Flotte bilete frå søndagstur!

Det var ein god gjeng på om lag 60 stk store og små, som møtte opp til månadens søndagstur i regi av idrettslaget. Trasé og mål denne gong var: start ved kyrkja, bilveg til og forbi familien Hovda Rørheim sitt fjos, så Stavnes via Bøvågen. Det var ein fin tur, der regnbygene streifa beskjedent forbi utan å gjere for mykje ut av seg. Solgløtt mellom kalde vindkast gjorde godt. Den nye bålpanna, gitt av Felleskjøpet, vart innvia, og gjorde òg nytten som varmespreiar til kalde nevar og lår.

Under ser du nokre fine bilete frå turen!

(Tekst og foto: Janne Aano Bø)

Rekordoppmøte på årsmøte i Fogn IL?

Ida og Karianne var instruktørar på den eine songen då barnezumbagjengen viste seg fram på årsmøtet.

Ida og Karianne var instruktørar på den eine songen då barnezumbagjengen viste seg fram på årsmøtet.

Om det er rekord eller ikkje veit ikkje vi, men det var i alle fall over 100 personar på årsmøtet/årsfesten i Fogn IL, fredag kveld! Alle aldrar var representerte, og dei frammøtte fekk mellom anna med seg rapportar frå dei ulike aktivitetane i idrettslaget, utdeling av vandrepokalar etter Fognameisterskapet, ein synleg takk til trenarar og deltakarar i barneidretten, barnezumbaframsyning (biletet), utlodning og pizza, is og kaffi. I tillegg var det rigga til ein aldri så liten kinosal i naborommet, slik at dei yngre borna kunne ha ein plass å trekke seg tilbake når årsmelding, rekneskap og val vart litt for kjedeleg. Val av både styre, varamedlemmer, leiar og revisor gjekk strengt tatt nokså fort, då alt skjedde ved akklamasjon. Det vart ingen utskiftningar i styret, og Heidi Bø held fram som formann i minst eit år til. 

Vandrepokalane gjekk dette året til to 2. klassingar, nemleg Angelika og Josef. Angelika hoppa 1,71 m i lengde, og Josef presterte 10,8 sek på 60 meteren, noko som holdt til at begge fekk sine namn gravert inn på pokalane. 

Under er ein fyldig bildeserie frå mykje av det som skjedde denne kvelden:

Vel gjennomført KOM-prosjekt av 7. klasse!

KOM 2014.jpg

Torsdag kveld var det premiere på årets KOM-prosjekt i kulturstova. KOM-prosjektet er ein musikal med elevane frå 7. klasse i heile Finnøy kommune. Prosjektet har etterkvart lange tradisjonar, og er ein god arena der elevane får vist seg fram, og bind band til kvarandre uavhengig av kva øy ein kjem frå. 

Årets musikal hadde tittelen "Vinn eller forsvinn" og handla om eit TV-program i "Idol"-stil som kom til Finnøy for å ha audition. Mange prøvde lykka, men kom ikkje vidare i programmet. Ei av dei få som faktisk kom vidare, var Marit, som dei fleste meinte song nokså falskt. Det viste seg at TV-selskapet såg for seg å nytte Marit sine dårlege prestasjonar til å lokke sjåarar til skjermen, for å få meir reklameinntekter. Dette gjorde at venene til Marit måtte stille seg sjølv eindel spørsmål knytta til det etiske perspektivet i situasjonen. Kva er det eigentleg som betyr noko her i livet? Er det greit å vere med i ein slik konkurranse, eller skal ein berre forsvinna? 

I tillegg til premierekvelden, som fylte opp kulturstova til randen, gjennomførte 7. klasse to førestillingar til i løpet av fredagen, då skular og bornehagar i kommunen fekk kome å sjå kva dei hadde fått til. Resultatet var imponerande, særleg når ein tenkjer på at elevane har gjort størstedelen av arbeidet den siste veka, og så må vi ikkje gløyme at det er 12-13-åringar det er snakk om her!

Dei ni sjuendeklassingane frå Fogn deltok i aller høgaste grad til å gjere musikalen så god som den vart! Dei imponerte med skodespelarprestasjonar, songframføringar, pianospel, kulisseproduksjon og fleire andre små og store oppgåver! Fogn.org fekk snakka med fleire av elevane frå Fogn etter at det heile var over, og konklusjonen var einstemmig: Dette var knallkjekt!

