Send oss ditt bilete av sikre vårteikn!

Dette biletet vart knipsa på laurdag. Foto: Håvard Østhus

Dette biletet vart knipsa på laurdag. Foto: Håvard Østhus

Vi er straks ferdige med månaden mars, og våren er så definitivt over oss. På laurdag høyrde vi plenklipparar somme stadar på Fogn, vi ser dei første lamma som er ute og går og trea skyt knoppar. Når vi i tillegg stilte klokka i helga, vert dagane lysare og lengre, og det er gode forhold for å knipse eit bilete og tre av ulike vårteikn. 

Send inn ditt/dine bilete til Fogn.org via mail (fogngrendalag@gmail.com), telefon (93445913) eller Instagram (@fognorg), så vil vi lage til ein serie med bilete av sikre vårteikn frå Fogn! Serien vert publisert og oppdatert utover våren her på Fogn.org!

Flotte bilete frå søndagstur!

Det var ein god gjeng på om lag 60 stk store og små, som møtte opp til månadens søndagstur i regi av idrettslaget. Trasé og mål denne gong var: start ved kyrkja, bilveg til og forbi familien Hovda Rørheim sitt fjos, så Stavnes via Bøvågen. Det var ein fin tur, der regnbygene streifa beskjedent forbi utan å gjere for mykje ut av seg. Solgløtt mellom kalde vindkast gjorde godt. Den nye bålpanna, gitt av Felleskjøpet, vart innvia, og gjorde òg nytten som varmespreiar til kalde nevar og lår.

Under ser du nokre fine bilete frå turen!

(Tekst og foto: Janne Aano Bø)

Rekordoppmøte på årsmøte i Fogn IL?

Ida og Karianne var instruktørar på den eine songen då barnezumbagjengen viste seg fram på årsmøtet.

Ida og Karianne var instruktørar på den eine songen då barnezumbagjengen viste seg fram på årsmøtet.

Om det er rekord eller ikkje veit ikkje vi, men det var i alle fall over 100 personar på årsmøtet/årsfesten i Fogn IL, fredag kveld! Alle aldrar var representerte, og dei frammøtte fekk mellom anna med seg rapportar frå dei ulike aktivitetane i idrettslaget, utdeling av vandrepokalar etter Fognameisterskapet, ein synleg takk til trenarar og deltakarar i barneidretten, barnezumbaframsyning (biletet), utlodning og pizza, is og kaffi. I tillegg var det rigga til ein aldri så liten kinosal i naborommet, slik at dei yngre borna kunne ha ein plass å trekke seg tilbake når årsmelding, rekneskap og val vart litt for kjedeleg. Val av både styre, varamedlemmer, leiar og revisor gjekk strengt tatt nokså fort, då alt skjedde ved akklamasjon. Det vart ingen utskiftningar i styret, og Heidi Bø held fram som formann i minst eit år til. 

Vandrepokalane gjekk dette året til to 2. klassingar, nemleg Angelika og Josef. Angelika hoppa 1,71 m i lengde, og Josef presterte 10,8 sek på 60 meteren, noko som holdt til at begge fekk sine namn gravert inn på pokalane. 

Under er ein fyldig bildeserie frå mykje av det som skjedde denne kvelden:

Vel gjennomført KOM-prosjekt av 7. klasse!

KOM 2014.jpg

Torsdag kveld var det premiere på årets KOM-prosjekt i kulturstova. KOM-prosjektet er ein musikal med elevane frå 7. klasse i heile Finnøy kommune. Prosjektet har etterkvart lange tradisjonar, og er ein god arena der elevane får vist seg fram, og bind band til kvarandre uavhengig av kva øy ein kjem frå. 

Årets musikal hadde tittelen "Vinn eller forsvinn" og handla om eit TV-program i "Idol"-stil som kom til Finnøy for å ha audition. Mange prøvde lykka, men kom ikkje vidare i programmet. Ei av dei få som faktisk kom vidare, var Marit, som dei fleste meinte song nokså falskt. Det viste seg at TV-selskapet såg for seg å nytte Marit sine dårlege prestasjonar til å lokke sjåarar til skjermen, for å få meir reklameinntekter. Dette gjorde at venene til Marit måtte stille seg sjølv eindel spørsmål knytta til det etiske perspektivet i situasjonen. Kva er det eigentleg som betyr noko her i livet? Er det greit å vere med i ein slik konkurranse, eller skal ein berre forsvinna? 

I tillegg til premierekvelden, som fylte opp kulturstova til randen, gjennomførte 7. klasse to førestillingar til i løpet av fredagen, då skular og bornehagar i kommunen fekk kome å sjå kva dei hadde fått til. Resultatet var imponerande, særleg når ein tenkjer på at elevane har gjort størstedelen av arbeidet den siste veka, og så må vi ikkje gløyme at det er 12-13-åringar det er snakk om her!

Dei ni sjuendeklassingane frå Fogn deltok i aller høgaste grad til å gjere musikalen så god som den vart! Dei imponerte med skodespelarprestasjonar, songframføringar, pianospel, kulisseproduksjon og fleire andre små og store oppgåver! Fogn.org fekk snakka med fleire av elevane frå Fogn etter at det heile var over, og konklusjonen var einstemmig: Dette var knallkjekt!

Snart årsmøte i Fogn IL

Bilete frå "Hopp og sprett".

Bilete frå "Hopp og sprett".

Fredag 21. mars klokka 18.00 er det igjen klart for årsmøte/årsfest i Fogn IL på oppvekstsenteret. Programmet er i korte trekk:

  • Utdeling av vandrepokalar frå Fognameisterskapet 2013
  • Jon Asgaut Flesjå, leiar av Finnøy idrettsråd blir med
  • Informasjon frå dei ulike aktivitetane
  • Pizza, is og kaffi
  • Utlodning. Vi tek gjerne imot gevinstar
  • Årsmøtesaker
    • Godkjenning av årsmelding (klikk HER for å lese årsmeldinga) og rekneskap
    • Val av nytt styre (kandidatar er spurde på førehand)
    • Ymse

Vel møtt til store og små!