Fleire debutantar i A-lagets første treningskamp

Forus og Gausel 2 - Fogn: 6-2 (3-0). At Fogn tapte kampen mot Forus og Gausel tysdag kveld, var ikkje på akkurat noko stor bombe. Fleire av fognaspelarane hadde til gode å spele fotball utandørs i 2014, i tillegg til at fleire av dei nokså faste spelarane hadde meldt forfall til årets første treningskamp. På den gledelege sida var det heile tre debutantar med i troppen, og både Vadim, Tobias og Asbjørn fekk vist at dei kan vera med og bidra til gode opplevingar på og rundt A-laget i sesongen som ligg framfor! Vi fekk ikkje knipsa eit bilete av Asbjørn før han forsvant ut av garderobedøra, men heldigvis poserte Vadim og Tobias villig på ferjeturen heim etter kampen...

Sjølve kampen var eigentleg jamnare enn resultatet, særleg til pause, kunne vitne om. Forus og Gausel var nok hakket betre enn Fogn, men dei skapte ikkje veldig mange sjansar utanom dei som førte til tellande resultat i målprotokollen. I andre omgang skåra Fogn to mål ved spissane Trond Arne og Håvard, men diverre netta heimelaget dobbelt så mange gonger, slik at sluttresultatet vart nokså klare 6-2. 

Dei siste åra har det ikkje vorte mange treningskampar for Fogn sin del. Difor var spelarane godt nøgde berre med å ha gjennomført tysdagens kamp, i tillegg til at ny kamp (mot Buøy 2) går av stabelen 18. mars. Når ein i også høyrer rykter om at nokså store stjerner vurderer å signere for Fogn IL i næraste framtid, kan ein ikkje vere anna enn optimistisk inn mot seriestarten mot Finnøy i slutten av april.

PS! Evigunge Kristoffer Runestad gjorde comeback i denne kampen, etter å ha vore utlånt til diverse klubbar i og rundt hovudstaden dei siste åra. Det vart eit gledeleg gjensyn med lynvingen, som ikkje ser ut til å ha teke nemneverdig skade av utlånsoppholdet.

 

Fogns lag: 

Trond Egil, Harald, Ivar, Vadim, Martin, Lars Olav, Jakob, Håvard, Ørjan, Sergej, Trond Arne

Benytta reservar: Asbjørn, Kristoffer, Rolf, Tobias

Ein nokså fuktig fredag...

Ein ny bekk pressa seg fram på ferjekaien.

Ein ny bekk pressa seg fram på ferjekaien.

Fredag 7. mars 2014 går inn i historiebøkene som ein av dei fuktigare dagane på Fogn. Det var meldt mykje regn, og dette slo så absolutt til. Gjennom heile natta regna det så mykje, at pendlarane som skulle reise med hurtigbåten klokka 06.20 måtte vassa i omlag 15 cm djupt vatn over heile kaien. Og regnet gav seg ikkje. Her vart mange midlertidige dammar og bekkar, som etterkvart minna meir om innsjøar og elver. I tillegg til å ha knipsa nokre bilete sjølv, har vi fått tilsendt ein video frå Øyvind Sandanger og eindel bilete frå Jørgen Bø jr. På denne måten kan vi dele nokre bevis på at det faktisk var så gale som folk kjem til å snakka om i tida framover... Sjå både bilete og video under!

Hopp og sprett!

Aktivitet og glede - ein god kombinasjon!

Aktivitet og glede - ein god kombinasjon!

Kvar torsdag ettermiddag er det god gang i gymsalen på Fogn! Då samlar 10-20 born i alderen 0 år - 1. klasse seg til "Hopp og sprett", eller berre "Barnetrimmen", som arrangementet òg vert kalla. Når det i tillegg er ein sosial møtestad for dei føresette, så seier det seg nesten sjølv at dette er liv laga! Vi tok temperaturen på samlinga som gjekk av stabelen den 6. mars, og fann fort ut at det ikkje berre var ungane som fekk høve til hopp og sprett... Her måtte mange vere med å bidra, både som duefangande haukar, fiskespisande haiar, trøystande fredsmeklarar og ikkje minst sterke trekkhestar. Men sjølv om aktivitetsnivået var høgt i heile den timen samlinga varer, vart det tid til litt drøs med dei vaksne som hadde møtt opp. Denne dagen var det Gunhild Grønås som var ansvarleg, men ho kunne fortelje at det var Mallin Sandanger som var primus motor for "Hopp og sprett", der Fogn IL står som arrangør. Kor lenge dei har holdt på med slike samlingar var folk litt usikre på, men det kunne virka som om det har foregått i to periodar over tre år, og så har det vore ein liten pause mellom dei to periodane. Men no er det ingen konkret plan om pause, sjølv om den kanskje største eldsjela, Mallin, ikkje har nokre ungar i den aktuelle alderen etter sommaren. Fleire verkar til å stå klare til å ta over ansvaret for det positive tiltaket, som kanskje er ekstra viktig no for tida, då data, film og TV er med og bidreg til at ungane gjerne sit meir i ro. Det var i alle fall ikkje mange sekunder ungane på "Hopp og sprett" sat i ro, då dei var opptekne med å springe rundt gymsalen, hoppe frå scena, leikeslåss med kvarandre, hoppe tau og ha eit par meir organiserte leiker mot slutten av samlinga. Og då ungane etterkvart gjekk heim, glade og slitne, var det nok fleire godt nøgde føresette som såg fram til lite motstand i prosessen med å få dei unge og håpefulle i seng denne kvelden...