Snart årsmøte i Fogn IL

Bilete frå "Hopp og sprett".

Bilete frå "Hopp og sprett".

Fredag 21. mars klokka 18.00 er det igjen klart for årsmøte/årsfest i Fogn IL på oppvekstsenteret. Programmet er i korte trekk:

  • Utdeling av vandrepokalar frå Fognameisterskapet 2013
  • Jon Asgaut Flesjå, leiar av Finnøy idrettsråd blir med
  • Informasjon frå dei ulike aktivitetane
  • Pizza, is og kaffi
  • Utlodning. Vi tek gjerne imot gevinstar
  • Årsmøtesaker
    • Godkjenning av årsmelding (klikk HER for å lese årsmeldinga) og rekneskap
    • Val av nytt styre (kandidatar er spurde på førehand)
    • Ymse

Vel møtt til store og små!

Fleire debutantar i A-lagets første treningskamp

Forus og Gausel 2 - Fogn: 6-2 (3-0). At Fogn tapte kampen mot Forus og Gausel tysdag kveld, var ikkje på akkurat noko stor bombe. Fleire av fognaspelarane hadde til gode å spele fotball utandørs i 2014, i tillegg til at fleire av dei nokså faste spelarane hadde meldt forfall til årets første treningskamp. På den gledelege sida var det heile tre debutantar med i troppen, og både Vadim, Tobias og Asbjørn fekk vist at dei kan vera med og bidra til gode opplevingar på og rundt A-laget i sesongen som ligg framfor! Vi fekk ikkje knipsa eit bilete av Asbjørn før han forsvant ut av garderobedøra, men heldigvis poserte Vadim og Tobias villig på ferjeturen heim etter kampen...

Sjølve kampen var eigentleg jamnare enn resultatet, særleg til pause, kunne vitne om. Forus og Gausel var nok hakket betre enn Fogn, men dei skapte ikkje veldig mange sjansar utanom dei som førte til tellande resultat i målprotokollen. I andre omgang skåra Fogn to mål ved spissane Trond Arne og Håvard, men diverre netta heimelaget dobbelt så mange gonger, slik at sluttresultatet vart nokså klare 6-2. 

Dei siste åra har det ikkje vorte mange treningskampar for Fogn sin del. Difor var spelarane godt nøgde berre med å ha gjennomført tysdagens kamp, i tillegg til at ny kamp (mot Buøy 2) går av stabelen 18. mars. Når ein i også høyrer rykter om at nokså store stjerner vurderer å signere for Fogn IL i næraste framtid, kan ein ikkje vere anna enn optimistisk inn mot seriestarten mot Finnøy i slutten av april.

PS! Evigunge Kristoffer Runestad gjorde comeback i denne kampen, etter å ha vore utlånt til diverse klubbar i og rundt hovudstaden dei siste åra. Det vart eit gledeleg gjensyn med lynvingen, som ikkje ser ut til å ha teke nemneverdig skade av utlånsoppholdet.

 

Fogns lag: 

Trond Egil, Harald, Ivar, Vadim, Martin, Lars Olav, Jakob, Håvard, Ørjan, Sergej, Trond Arne

Benytta reservar: Asbjørn, Kristoffer, Rolf, Tobias

Ein nokså fuktig fredag...

Ein ny bekk pressa seg fram på ferjekaien.

Ein ny bekk pressa seg fram på ferjekaien.

Fredag 7. mars 2014 går inn i historiebøkene som ein av dei fuktigare dagane på Fogn. Det var meldt mykje regn, og dette slo så absolutt til. Gjennom heile natta regna det så mykje, at pendlarane som skulle reise med hurtigbåten klokka 06.20 måtte vassa i omlag 15 cm djupt vatn over heile kaien. Og regnet gav seg ikkje. Her vart mange midlertidige dammar og bekkar, som etterkvart minna meir om innsjøar og elver. I tillegg til å ha knipsa nokre bilete sjølv, har vi fått tilsendt ein video frå Øyvind Sandanger og eindel bilete frå Jørgen Bø jr. På denne måten kan vi dele nokre bevis på at det faktisk var så gale som folk kjem til å snakka om i tida framover... Sjå både bilete og video under!