt inn, og lagt ut, ein song på melodien til Ylvishiten "The Fox". Kristian og Jørgen, som går i 5. og 6. klasse, har gjort dette heilt på eiga hand, noko som må seiast å vera imponerande. 


Ja, dei kjem!

Det har etterkvart vorte tradisjon med ein eller fleire kulturkonsertar i Erås museum kvar haust. Fleire store artistar har vore innom, og mange meinte nok at kulturgeneral Malvin Sandanger toppa det heile då han i fjor haust fekk ordna til utekonsert der 3000 år gamle bronselurar sørga for magisk stemning. Men det kan sjå ut som om Malvin har fleire ess i ermet, for no kan han melde om at sjølvaste Ylvis-brørne kjem for å ha konsert denne hausten! Fogn.org høyrde først berre lause rykter om denne "storfangsten", og måtte kontakte Malvin direkte for å høyre om dette faktisk stemte eller ikkje. 

"Jog... du har høyrt ryktene ja... Eg kan bekrefta at Ylvisgutane kjem til hausten. Ein dato er ikkje heilt på plass enno, men eg har fått lovnadar om at dei kjem til å prioritera kulturkonsert på Erås" seier Malvin engasjert når Fogn.org ringer han mandag kveld. Underteikna får jo mildt sagt hakeslepp av denne "bomba", men får i alle fall stotra fram nokre ord om at Malvin må fortelje meir om bakgrunnen for dette...

"No skal du høyre... Eg tenkte at vi måtte gjere noko ekstra spesielt i år, sidan det er 200-årsjubileum for grunnlova og greier. No har vi jo ingen Asgaut Regelstad eller andre Eidsvollmenn å vise til på Fogn, men vi har historisk sett ei sterk tilknytning til reven. Det er ikkje utan grunn at Fognbuen har fått kallenamnet Fognarevar, for å seie det slik. Så kjem altså desse Ylvisgutane og lurer på kva reven seier, noko som gjer at dei vert verdsstjerner over natta. Då la eg nærmast berre saman to og to, og tenkte "sulede": Vi veit kva reven seier, og vi ville ha eit stort trekkplaster til årets kulturkonsert. Dei ser ut til å ha eit narraleg stort namn, og dei lurer på kva reven seier. Så då var det berre for meg å booka dei inn."

Men korleis i all verda klarte du å få tak i Ylvis? Det kan ikkje vera berre lett?

"Nei, det skulle ein kanskje ikkje tru. Men eg spelte faktisk trekkspel i ei gruppe som heitte "Stjernegata" før i tida. Gruppa vart ikkje spesielt kjent før eg slutta, og dei oversette namnet til engelsk: "Stargate". Det er denne gjengen som står bak videoen til "Revesongen", som eg liker å kalla han. Eg har fleire av dei som vener på Facebook, og kontakta dei der med tanke på å få til noko til hausten. Nokre dagar seinare var det i boks, så no gler eg meg veldig til å treffa gutane og få prata med dei!

Dette må kosta frykteleg mykje!

"Sei ikkje det. Avtalen er at eg skal fortelja dei kva reven faktisk seier, i tillegg til at dei skal få saupkaker, is og varme bjørnebær. I tillegg høyrer det med til historia at dei sannsynlegvis kjem til å ha konsert saman med Jonny Mydland, som har vore her mange gonger før. Då er det berre rett og rimeleg at Ylvis, som er nye i "kulturkonsertsamanheng", fungerer som oppvarmar for Jonny Mydland med venner. Og oppvarmarar kan nok ikkje rekna med dei feitaste honnorara, for å seie det slik...

Nei, dette... Så no er det berre å sjå fram til hausten for alle Ylvisfans?

"Tja... No har vi jo ikkje all verdas kapasitet i løa på museet, der vi kjem til å ha konserten. Kapasiteten er på ca. 40 personar, og då må nok 8-10 stk sitte på hemsen. Når vi i tillegg veit at Jonny Mydland med venner plar å vere ca. 15 stk med stort og smått, ja, då gjeld det å vere raskt ute med å bestille billett til konserten. Det kan de gjere ved å ringe meg på mobil 934 22 191, eller så fikser du sikkert noko kontaktgreier på Fogn.org..."

Som ein forstår må ein vere kjapt ute for å få med seg dette som må kunne seiast å vere ei av dei større hendingane i løpet av hausten 2014 på denne delen av Fogn. Dei som vil reserverer plass på konserten kan altså anten ringe/tekste Malvin på 934 22 191 eller fylle ut skjemaet under og klikke "Send inn".


Send oss ditt bilete av sikre vårteikn!

Dette biletet vart knipsa på laurdag. Foto: Håvard Østhus

Dette biletet vart knipsa på laurdag. Foto: Håvard Østhus

Vi er straks ferdige med månaden mars, og våren er så definitivt over oss. På laurdag høyrde vi plenklipparar somme stadar på Fogn, vi ser dei første lamma som er ute og går og trea skyt knoppar. Når vi i tillegg stilte klokka i helga, vert dagane lysare og lengre, og det er gode forhold for å knipse eit bilete og tre av ulike vårteikn. 

Send inn ditt/dine bilete til Fogn.org via mail (fogngrendalag@gmail.com), telefon (93445913) eller Instagram (@fognorg), så vil vi lage til ein serie med bilete av sikre vårteikn frå Fogn! Serien vert publisert og oppdatert utover våren her på Fogn.org!