Best uten ball

Fogn IL4.jpg

A-laget til Fogn IL er klar for ein ny sesong i 7. divisjon, etter at laget rykka ned dit for to sesongar sidan. Å seie at laget er hardtsatsande vil nok vere å ta litt voldsomt i, dei har ikkje hatt ei einaste fotballtrening ute etter jul. Derimot er det ein gjeng som samlar seg for å trene inne i gymsalen på oppvekstsenteret to gonger i veka, og vi har fått ein liten stemningsrapport frå treninga som var tirsdag denne veka.
Heile 10 spelerar møtte opp til trening, noko som er mange fleire enn dei 6-7 som plar vera fast inventar. "Det er framleis slik at mange av spelarane våre kjem frå Fogn, men bur i Stavanger, så vi er ikkje så mange på trening", fortel spelande trenar Jakob Bø. Men sjølv om dei ikkje er mange, er det nokså høg intensitet på treninga, og ein kan tydeleg sjå at fleire av spelarane har opparbeida seg ein aldri så liten dose kondisjon gjennom vinteren. Dette gjeld ikkje minst duoen Trond Arne Borgemyr og Pål Rune Grønås, som har fått tilsendt skreddarsydd treningsprogram frå ein annan A-lagsveteran, Ole Jakob Kjølvik. "Det er i grunnen ganske mange som trener med tanke på ski, sykkel og maraton, og vi håper jo at dette kan slå positivt ut på fotballbanen også" seier ein optimistisk Jakob Bø i garderobenpraten etter treninga, der stemninga som vanleg er god. "Hovedgrunnen til at eg er med på A-laget, er at kampane våre hamnar midt i leggetida til ungane, så då slepp eg å ta meg av dette dei kveldane" seier Pål Rune kjekt, utan å tenke på at kommentaren kjem på trykk i hovudstadspressa på Finnøy, og på Fogn.org.
Når trenaren får spørsmål om kva tankar dei har for sesongen som ligg føre, må Jakob tenke seg om, før han svarer: "Vi er eigentleg ikkje så opptekne av kor mange poeng vi tek, men kven vi tek dei mot...". Så får heller lesarane tolke den kommentaren som dei vil. Det som i alle fall er sikkert er at Fogn møter Finnøy på bortebane i første seriekamp for sesongen. Ein tøff start for laget som sannsynlegvis ikkje har klart å tromma saman ein einaste treningskamp før seriestarten kjem brått på i april. Så får vi sjå om kondisjonstrening gjer at heile laget berre er "best uten ball", eller om dei faktisk klarer å få kula i nettet mot det som ein gong var storebror, Finnøy.

(Denne saka sto på trykk i Øyposten, fredag 14. februar 2014. Tekst og foto: Håvard Østhus)


Bilete frå konserten med Høiland og Jonassen

Konsert Høiland4.jpg

Onsdag kveld hadde Jan Høiland og Reidar Jonassen konsert i Fogn kyrkje. Det var Fogn grendalag som arrangerte konserten, og mellom 60-70 personar møtte opp for å høyre på dei to eldre, men spreke karane. Fogn.org sin utsending var eigentleg oppteken på andre frontar denne kvelden, og fekk berre eit lite glimt inn i konsertopplevinga, men dette glimtet gav eit godt inntrykk. Forsamlinga kunne gjerne tatt litt meir i då dei vart oppfordra til å syngje med på "Jag trodde englarna fanst", men det kom seg då Reidar Jonassen sa at dei måtte syngje høgare, dei vart jo tekne bilete av... Deretter vart Jan Høiland introdusert, og han fortalte om gamle minner frå Fogn, før han byrja å syngje fleire av dei kjende songane sine. 

Nokre bilete frå konserten ser de under.

OL-tipping, oppdaterte resultater!

Sochi.jpg

Vinter OL 2014 er i gong, og Norge har alt sikra seg ein god dose medaljar! Fogn.org arrangerer tippekonkurranse der deltakarane har tippa beste norske plassering, og beste norske utøvar i alle øvelsar der Noreg er representert. Heile 53 personar har sendt inn sine svar, og vi vil framover oppdatera stillinga mellom alle deltakarane. Etter første OL-dag, er det Halsnøybuen Espen A Halsne som er i leiinga, etter å ha sanka imponerande 32 av 34 mulige poeng. Heile lista over deltakarar i vår konkurranse, deira tips og poeng så langt finn du ved å klikka på lenka under, som vert oppdatert dagleg under OL:

Du kan klikka HER for å sjå heile oversikta!

To "nye" arrangement i kyrkja

Kirkerommet-fremre.JPG_large.jpg

Tysdag 11. og onsdag 12. februar er det to arrangement i kyrkja. Dei har ingenting med kvarandre å gjere, men sidan dei begge går av stabelen i det same bygget, får dei ei felles sak her inne på Fogn.org...


Tysdag 11. februar kl. 18.30 - Medarbeidarsamling

Ansvarskomiteen inviterer alle som har eit friviljug engasjement i Fogn kyrkje til medarbeidarsamling. Samlinga er òg for dei som ynskjer oppgåver knytta til arbeidet i Fogn kyrkje.

Program:
Mat og kaffi, kåseri ved Ottar Sandanger.
Gruppevise samtalar: Vasking, kyrkjekaffi, tekstleserar.
Sokneprest Anders Kvalevåg blir med.
Me avsluttar oppe i kyrkje med ei kort kveldsbønsamling.

På grunn av matbestilling er det fint om de meldar dykk på til Heidi innan 7. februar. Tlf. 47010909.


Onsdag 12. februar kl. 20.00 - Konsert

Konsert med Jan Høiland og Reidar Jonassen (tangentar). Høiland, som er nordmann busett i Sverige, er mest kjent for si framføring av songen "Tio tusen rôda rosor".

Grendalaget står som arrangør, og ynskjer alle hjarteleg velkomne til kyrkja!

Vellukka helselagsmiddag!

Photo 02.02.14 14 11 54.jpg

Søndag 2. februar opna Helselaget sin "restaurant" på Fogn oppvekstsenter, der dei serverte kjøttkaker og steik, i tillegg til kaffi og dessertbord. I løpet av dei to timane dørene var opne, vart heile 130 personar gode og mette, noko som nok er rekord for dette arrangementet! 

Takk til alle som sto på med både matlaging, servering, rydding og oppvask! Takk òg til Janne Aano Bø som knipsa, og sende inn bileta i denne saka!

OL-konkurransen er her!

Northug.jpg

OL er rett rundt hjørnet, og det er på tide å gjere det heile litt meir interessant. OL-tippinga kan bidra til nettopp dette, men det krevst litt innsats. 

På Fogn.org sin tippekonkurranse skal du tippe på alle øvelsane der Noreg har deltakarar. Du skal tippe kva som vert den beste norske plasseringa, og kva for norsk utøvar som gjer det best. Du får 3 poeng for rett utøvar, og 2 poeng om du tipper rett plassering (medalje, 4.-6. plass eller 7. plass el. dårligare). I tillegg får du 3 ekstrapoeng om du tipper nøyaktig rett medalje (gull, sølv eller bronse). 

Noreg har deltakarar i nærare 70 øvelsar, noko som gjer at det kan ta litt tid å fylle ut eit heilt svarskjema til denne konkurransen. Men hugs på at OL er kjekkare for dei som har tippa litt på førehand... 

Frist for å senda inn svar er klokka 23.59, fredag 7. februar.

Klikk her for å kome til skjema der ein fyller inn svar!