"Hopp og sprett" går av stabelen kvar torsdag klokka 17.00-18.00 fram til påske. Gymsalen er stor, så her er det plass til enno fleire, anten det er fastbuande, eller folk som tek med seg ungane inn til ei langhelg på Fogn!

Under ser de ein heil del bilete frå samlinga den 6. mars:

Saker til årsmøte i Grendalaget?

Formann i grendalaget, Jostein Østhus.

Formann i grendalaget, Jostein Østhus.

Torsdag 10. april vert det årsmøte i Fogn grendalag. I grendalaget sine vedtekter kan vi lese at "På årsmøtet skal laget handsama saker etter foreininga sine vedtekter, samt inkomne forslag frå medlemmar". Desse forslaga skal eigentleg vere sendt inn seinast 1. februar, men sidan årsmøtet er seinare enn vanleg, er fristen i år sett til 10. mars. Forslag kan leverast til leiar Jostein Østhus, anten per post, i handa eller på mail jostein.osthus@finnoy.kommune.no.

Elles kan det nemnast at grendalaget har invitert Povl Nørgaard frå prosjektet "Livleg engasjement" til å kome å ha innlegg på årsmøtet. Nørgaard har alt hatt eit møte med grendalaget og representantar frå næringsliv og frivillige lag og organisasjonar på Fogn. Referat frå dette møtet finn du ved å klikka HER.

Meir informasjon om årsmøtet kjem etterkvart som datoen nærmar seg.

Vert det "heftig potetkø" på Fogn?

Potetbilen på besøk på Sand. Foto: Tor Jørgensen.

Potetbilen på besøk på Sand. Foto: Tor Jørgensen.

Laurdag 1. mars, frå omlag klokka 12.30-13.40, står Potetbilen frå Jæren parkert utanfor Fogn oppvekstsenter. Denne dagen er bilen nemlig på ein aldri så liten "turnè" i Finnøy kommune. Her kan du, i tillegg til ulike sortar poteter, få kjøpt gulrot, kålrot og egg. No er det kanskje ikkje slik at folk spring mann av huse for å kjøpe egg frå Potetbilen her på Fogn, men andre varer kan gjerne fatta interesse. Då Potetbilen var ein tur på Husnes for eit par år sidan, reklamerte dei nemleg med at: «Rivne myrgulrøter (etter behov) med sukker og fløyte, verkar 50% betre enn Viagra».  Om dette er grunnen til at det ofte står ein kø av folk utanfor Potetbilen er uvisst...

Velkommen til handel på laurdag!

Nokre små steg mot 400+ ?

Fogn IL sin påskebasar syner at det er mange som liker seg på Fogn...

Fogn IL sin påskebasar syner at det er mange som liker seg på Fogn...

Fogn grendalag har ein visjon om at det skal bu 400+ innbyggjarar på Fogn. I løpet av 2012 fekk denne visjonen eit aldri så lite "skudd for baugen", då folketalet gjekk ned til 351 personar. Då er det desto meir gledeleg å registrera at det per 01.01.2014 budde 354 personar på Fogn, altså ein oppgang på tre personar. Ser vi i eit litt større perspektiv, så har folketalet på Fogn auka med 7,3% i løpet av dei siste ti åra, frå 330 i 2004 og altså til 354 i 2014. Dersom denne trenden held fram dei neste 10 åra, vil det i 2024 bu omlag 380 personar her, og vi er enno nærare visjonen om 400+. Men dette er jo sjølvsagt berre statistikk. Kven veit? Kanskje vi bikkar 400 lenge før den tid?

Klikk HER for å sjå meir statistikk for både Fogn og resten av kommunen.